Grunnleggjande intuisjon
Det er ein grunnleggjande intuisjon som går som ein råd tråd gjennom heile Habermas sin forfattarskap: Dette er at kvar gong vi fører ein fornuftig samtale med ein annan person, så gjer vi bruk av ein kommunikativ dugleik eller kompetanse, der det er mogleg å bli samde om faktiske tilhøve, å handla etter ein felles moral, og å opptre sannferdige, ærlege og ikkje føra andre bak ljoset. Dette skjer slett ikkje heile tida, men kvar gong vi bruker språket i den daglege kommunikasjonen tek vi alltid stilling til innebygde krav om gyldigheit: Eg kan ytra: «Vil du henta eit glas vatn til meg?». Dette er eit døme på ei talehandling, fordi vi set i verk ei handling i den ytre verda, i vår felles sosiale verd, og i tilhøve til vår indre subjektive verd, gjennom ein praktisk tale eller kommunikasjon (communicare tyder å binda saman på latin).
Ei kvar slik talehandling har innebygd 3 krav om gyldigheit, sanning, rettmessigheit og autentisitet eller å væra sannferdig. Du som høyrer denne talehandlinga kan enten svara ja, eller nei, og om du svarar ja, kan denne semja om kravet til gyldigheit regulera handlingane mellom oss. Du som høyrer ytringa kan svara: «ja, det finst eit glas vatn i rommet, ja, du har ein moralsk rett til å be meg, og ja, du er nok oppriktig tørst, og du ber meg ikkje om vatn, berre for å narra meg». Dersom du svar nei på eit av desse gyldigheitskrava er det mogleg med diskurs, og rasjonelle argumentasjonar, men om du seier «Nei det finst ikkje eit glas i den ytre verda, nei eg er ikkje din tenar, nei du kan umogleg vera tørst, så vert det ingen semje om handlingsorienteringar.
Fornuftspotensiale i språket og dominans
Denne fornuftige og pragmatiske bruk av språket gjennom «talehandlingar» er ein del av vår menneskelege natur eller vårt arts vesen, og det er berre menneska som har denne kompetansen, og framveksten av homo sapiens samsvarar med både at hjernen vaks og at vi som ein art utvikla denne sosiale og språklege dugleiken til å danna konsensus og koordinera og samordna våre liv og åtferd gjennom talehandlingar. Denne innebygde og artspesifikke dugleiken eller kompetansen står alltid fram som alternativ til lureri, manipulasjon, forføring, og ikkje minst bruk av fysisk eller verbal vald for å tvinga gjennom ein vilje eller eit ønske. Dette er langt unna å skildra menneskelivet som ein idyllisk samtalefellesskap, lureri, dominans og valdsbruk gjennomsyrer ein kvar samhandling mellom menneska, men evna til kommunikasjon er likevel djupt lagra i vår natur.
Kommunikasjonen mellom menneska står alltid i fare for å bryta saman, gå i knas som eit knust glas, og i den faktiske og empiriske verda er kommunikasjonen eller bruk av talehandlingar alltid vevd inn i herredømme og dominansrelasjonar. Like fullt finst denne kommunikative dugleiken som eit innebygd potensiale eller ein mogleg infrastruktur i all menneskeleg samhandling og samkvem. Sjølv valdelege, tyranniske, totalitære og teokratiske samfunn har lommer av den fornufta som finst i ein vellykka samtale, og omgrepa om lygn, lureri og vald gjev meining, berre mot bakgrunnen av at vi som menneske har heilt andre kapasitetar, kompetansar, evner og dugleikar. Dei fleste lyg litt innimellom, men omgrepet om sanning og talehandlingar som inneheld krav om sanning, sannferdigheit og rett, er alltid meir grunnleggande enn lygna. Å vita kva sanning er, er eit vilkår for å tala usant.
Myndige menneske, demokratiske medborgarar og demokratisk rådslaging
Då har eg fram til her, skrive om kva ein forstår med Habermas sin grunnleggjande intuisjon, og nå vil eg bruka litt plass på å seia noko om korleis denne evna til kommunikasjon er eit nødvendig vilkår for at vi kan utvikla oss til å bli modne, myndige og vaksne menneske, kort sagt kan vi berre stiga ut av den egosentriske barndommen gjennom at vi deltek i samtale, dialog og kommunikasjon med andre. Denne dugleiken til kommunikasjon, dialog og samtale er også nødvendige vilkår for at vi kan ha eit demokratisk samfunn, der i det minste deler av politikken vert utvikla gjennom rasjonelle rådslagingar (som diverre ofte vert omsett til den engelske termen deliberasjon). Det demokratiske samfunnet treng ein ressurs av modne og myndige medborgarar – ikkje underdanige undersåttar- noko som kan skapast ved at vi er deltakarar innanfor ein kommunikasjonsfellesskap innanfor ei rasjonell livsverd.
