Søk
Close this search box.

Den sosiologiske offentlighet

Tvilling-inkvisisjon?

Kva kurs meiner Rogne, Lyngstad og van Hootegem at ein snarast mogleg bør sjå til å få lagt ned?

I eit innlegg på Sosiologen gjer Adrian Farner Rogne, Torkild Hovde Lyngstad og Arno van Hootegem (heretter RLH) i røynda krav på å ha falsifisert meir eller mindre samtlege sosiologiske teoriar om, og studiar av samanhengen mellom sosial klasse eller status og sosial mobilitet. Teksten ber vitnemål om at dei er sterke trua, både når det gjeld rekkevidda av eigne funn, og når det gjeld (dei universelt gyldige?) eigenskapane til ACE-modellen (A=additive gener, C=felles («common») miljøfaktorar og E=ikkje-delte miljøfaktorar («unshared environment») + eventuelle målefeil («measurement error»). Denne kan bl.a. estimerast ved hjelp av strukturell likningsmodellering (SEM) (sjå td. Jöreskog 2020, som elles kjem til radikalt ulike resultat når det gjeld genetisk arv av BMI, avhengig av kva modell som vert estimert).

RLH dreg det ein må kunne kalle for djerve konklusjonar, og det nærast utan å reflektere over grensene for sitt eige rammeverk.

RLH dreg det ein må kunne kalle for djerve konklusjonar, og det nærast utan å reflektere over grensene for sitt eige rammeverk. Deira eigne resultat har «noen ganske viktige implikasjoner for sosiologisk klasse- og ulikhetsforskning». Så alvorleg er situasjonen at ein må vurdere om ein i det heile «bør fortsette å undervise i teorier og forskningsresultater om intergenerasjonell reproduksjon som rett og slett er feil eller misvisende».

Med eit slikt krav om ein offentleg gjennomgang av sosiologiundervisninga, og vonleg ikkje berre i Noreg, tek RLH til orde for det det er nærliggande å omtale som ein vitskapleg inkvisisjonsprosess. Men med dette følgjer det også eit krav om å vere tydeleg:

Johs Hjellbrekke er professor i sosiologi ved UiB

– Kva kurs meiner RLH at ein snarast mogleg bør sjå til å få lagt ned?

– Kva teoriar, bidrag, metodar og metodologiske rammeverk vil RLH kunne godkjenne som forsvarlege å forelese over på framtidige kurs, t.d. om sosial mobilitet?

– Kva teoriar, studiar og funn må få status som  «rett og slett /…/ feil eller misvisende», og følgjeleg lite anna enn kjettersk vranglære, som ein i framtida kun bør presentere som nettopp det?

– Korleis kan ein sikre at desse på best mogleg måte tener til skrekk og åtvaring på kurs om sosiologien si (mislukka?) vitskapshistorie?

– Kva vil for RLH vere ei forsvarleg innretning på eit slikt vitskapshistorisk kurs? Vil det der også vere rom for kritiske, vitskapssosiologiske analysar av framveksten av åtferdsgenetikken som forskingsfelt, sjølv om desse tek feste i teoretiske perspektiv som RLH truleg vil meine er å finne på det «teoretiske roteloftet» (sjå td. Panofsky 2014)?

Som ein av dei som har forelest om klasseproblematikk, elitar, sosial ulikskap og sosial mobilitet, tek eg det for gjeve RLH sin kritikk også må rettast mot dei kursa eg har og har hatt ansvar for på dette feltet ved Universitetet i Bergen

Som ein av dei som har forelest om klasseproblematikk, elitar, sosial ulikskap og sosial mobilitet, tek eg det for gjeve RLH sin kritikk også må rettast mot dei kursa eg har og har hatt ansvar for på dette feltet ved Universitetet i Bergen (for tida SOS116 og SOS322). Pensumlistene for haustsemesteret 2023 er allereie leverte og godkjente. Det er det litt vanskeleg å få gjort noko større med. Å gå til det skritt å avlyse kursa vil truleg vere problematisk, også av administrative grunnar. Ei eventuell utfasing av desse (uforsvarlege?) tilboda vil mest truleg derfor først kunne finne stad frå og med haustsemesteret 2024, og då sjølvsagt i samråd med mi eiga instituttleiing.  

I første omgang får løysinga vere å føre innlegget til RLH opp på listene over tilrådd lesnad, saman med tilsvara frå Magne Flemmen og frå Jørn Ljunggren og Kristian Heggebø på Sosiologen. Dette vil vonleg vere ei tilstrekkeleg åtvaring, samstundes som det er lærerikt – og det på meir enn eitt nivå –  for nye som for meir erfarne studentar.     

Men vil RLH kunne godkjenne at også eitt av arbeida til Nicolas Robette (2022) får plass der? For Robette drøftar nokre av dei epistemologiske problemstillingane ein står framfor dersom det rammeverket RLH misjonerer for også skal setjast i verk i sosiogenomiske analysar. Artikkelen kjem  også med klare åtvaringar mot ein nærast ureflektert, mekanisk teori- og modellimport mellom disiplinar.

Og kan den vitskapssosiologiske studien til Panofsky (op.cit) kunne førast opp på det mest avanserte kurset – sjølv om den har tittelen «Misbehaving Science»?

Referansar

Jöreskog, Karl Gustaf (2020).  «Classical Models for Twin Data». I Structural Equation Modeling. A Multidisciplinary Journal, 28 (1), s. 1-6.

Panofsky Aaron (2014). Misbehaving science. Controversy and the development of behavior
genetics.
 Chicago and London: University of Chicago Press.

Robette, Nicolas (2022) “The Dead Ends of Sociogenomics” (Translated by Paul Reeve)
I Population Vol. 77 (2), s. 181 – 216.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk