Kva er denne tingen vi kaller kjærleik?

«Kjærleik er som veiret. Det er uføreseieleg. Det kan vere skinnande sol og vakre dagar, men så brått, og gjerne uvisst, så kjem torden og regn»

Likestilling er viktig, også i Kambodsja (foto: Linda Leirpoll).

Det var svaret til ei kambodsjansk jente på 20 år då eg spurde henne om kva kjærleik er. Dei andre jentene småfniste litt; ein respons som går igjen hos dei fleste når vi snakka om temaet kjærleik. Likevel har dei alle eit bilete og tankar om kva det perfekte forholdet er, og den vidunderlige kjærleiken.

Så, korleis går feltarbeidet? Dæven eg kosa meg! Det er også utfordrande, det er det. Og eg er fortsatt litt usikker på kva eg ende opp med til slutt. Eg har likevel byrja å sjå nokre sentrale moment som går att i dei kambodsjanske ungdommane sine svar på kva kjærleik er for dei.

Ungdommen er blant anna svært framtidsretta. Dei er den kommande generasjonen som skal bygge opp Kambodsja og få landet ut av fattigdom. Så når spørsmålet om forhold og ekteskap kjem, er dei raske med å svare at forhold har dei ikkje tid til og karriera skal i alle fall vere på plass før ekteskap. Kvinnene er i tillegg svært bevisste på det å vere sjølvstendige, å kunne greie seg økonomisk utan å vere avhengige av ein mann. Farvel til husmødrene i Kambodsja! Ambisjonane deira er heller ikkje små. For ingenting er vel umogleg om ein jobbar hardt nok?

IMG_2017-e1573726579553

Studentblogger Linda Leirpoll

Linda, 25 år og kjem frå Flekke i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Tatt bacheloren min i ungdomssosiologi ved (den gong) Høgskulen i Sogn og Fjordane, med eit påbyggingsår i utviklingsstudier ved Universitetet i Agder. Forsette deretter på master i sosiologi her på UiA.

Har deltidsjobb på ein fotballpub, spele lacrosse på Cherokees, nynorsk- forkjempar (som ABSOLUTT trengst på UiA), og sitte i styret i Samfunnsviterne UiA som er mitt hjarteborn. Når eg blir stor, så drømme eg om å bli professor i sosiologi eller plan B = eg er odel, så eg skal gjere gården min om til ein aktivitetsgård, og invitere verden inn for å vise dei den beste parten av Noreg – fjord og fjell. Les også Lindas fyrste innlegg om hennar feltarbeid.

Eit anna moment som er kome fram er korleis synet på kjærleik har utvikla seg frå foreldregenerasjonen til dagens ungdom. Å inngå eit kjærleiksforhold for 60 år sidan blei gjerne inngått på andre vilkår enn i dag, og fleire av mine informantar meiner dagens unge tar mykje lærdom av populærkultur og sosiale media. Sjølv var eg svært nysgjerrig på akkurat dette spørsmålet før eg reiste på feltarbeid, for kva er det vel ikkje Disney har putta i hovudet på oss i vesten sidan vi var små? Belle lærte oss at vi kan elska eit udyr dersom vi forandra han, og det same gjorde vel eigentleg Jane med Tarzan? Og kva med alle dei filmane som fortel at «dei levde lukkeleg i alle sine dagar»? Gjer vi eigentleg det når rusen frå hvetebrødsdagane går over og vi møte kvardagen sine konfliktar, kranglar om oppvask og svigers?

Vi blir lært så mangt gjennom oppveksten, men vi lærer aldri direkte korleis vi skal date eller forelske oss

Dette er ein hypotese fleire av informantane mine har bekrefta. Nokre av gutane eg har snakka med fortalde blant anna at dei hentar inspirasjon om korleis den «perfekte» partner skal oppføre seg ovanfor jenter fra nettopp film og musikk. Eit fleirtal av jentene fortel på si side at dei har fått forventingar om kor omsorgsfull og ydmyk kjærasten skal vere.

Vi blir lært så mangt gjennom oppveksten, men vi lærer aldri direkte korleis vi skal date eller forelske oss. Dagens unge har difor blitt ekspertar på å snappe opp frå dei mange «influensande» elementa.

Blant dei unge i Kambodsja som eg har intervjua, er det ingenting som er like god kvalitetsunderhaldning enn ein såpeserie frå Sør-Korea. For nokre er det til og med sjølve oppskrifta på det perfekte forholdet: «Åh, han snakke så roleg til henne. Og er alltid løysningsorientert».

Eg har også stilt dei spørsmålet «kva er hensikta med å inngå eit ekteskap eller forhold med nokon?». Det gav mange varierande og spennande svar. For nokre var dette ganske opplagt. Ein skulle føre familien vidare, og menneska ville dø ut om ikkje. Andre meinte at menneskeheten ikkje kunne overleve utan å føle seg elska; at kjærleik var det som gjorde menneske lukkeleg.

Så, no er eg nysgjerrig på å ta fatt på dette spørsmålet i Noreg. I eit land med høg «singel-statistikk». Kvifor vel så mange å forbli single?