Alle vaksne menneske kan stiga ut av ein sjølvpålagt barndom, slik Immanuel Kant skildrar Opplysninga. I barndommen er vi egosentriske og vi erfarer og forstår verda gjennom eit snevert og einsidig perspektiv. Men gjennom dialog, samtale, kommunikasjon eg ein vilkårslaus emosjonell tryggleik, lærer barnet seg steg for steg å utvikla sjølvinnsikt, noko som vil seia å sjå på seg sjølv gjennom andre sine auger og å forstå verda gjennom fleire perspektiv. Å ta innover seg andre sine perspektiv er nødvendige vilkår for å bli myndig og vaksen, slik at barnet gradvis kan læra seg å sjå på seg sjølv, slik det blir sett av andre, og denne modne sjølvinnsikta er også det same som at barnet kan utvikla medkjensle, kjærleik, omsorg og forståing av andre sine behov og kjensler. Kjærleiken er berre mogleg mellom modne og sjølvstendige vaksne og kjærleiken er fråvær av dominans, under – og overordning og usunn avhengigheit. Dei fleste psykiske feilutviklingar og psykiske sjukdommar, slike som narsissisme, nevrosar og depresjonar skuldast svikt i den emosjonelle og språklege samhandlinga med andre. Dette vert detaljert skildra gjennom psykoanalysen, men det finst også meir typiske sosiologiske perspektiv som forstår denne grunnleggjande svikten i kommunikasjonen, dialogen og samtalen mellom menneska.
Å ta innover seg andre sine perspektiv er nødvendige vilkår for å bli myndig og vaksen
Det interessante ved Habermas er at han forstår overgangen frå å vera undersåttar i den absolutte, totalitære og teokratiske staten til at vi kan verta myndige medborgarar innanfor den moderne og demokratiske staten på omtrent den same måten som denne skildringa av myndiggjering og framveksten av moden sjølvinnsikt. Udemokratiske statar samsvarar med eksistensen av barnslege og umyndige undersåttar, mens den demokratiske staten berre kan eksistera i saman med myndige og modne medborgarar. Demokrati er slik sett menneska sin utgang frå den sjølvpålagte barndommen og utvikling av evna til å ta andre sine perspektiv, altså forstå at ei sak har fleire sider. Demokratiet er eit prosjekt for å myndiggjera menneska, og demokratiet er også ei livsform der menneska innanfor ein offentleg sfære kan utvikla felles meining og vilje i høve til politiske spørsmål.
Demokratiet står alltid fram som eit alternativ til mytiske konspirasjonsteoriar, propaganda, fabrikkering av alternative fakta og bruk av valdsmakt. Demokrati er ein prosedyre for å skapa sanning innanfor ei verd med mange små sanningar, ulike perspektiv og eit mangfald av kulturar. Ein av mange typiske mistydingar av Habermas er at samfunnet er som eit stort seminar der alle kan sitja saman, drøfta ulike standpunkt og bli einige ved å utvikla konsensus om eit felles perspektiv, noko som i fylgje kritikarane vil seia at Habermas ser bort i frå at det finst fleire konkurrerande kulturar, perspektiv, verdiar, og «sanningar». I eit moderne, komplekst og pluralistisk samfunn er det umogleg å oppnå konsensus om konkrete verdiar, men det er mogleg å skapa konsensus om allmenne, generelle og relativt abstrakte verdiar, slik som at fredeleg samtale er betre enn bruk av dødeleg vald. Dei aller fleste kristne, muslimar, jødar, buddhistar og ateistar er nok samde om dette. Det er også mogleg å oppnå konsensus om eksistensen av formelle prosedyrar og felles institusjonar, slik som rettsstaten, forfatninga, demokratiet og eksistensen av helse- og omsorgstenester for alle.
Grensene for politikk i et komplekst samfunn
Habermas ønsker å forstå det rasjonelle grunnlaget for demokratisk rådslaging (deliberasjon) og at denne demokratiske rådslaginga kan føra fram til konsensus om generelle prosedyrar og skiping av institusjonar. Døme på slike institusjonar kan vera slike som rettsstaten, den demokratiske velferdsstaten, ei pluralistisk offentleg sfære, friviljuge organisasjonar og eksistensen av offentlege velferdsinstitusjonar. Han vil visa fram utvegane for ein rasjonell politikk som spring ut av den menneskelege kommunikasjonen og den innebygde kompetansen eller dugleiken til å ta stilling til gyldigheitskrav som refererer til den faktiske verda, den felles moralske verda, og den indre subjektive verda. Politikk har slik ein pretensjon om sanning og utvegar til semje og konsensus som alternativ til vald og tvang. Demokratisk politikk har alltid eit innslag av den herredømmefrie rådslaginga og den krafta som ligg i dei beste argument.
Men Habermas er minst like oppteken av å demonstrera grensene for politikk i eit globalt, komplekst og pluralistisk samfunn. Det finst ein relativ brei konsensus omkring miljø – og klimakrisa, men denne demokratiske rådslaginga støyter snøgt mot grensene til dei moderne marknadssystema og det komplekse samfunnet. Det er eigentleg små resultat å visa fram frå miljørørsla sine politiske prosjekt og tiltak. Svært lite er gjort, og grunnen er at det er fundamentale vanskar med politisk styring av komplekse system, fordi komplekse system kan ikkje styrast gjennom ein sentral politisk vilje eller prosjekt Det er vanskeleg å utvikla eit historisk subjekt som kan vera ein agent og ei sosial rørsle i samfunnsutviklinga. Det er ei form for politisk naivitet som ligg i trua på at vi kan løyse miljøkrisa gjennom rasjonell rådslaging og bli einige om den korrekte politikken, og denne naiviteten kan føra til ein totalitær ambisjon, og miljøfundamentalisme er like fåfengt og farleg som andre fundamentalistiske og totalitære masserørsler. Vi er langt unna ein historisk situasjon der det var mogeleg å utvikla politiske prosjekt for omfattande samfunnsendringar.
Politikk har ein pretensjon om sanning og utvegar til semje og konsensus som alternativ til vald og tvang.
Det moderne komplekse systemet er avhengig av store mengder energi, og i samsvar med termodynamikkens 2. lov, vil mangel på energi føra til entropi eller kaos og uorden. Alle komplekse system kan berre vedlikehalda den interne orden gjennom enorme mengder energi. Det moderne komplekse systemet med allmenn konsum, turisme, og informasjonsutveksling krev uhorvelege mengder med energi, og også den omseggripande digitaliseringa av samfunnet er energikrevjande. Dagens miljørørsle har utpeika bruk av fossilt brensel som hovudfienden, men ein kan trygt slå fast at alternative energikjelder ikkje finst i store nok mengder for å vedlikehalda eit kompleks system med moderne reise- og konsumlivstilar. Det finst ingen politiske løysingar av klimakrisa innanfor grensene til dagens energikrevjande komplekse system. Og det er ingen som kjenner til miljøkonsekvensane av uavgrensa tilgang til ikkje fossile energikjelder. Overgangen til alternative energikjelder er berre ei løysing på miljø – og klimakrisa om vi samstundes utviklar eit samfunn som er mindre komplekst og mindre energikrevjande.
Den fundamentale feilen til miljørørsla er at denne har omdanna miljø – og klimakrisa til «natur» og energispørsmål utan å tematisera at vi eigentleg står framføre ei samfunnskrise meir enn ei miljø – og naturkrise. Miljørørsla har difor ein mangelfull samfunnsanalyse og for liten innsikt i kor mykje energi som trengst for å vidareføra og vedlikehalda dagens komplekse system. Dersom det er usikkert kva utilsikta konsekvensar ein omfattande bruk av ikkje fossil energi vil ha på miljø og klima, og alt i dag veit vi at nye batteriteknologiar er avhengige sjeldne mineral og metall, kan vi trygt seia med innsikter frå den 2. lova i termodynamikken om den nødvendige samanhengen mellom komplekse system og energibehov, at miljøkrisa berre kan løysast gjennom redusert systemkompleksitet. Vi treng å leva på vis som gjer livet betre og meir i resonans med fundamentale behov for kreative og samarbeidande fellesskap, med redusert tempo og lågare akselerasjon, og ved bruk av mindre energi.
Miljørørsla har ein mangelfull samfunnsanalyse og for liten innsikt i kor mykje energi som trengst for å vidareføra og vedlikehalda dagens komplekse system.
Dette vil mellom anna seie at vi treng å utvikla eit globalt samfunnssystem som kan vedlikehaldas med mindre bruk av energi, noko som medfører eit økonomisk system som er basert på eit lågare nivå av materielt forbruk og turisme. Dette er ein enorm utfordring som vi berre kan handtera dersom vi både kjenner til det rasjonelle grunnlaget for demokratisk debattar og rådslagingar, og kjenner til vanskane med å styra komplekse system gjennom daning av felles vilje – og meining, og utvikling av fornuftige miljøprosjekt. Her er det ikkje grunnlag for ein vilkårslaus optimisme, men vi treng like fullt ein realistisk mogleg utopi for ein alternativ kompleksitet som er mindre energikrevjande!