Søk
Close this search box.

Den sosiologiske offentlighet

Disintegration: på sporet av ei samtidsdiagnose, men ingen kur

Albumet Disintegration av The Cure fyller 35 år i år. Musikkuttrykket er mørkt, inneslutta og sjølvsentrert, på grensa til narsissistisk. I ei tid prega av sjølvpresentasjon er plata svært aktuell - kanskje den til og med stiller ei samtidsdiagnose?
The Cure, Disintegration (1989). Andy Vella.

Robert Smith (fødd 21.04.1959), frontfigur, vokalist og låtskrivar i The Cure, skal ha vore heilt besett av ideen om å fullføra eit meisterverk før han fylte 30 år. Med Disintegration, som blei lansert 2. mai 1989, klarte han det akkurat. Albumet står igjen som det definitive høgdepunktet i katalogen til The Cure, sjølv om både Kiss Me Kiss Me Kiss Me, Pornography, og Seventeen Seconds også er sterke utgivingar. Disintegration er med i ein eksklusiv klubb: plater som har fått 10.0 på Pitchfork. Albumet er altså vurdert til å vere heilt perfekt – det kan ikkje gjerast betre. I denne kulturkommentaren skal eg prøve å gje eit svar på to spørsmål:

  1. Kvifor er Disintegration så bra?
  2. Er plata relevant, no 35 år seinare?

Kompromisslaus visjon

Å gje eit fullverdig svar på det første spørsmålet, er ikkje mogleg med få ord. Her skal eg berre trekke fram eit par viktige grunnar, etter mitt subjektive syn. Robert Smith hadde ein krystallklar visjon for albumet, og han og resten av bandet var kompromisslause i arbeidet fram mot det ferdige produktet. Plateselskapet var ikkje nøgd i det heile tatt, og meinte albumet var kommersielt sjølvmord. Ein kan forstå den ramsalte kritikken: Her er det få lettbeinte poplåtar som hyler «hit-potensial». Mange av songane er lange og lite eigna for brei sirkulasjon på radio og TV («The Same Deep Water As You» klokkar inn på 9:22 minutt, tittelsporet på 8:19 minutt). Albumet var dessutan for langt (72 min) til å få plass på vinyl utan at kvaliteten på spora blei forringa betydeleg, og to songar vart derfor tatt ut frå den originale vinylversjonen. Stemninga på plata matchar depresjonen som Robert Smith sleit med: mørk, trist, inneslutta, ispedd nokre små lysglimt her og der, for å gje lyttaren eit pusterom.

Men det som kanskje særleg kjenneteiknar albumet, er ein emosjonell intensitet. Her kan ein praktisk talt ta og føla på angst, ubehag, og usikkerheit, på den eine sida, og ekstase, livsglede, og stormforelsking på den andre. Det gode og vonde avlastar kvarandre, på frenetisk og poetisk vis. Absolutt heile følelses-registeret er i sving. Eller, det er ikkje berre i sving: det arbeidar hardt og intenst, og mange timar på overtid. Og dei musikalske skildringane av livets opp- og nedturar, forhold som startar og tek slutt, vert oppfatta som realistiske – det går an å kjenne seg igjen, anten i eigne eller andre sine livserfaringar. Her er det klare likskapar med SAS PLUS / SAS PUSSY, Karpe sitt magnum opus, der ein nærast kan føla det kryss-kulturelle presset som born av innvandrarar erfarer. The Cure lukkast med å realisere visjonen sin. Der dei fleste andre plater berre er ei tilfeldig samling av låtar, er Disintegration eit heilskapleg verk der enkeltdelane utfyller og gjensidig forsterkar kvarandre.

Strukturell sjølvpresentasjon

Så, over til det det andre spørsmålet: er Disintegration relevant den dag i dag, 35 år etter utgjeving? Spørsmålet kan verke tåpeleg – plata er sjølvsagt relevant reint kunstnarisk, blant anna som eit referanseverk for andre artistar og band som leitar etter liknande emosjonell intensitet i sitt eige musikalske uttrykk. Det vil for eksempel overraska stort om ikkje Disintegration har vore ei viktig inspirasjonskjelde for Hurry Up, We’re Dreaming (2011) av franske M83, drøymepop i verdsklasse. Med relevant siktar eg her heller til samfunnsrelevant: kan albumet seie noko vesentleg om måten liva våre er organisert på i 2024?

