Det er ein interessant, men litt merkeleg debatt som no blir rulla ut på Sosiologen, i kjølvatnet av Rogne, Lyngstad og van Hootegem (RLH) sin kronikk om sosial klasse og biologisk arv. Kronikkforfattarane har seinare moderert seg mykje, men held fast på «… at genetikk spiller en viktig rolle, og at dette er noe sosiologiske teorier bør ta høyde for». Korleis teoriane skal endrast eller modifiserast, vil ikkje forfattarane uttala seg om.
Det kan vere verdt å minna om at studien til RLH ikkje har informasjon om genetikk, sjølv om dei prøver å framstilla tvillingstudien sin som om den er «genetisk informert». Og tvillingstudien kan sjølvsagt heller ikkje «forklara» nokon ting som helst. Utgangspunktet for kritikken deira av sosial mobilitet og klasseforsking er derfor ganske tynt.
Men dersom ein først skal ta kritikken for god fisk, så kan det vere interessant å spørje seg kvifor RLH har eit så fundamentalt forskjelleg syn på denne tematikken samanlikna med Flemmen, Hjelbrekke, Lagerspetz, Ljunggren og underteikna. Det er i alle fall to problem som trer fram.
Mangel på fleir-dimensjonal tenking
Manglande evne (eller vilje) til å tenka fleir-dimensjonalt synes å vere første problem. I RLH si verd, verkar det som om alle sosiologiske problemstillingar kan reduserast til ein individ-nivå statistisk samanheng mellom forklaringsvariabel X og utfallsmål Y. Alle ting som kan tenkast å spela ei rolla (uansett kor liten eller stor) og derfor påverka X-Y samanhengen på individnivå, er ein potensiell konfunderande faktor som eigentleg er den viktigaste årsaka til at Y oppstår og vert oppretthalde over tid. Et klassisk tilfelle av omitted variable bias (OVB), altså.
Problemet med å vera fastlåst i denne typen ein-dimensjonal, individ-nivå tankegang, er at alt relasjonelt – eller sosialt, om du vil – blir feid under teppet.
For RLH er genetikk ein klar kandidat til OVB, blant psykologar kan personlegdomstrekk spela same konfunderande rolle, somme pedagogar er opptatt av kognitive ferdigheiter, etc. Problemet med å vera fastlåst i denne typen ein-dimensjonal, individ-nivå tankegang, er at alt relasjonelt – eller sosialt, om du vil – blir feid under teppet. Det er mogleg å argumentera for at sosiologar bør vera opptatt av nettopp det relasjonelle og sosiale.
Jakta på den reine årsaka
Eit anna problem, verkar å vere forståing av årsak-verknad eller kausalforhold. RLH (og mange andre, for den saks skyld) soknar openbart til det kontrafaktiske årsaksparadigmet – X er årsak til Y om og berre om Y ikkje ville skjedd, dersom X ikkje ville skjedd. Det randomiserte kontrollerte forsøket (RCT), der nokon får medisin og andre får placebo (sukkerpiller), er det klassiske eksempelet. Sidan RCT ofte er vanskeleg, eller beint fram umogleg, å gjennomføra i samfunnsvitskaplege studiar, endar ein opp med å jakta på såkalla «eksogene sjokk»: det skjer eit eller anna (ein reform eller ei naturkatastrofe [1], f.eks.) som menneska ein forskar på ikkje kan påverka sjølv.
Genetikk vert dermed «attraktivt» fordi ein ikkje aktivt kan velja sin eigen genetiske utrustning. Men veldig mange – og kanskje til og med dei aller fleste – tema og problemstillingar som sosiologar er opptatt av, er praktisk talt inkompatibelt med det kontrafaktiske paradigmet. Den sosiale verkelegheita er rotete og folk tek val, i samråd med venner og familie, som verkar inn på både tenkeleg og utenkeleg [2] vis.
Oppsummert: dersom ein har ei ein-dimensjonal, individ-nivå forståing av alle forskingsspørsmål, og i tillegg sokner til det kontrafaktiske årsaksparadigmet, er det enkelt (og naturlig) å tre inn på stadig nye forskingsfelt og proklamera at «alle andre har tatt feil». Men det vil ikkje føra til utvikling av ny teori, interessante hypotesar, eller genuint solide og innovative bidrag til den eksisterande litteraturen på feltet. Sosiologiske problemstillingar er dessverre (eller heldigvis) litt meir kompliserte enn som så.
[1] Dersom ein lokaliserer eit slikt sjokk, kan ein bruka kvasi-eksperimentelle metodar (f.eks. difference-in-difference eller regression discontinuity design) til å identifisera eit kausalforhold.
[2] Dette er kanskje meir i tråd med kausalitet som ein generativ prosess, først lansert av Sir David Cox og vidareutvikla av John Goldthorpe. Roy Bhaskar har også vore inne på liknande resonnement.