Den sosiologiske offentlighet

I felten for kjærligheten

Linda Leirpoll er ny studentblogger på Studentliv og skal skrive om feltarbeidet hun er på i Kambodsja. Målet: forstå ung kjærlighet på tvers av kulturer og kjønn .

Så, kva gjer eg på?

I skrivande stund sitte eg på ein cafe i Phnom Penh, hovedstaden i Kambodsja. Her skal eg vere i tre månadar for å gjere feltarbeid til masteroppgåva mi. Kvifor Kambodsja? Forferdelig tilfeldig. Min fabelaktige professor og veiledar, Ann Christin Nilsen, budde her for eit år tilbake. Dermed kjende ho ein professor på Pannasastra university, og ja, eg kunne gjerne ta del i undervisninga hennar! Så eg har fått tre skjønne studentar frå klassen hennar som hjelpe meg i gong. Og med det utgangspunktet står eg veldig sjølvstendig, og tar ansvar for mykje sjølv. Ja, det er både utfordrande og forferdelig spennande, fordi eg stille stadig spørsmål om eg gjer rett, og om eg i heile teke kjem til å sitte igjen med nok informasjon etter tre månadar 🙂

Kva handlar masteroppgåva mi om?

Eg skal skrive om ungdomsforelsking, og korleis ungdom opplever kjærleik og forelsking på tvers av ulik kulturell bakgrunn og kjønn. Eg valte dermed ungdom frå eit typisk utviklingsland som Kambodsja versus eit ressurssterkt land som Noreg. Alle menneske har eit forhold til kjærleik på godt og vondt, og for mange er det sjølve grunnessensen med livet. Til tross for å vokse opp med to vidt forskjellige utgangspunkt, både økonomisk, kulturelt og sosialt, forheld vi oss eigentlig så ulikt til eit felt som kjærleik? Som underproblemstillingar, vil eg også sjå på likskapane og ulikskapane mellom kjønna sine synspunkt, samt korleis populærelement, som seriar, film og musikk, eventuelt gjer innflytelse på deira syn.

Foto av Linda Leirpoll

Ny blogger: Linda Leirpoll

Linda, 25 år og kjem frå Flekke i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Tatt bacheloren min i ungdomssosiologi ved (den gong) Høgskulen i Sogn og Fjordane, med eit påbyggingsår i utviklingsstudier ved Universitetet i Agder. Forsette deretter på master i sosiologi her på UiA.

Har deltidsjobb på ein fotballpub, spele lacrosse på Cherokees, nynorsk- forkjempar (som ABSOLUTT trengst på UiA), og sitte i styret i Samfunnsviterne UiA som er mitt hjarteborn. Når eg blir stor, så drømme eg om å bli professor i sosiologi eller plan B = eg er odel, så eg skal gjere gården min om til ein aktivitetsgård, og invitere verden inn for å vise dei den beste parten av Noreg – fjord og fjell 😉

Kvifor akkurat dette temaet?

Eg synst kjensler er spennande. Og er det eit felt som er sentralt når det kjem til kjensler, så er det kjærleik. Heile 92% av songar i verden handle om kjærleik! Og kjærleik kan ingen definere, fordi det er unikt for eit kvart menneske. Eg valte å busette meg på eit hostel under feltarbeidet, noko som eit fleirtal av nordmenn lot seg måpe av. Ja, det er mykje sletsomme britar der ute som drikke frå morgon til kveld, men eg møte også mykje fasinerande menneske. Alle har sjølvsagt ei meining om kjærleik, og det i seg sjølv å diskutere dette temaet med folk frå heile verda, heilt optimalt for ein framtidig sosiolog! Og kor enn kor klisjee da e; temaet kom opp med ein franskmann. Og han bad meg lese brevet Albert Einstein skreiv til si dotter om kva kjærleik er. Der seie Einstein sjølv at han har forstått og definert mykje i verden, men ingen har endå identifisert kjærleik.

Vi treng også meir kjensler på sosiologifeltet; vi kan ikkje utføre ei handling utan å føle noko!  Jan Frode Haugeth skreiv at sosiologar kvir seg på å prate om kjærleik. Vi er meir vandt til å henvende oss til dei meir rasjonelle sidene ved samfunnet.  Eg trur ikkje alltid det berre gjeld sosiologane sjølv. Det norske samfunn er ikkje akkurat rasjoneltfritt. Eg får stadig fleire lokale kambodsjanske venna, og det fyrste eg la merke til på sosiale media er kva dei publisere. Eg måtte trykke litt rundt blant deira venna, og det same går igjen. «You come in to my life when I have no one around. Then you leaves me when I have only you”. “The most beautiful things in world cannot be seen or even touched. They must be felt with the heart”. Er vi berre for lite flinke til å uttrykke oss i Noreg? Har vi det elles så fint at vi gløyme av feltet? Eller har relasjonar ein anna betydning for utviklingsland? Eg har mange spørsmål, gjenstår å sjå om eg finn svar på dei om eit år.
[1] (Haugseth, 2015)

Vi treng også meir kjensler på sosiologifeltet; vi kan ikkje utføre ei handling utan å føle noko! 

Så planen min for dei neste månadane er å jobbe etnografisk, samt kvalitative intervju. Ei av mine beskymringar før feltarbeidet var om eg greidde å komme i kontakt med nok ungdommar. Eg innsåg fort at alle vil ha ein høg og kvit venn, så klamra meg på lokale ungdom der eg kan! Det kan vere kontaktar gjennom hostelet, gjennom studentvennane mine, ungdom eg møter ute osv. Eg er med på shoppingsenteret, eller, eigentlig reiser dei der for å sjå på gutane. Eller ta nokre øl langs riverside. Eg vil prøve å komme nærmast mulig dei vande rutinane og kvardagen deira. Eg ser også allereie at dei snakkar meir fritt om feltet når det ikkje er eit oppsatt intervju. Eg har også vore så heldig å få lov til å henge meg på feltarbeidet som klassen skal ha no i oktober til landsbygda!

Eg storkosa meg i Phnom Penh allereie – spennande, interessant, utfordrande og lærerik på alle måta!! Så skal eg halde dykk oppdatert på korleis det går J

Saum aoy mean thngai la! //Ha ein fin dag!

GRUPPEBILDE KAMBODSJA

Linda og glade informanter i Kambodsja.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk