TEKST OG FOTO: Kristoffer Støylen Refvik
Hei, og velkomen til mi verd. Eg går 1. året på master i sosiologi ved NTNU, ein plass eg trivst godt på. Med progressive sosiologiske briller grublar eg på alt frå enkle fenomen til dei store spørsmåla i samfunnet. Alt frå kvifor det er så rart å snakke med fremmede på bussen, til kvifor nokre har meir og mindre enn andre.
DETTE ER MEG: Kristoffer. Sosiologistudent i Trondheim.
Eg har eigentleg ikkje blogga noko særleg før, men litt erfaring har eg frå eit fag som hadde blogg-form som eksamenen. Der skulle vi, med ein viss fagleg tyngde, presentere fenomen frå kvardagen vi fann spennande. Kapitalformene til Bourdieu var sjølvsagt flittig brukt, og Goffmans dramaturgi var heller ikkje å sjå vekk i frå.
Sjølv brukte eg blant anna soverommet mitt i midtbyen som utgangspunkt. Det var Laurdag og klokka var slått 02.00. Forbi soveromsvindauge mitt går godt hydrerte mennesker som har hatt nok ein fuktig kveld på byen. Den neste halvtimen går vanlegvis til å høyre på desperate rop som ‘’MEN KNUT, ITJ GÅ FRA MÆ, Æ ELSKE’Æ!!’’, og nokre presterar faktisk også å lene hode sitt til vindauget mitt medan dei urinerar ned i eit avløp i grøfta. Denne kvelden var heldigvis ikkje sånn. Denne kvelden skulle eg teste ut terskelteori gjennom å selge øl ut soveromsvindauget. Eg kalla eksperimentet Kristoffers Pub:
Den neste halvtimen går vanlegvis til å høyre på desperate rop som ‘’MEN KNUT, ITJ GÅ FRA MÆ, Æ ELSKE’Æ!!’’
KRISTOFFERS PUB: Slik så det ut: Eksperimentet jeg kalte "Kristoffers Pub. Trykk på bildet for å se video av eksperimentet.
Terskelteori: Sjå for deg 6 personar som skal gå over eit lyskryss. Vi kan seie at samtlege av desse personane har ein terskel ein plass mellom 0 og 5 for å gå over på rød mann. Har du terskel 0, går du gjerne fyrst over. Har du terskel 1, går du over dersom 1 anna går over. Har du terskel 5, venter du gjerne til alle er begynt å gå før du går sjølv.
Eg skulle analysere korleis folk gjekk fram når dei såg puben min. Ville kven som helst som gjekk forbi, også dei som gjekk aleine, stoppe for å ta seg ein siste pils? Det har nok mykje med kor utadvendt ein er som person. Eg likar å tru at eg hadde tatt i bruk tilbodet om det var eg som gjekk forbi, men ein veit vel sjeldent kva ein gjer før ein faktisk er i situasjonen. Sjå videoen HER for eit lite innblikk.
Ville kven som helst som gjekk forbi, også dei som gjekk aleine, stoppe for å ta seg ein siste pils?
I all hovudsak var det gjengar, og særleg guttegjengar, som var interesserte. Det var likevel som regel alltid ein som gjekk heilt fram fyrst. På videoen ser man den fyrste, som tilsynelatande er ein del av ein gjeng på 4. Denne gjengen tiltrekker seg ein annan gjeng på kanskje 3. Seinare på kvelden var det litt ymse av besøkande, gjerne kjærestepar og liknande også som kom bortom, gjerne bare for å prate. Når det var einslege derimot, folk som gjekk aleine, fekk eg stort sett berre smil. Det ser ut som at det er få har terskelen 0, men at kjangsane stig betrakelig når ein ikkje er aleine. Dette inkluderar nok meg også.
Dette er berre ein liten introduksjon til mi verd, men i det neste innlegget skal du få meir greie på kva eg gjer på fritida, og kvifor Trondheim sitt musikk- og undergrunnsmiljø ikkje berre er ei myte.
Om Kristoffer:
23 år gammal bygdegut som flytta til Trondheim i 2012. Er 1. års masterstudent som likar musikk, leven og kultur, for ikkje å nevne øl, sjokolademelk og å møte nye hyggelege menneske.