Det er klissete klisjé å påstå, men albumet verkar nesten meir aktuelt enn nokon gong. Med si ekstremt sjølvsentrerte, nærast narsissistiske, utbreiing av eige følelses-liv, passar plata som hand i hanske i ei tid prega av sjølv-presentasjon i form av bilete, filmsnuttar, og podcasts, med hovudsakleg svært personleg og intimt innhald. Instagram og andre sosiale medium pustar til dømes nytt (men kanskje ikkje nødvendigvis så friskt) liv i låta «Pictures of You». Kven er det du eigentleg er interessert i, opptatt av, forelska i? Er det personen av kjøt og blod, eller er det heller di eiga kreative gjenskaping av personen, basert på stiliserte digitale inntrykk?

Med si ekstremt sjølvsentrerte, nærast narsissistiske, utbreiing av eige følelses-liv, passar plata som hand i hanske i ei tid prega av sjølv-presentasjon i form av bilete, filmsnuttar, og podcasts, med hovudsakleg svært personleg og intimt innhald.

Når sjølv-presentasjon, på ulikt vis og på forskjellege plattformar, så til dei grader gjennomsyrar store deler av samfunnet vårt, kan ein kanskje omtala dette som strukturell sjølvsentrering. Desse strukturane er tunge, seige, og vanskelege å påverke for dei aller fleste av oss, medan nokre få (særleg toppleiinga i Big Five Tech-firma, kanskje supplert med dei aller mest vellukka influencerane) både kan dra nytte av, og aktivt forme, strukturane. Gjennom «gamle» ulikhets-skapande prosessar og mekanismar, vert «nye» former for makt konsolidert på få hender. Og enorme formuar vert akkumulert, igjen for nokre få. Resten er fanga i ei marerittaktig, interaktiv verd, der folk vert teppebomba av reklame-sponsa, skreddarsydd innhald via (alt anna enn transparente) algoritmar på evig jakt etter aktivitet og engasjement frå potensielle konsumentar.

Det finnes heilt sikkert nokre positive sider ved denne samfunnsorganiseringa, for eksempel at det er enklare å dela små glimt av dagleglivet med folk ein er glad i som er geografisk langt vekke. Men ulempene veg nok (vesentleg) tyngre enn fordelane. Så lenge den digitale teppebombinga av skreddarsydd innhald er akkurat passe interessant, så er det nærast umogleg å løfta blikket opp frå skjermen lenge nok til å få auge på dei viktigaste samfunnsutfordringane me står overfor. Eller, det å få auge på samfunnsutfordringane er vel enkelt nok – det er heller kollektiv kort attention span som er øydeleggjande. Me veit godt både kva som er problemet, og kva som bør gjerast, men me er ikkje uthaldande nok til å stå i det, over tid. Den kognitive kondisjonen vår er for svak. Dessutan: det er så mykje underhaldande innhald som stadig poppar opp på diverse digitale flatar. Det er jo meir behageleg å strøyme ein ny serie, høyre på ein podcast, scrolle gjennom feeden, enn å demonstrera utanfor bygningane som husar den politiske og økonomiske makteliten.

Finnes det ein kur?

Korleis ein skal bryte ut av dette passive men destruktive handlingsmønsteret, er ikkje enkelt å førestille seg. Dersom strukturell sjølvsentrering er diagnosen, kva er så kuren? Disintegration gjev ingen svar, naturleg nok. Det er jo totalt urimeleg å forvente at Robert Smith og The Cure skulle sjå for seg denne nærast dystopiske utviklinga, der super-geni innan koding sit med vår felles skjebne i sine hender. Her er det berre til å kryssa fingrane for lite eller ingen fat-finger når essensielle avgjersler vert tatt på våre vegne, i forum som ikkje akkurat er underlagt demokratisk kontroll.

Ein ting er i alle fall sikkert: Å høyra på plater, uansett om dei har klassikarstatus eller ikkje, vil neppe bidra til å løysa viktige samfunnsutfordringar. Men ein kan kanskje henta litt inspirasjon, som i beste fall kan mobilisera til handling. For knusande kritikk av store multinasjonale selskap, sjekk ut plata The Beyond (og særleg sistelåta «Further»), utgjeve i 2003 av Cult of Luna, eit svensk post-metall band. Den nyaste plata til Sigur Rós, ÁTTA (der komposisjonane til Kjartan Sveinsson og vokalen til Jónsi endeleg smeltar saman i eit heilskapleg musikalsk uttrykk igjen), er eit nyleg eksempel på flammande engasjement for klima og miljø.

Men musikk har nok primært ein annan viktig funksjon: Å gje oss eit etterlengta avbrekk frå alt rundt som er feil, fælt, og forferdeleg. Ein lærdom kan me dessutan ta med oss frå Disintegration. Mørket kan vere altoppslukande, men lysglimta kjem.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk