Den sosiologiske offentlighet

Kva skjer med det moralske ansvaret når valden blir vist fram gjennom digital estetikk?

Vi treng nye kategoriar og omgrep for å forstå ungdommar som bruker grunnlaus digitalisert vald, og for å forstå kva vi meiner med moralsk ansvar og dette å kjenna på andre si smerte.
Foto: Knudsens Fotosenter / DEXTRA photo

Walter Benjamin (1892 -1940) hevda i «Kunstverket i tidsalderen for den mekaniske reproduksjonen» (1936) at det vart meir vanleg med masseproduksjon av kopiar av kunstverk innanfor det teknologisk avanserte samfunnet, og dette førte til at kunstverket tapte sin aura. Kopiane vart med dette forfalskingar, og desse kopiane vart kvardagslege og nære i staden for opphøgde og fjerne. I dagens samfunn kjem noko av det same fenomenet til syne gjennom at særskilt unge menneske lever i eit kvardagsliv som er strøymt over av visuelle representasjonar frå smarttelefonar, sosiale medium, dataspel og bilete frå nett- og mediesamfunnet.

Kan ein tenkja at dette kan føra til bruk av vald i kvardagslivet, berre fordi valdsutøvarane ønsker laga videoar av episodane som kan visast fram i sosiale medium? Kan ein også forventa at nokre av dagens ungdommar som lever store deler av sine vakne liv innanfor denne visuelle informasjonsverda, kan få vanskar med å utvikla moralsk ansvar for sine handlingar?

Benjamin hadde også ein bestemt politisk ambisjon med analysen sin, på den måten at han hevda at fascismen i mellomkrigstida var eit uttrykk for å estetisere politikken, noko som kulminerte i synet om at krigen, døden og valda var noko vakkert og kvardagsleg. Kunsten betrakta ikkje lenger verda på avstand når auraen omkring kunsten vart borte, og gjennom fascismen vart drap, krig og valden vakre fenomen, slik at det fjerne ved valda vart altfor nærverande i dagleglivet. Benjamin meinte at det krigstekniske maskineriet flaut i saman med å gjera valden estetisk, slik at den vakre valda trengde gjennom til kvardagslivet og til politikken.

Også i dag finst det svært mange døme på dette å sameina politikk og estetikk, slik at den fjerne valden blir omdanna til ein nærliggjande og kvardagsleg estetisk vald.

Denne veldige ekspansjonen av digitaliserte videoar opnar også truleg opp for ein ny digitalisert valdsestetikk. Vi finn knapt masserørsler i dag som liknar på den historiske fascismen, noko som føyer i saman det estetiske, det tekniske og det politiske, gjennom ein tilsvarande krigs – og dødsestetikk, slik som den historiske fascismen gjorde det. Men også i dag finst det svært mange døme på dette å sameina politikk og estetikk, slik at den fjerne valden blir omdanna til ein nærliggjande og kvardagsleg estetisk vald.

Atle Møen, professor ved UiB.

Estetikk og terrorisme

Dagens terrorisme gjer nettopp dette på ein måte som samsvarar med den teknologisk avanserte digitale kommunikasjons -og informasjonsteknologien. Eit døme på å smelta estetikk og politikk saman, kan vera IS-krigarane si estetiske framstilling av tortur, avrettingar, drap og vald. Dersom ein studerer filmvideoane frå terrorgruppa IS, oppdagar vi ei skjønnmaling av valden og ein estetisk dramaturgi, og slik kunne desse videoane tiltrekkja seg unge menn som hadde erverva seg sine grunnleggjande opplevingar innanfor ein digitalisert spel – og underhaldningskultur (Roy 2017).

Anders Breiviks terrorisme var også eit iaugefallande døme på digitalisert valdsestetikk gjennom å gjera den fjerntliggjande valden til noko nært og vakkert, og han gjorde bruk av den same samanføyinga av politikk og estetikk som definerte fascismen som ei historisk masserørsle. Behring Breivik hadde først tenkt at han skulle leggja ut ein video på nettet av at han halshogde Gro Harlem Brundtland, men denne planen vart ikkje iverksett, først og fremst fordi Gro Harlem Brundtland alt hadde drege frå Utøya, og dessutan hadde det ikkje lukkast Behring Breivik å kjøpa ein IPhone som han ville bruka til å filma denne halshogginga.

Dagens terrorisme har radikalisert denne valdsestetikken gjennom å senda eller streama terrorhandlingane og massedrapa i sanntid. Eit typisk døme på denne grufulle praksisen å estetisera valda, er den australske høgreekstremisten Brenton Tarrant sine drap på 51 menneskjer i to moskear i Christchurch, New Zealand. I laupet av 36 minutt den 15. mars 2019 drap han desse 51 menneskja, samstundes som han filma drapa med eit kamera han hadde montert på ein hjelm på hovudet, eit filmkamera som vanlegvis vert brukt for å dokumentera dristige idrettsprestasjonar, slik som fjellklatring og fartsfulle laup på ski og bil. Han sendte film av desse misgjerningane direkte på Facebook, og i det same drapa vart utførte, sa han:. “Let’s get this party started,” (Macklin 2019).  

Estetikk og vald hjå ungdom

Det er også meir vanlege døme både på dette med å bruka digitaliserte videoar og strømmingar på sosiale medium til å føra saman vald og estetikk, og slik gjera valden til noko kvardagsleg og ordinært. Det er etter kvart mange skildringar av at unge menneske samlar seg for å slåst og så strøymer dei denne kampen og legg opptaka ut på sosiale medium. Eller endå verre; ei gruppe menn bestemmer seg for å bruka grov vald mot andre – ikkje fordi desse andre er fiendar eller fordi det finst ein annan særskilt grunn for aversjonen som utløyser valdsbruken – så den einaste grunnen til å bruka vald er det estetiske i å filma valda og strøyma denne på ein nettstad.

Foto: Nordfjord Folkemuseum, bearbeidet av Sosiologen.no

Det finst også svært unge menneske som utøver vald utan gode grunnar. Dei kan keia seg og mangla tilhøyrsle til familie, skule og naboskap, og berre for å få noko til å skje og skapa ein samanheng og meining i liva sine, kan dei plaga andre som skil seg ut på eit eller anna vis. Eg vil visa til 2 saker som demonstrerer denne samanhengen mellom digitalisering i sosiale medium og vald. 

Den eine saka handla om ein gjeng med jenter i 14 – 15 årsalderen som gjekk til åtak på ei 13 års gamal jente som var eit tilfeldig offer, og dei slo og sparka henne.  Jenter i 14 – 15 årsalderen lugga, slo og sparka tilfeldige offer medan valda vert filma og lagt ut på nettet. Den einaste motivasjon eller grunngjevinga for denne meiningslause og brutale bruken av vald, var at jentene tok opp video av hendinga og distribuerte dette på sosiale medium (Dagsrevyen 14. August 2023). Det vart sagt av politiet at dei vart skremde av den gove valda, og det kan synast som om grensene for valdsbruk vert flytta for å auka underhaldningsverdien på dei digitaliserte valdsvideoane.

Det kan også synast som desse unge jentene ikkje har klare grenser mellom den faktiske verda, der offera kjenner smerte og har eit moralsk ansvar, og den digitale verda der valda har fått ein estetisk underhaldningsverdi. Det kan også vera mogleg at desse unge jentene høyrer til det som sosialpsykologien Jonathan Haidt kallar Generasjon Z, som er den første ungdomsgruppa som har levd opp med smarttelefonar, sosiale medium og dataspel som dominerande erfaringshorisont og mest vanlege røyndom, noko som gjer den meir konkrete og faktiske røyndom meir fjerntliggjande.

Den andre saka er om mogleg enda meir urovekkande, fordi denne episoden handla om nokre gutar frå Karmøy som mishandla ein funksjonshemma mann på 59 år og påførte denne mannen livstrugande skader. Denne hendinga vart også filma og spreidd på nettet.  Det synest som om gutane aktivt gjekk etter den verjelause mannen, og krenka han og filma dette for å skapa underhaldning på sosiale medium og på dette viset streva dei mest truleg med å oppnå ein pervers form for prestisje (VG 14. August 2023). Dette er så grotesk at ein må stilla spørsmål ved om ein del unge menneske er så metta med digitale medium at grensene mellom den faktiske verda og den digitaliserte fantasiverda, vert borte for desse unge menneska, slik at den biologiske og sosiale naturen har blitt varig endra?

Den digitale fantasiverd og å vera tilrekneleg

Det trengst også nye kategoriar og omgrep for å klassifisera og forstå ugjerninga til terroristen og andre som bruker grunnlaus digitalisert vald,  og for å forstå kva vi meiner med moralsk ansvar og dette å kjenna på andre si smerte. Dei fleste menneske lever anten i røyndommen i kvardagsverda eller i drøyme og fantasiverda. Vi er strafferettsleg tilreknelege når vi kan skilja desse to verdene frå kvarandre, og i moralsk og psykologisk forstand har vi då adekvat realitetsorientering.

Eg vil avslutta med nokre synspunkt på kva det vil seia å vera moralsk ansvarleg og strafferettsleg tilrekneleg: Til dømes kan ein hevda at Behring Breivik var strafferettsleg tilrekneleg, fordi han agerte ut i frå ein plan som han utførte på ein rasjonell måte, sjølv om han også opererte innanfor ei digital fantasiverd, noko som vart skapt gjennom å samanføya den digitaliserte og konkrete røyndommen i ei tredje fantasiverd. Det er mykje som tyder på at for han vart det diffuse grenser mellom den faktiske verda og den digitale fantasiverda, og slik sett vart han utilrekneleg i strafferettsleg forstand, men utan adekvat realitetsvurdering: Han var både gal og relativ normal.

Men den omseggripande digitaliseringa har ført til ein veldig ekspansjon av ei tredje verd, den digitaliserte fantasiverda, som eksisterer mellom den konkrete kvardagen her og no, og drøyme og fantasiverda. Denne overgangsverda mellom fantasi og røyndom, er skildra og analysert av psykoanalytikaren Donald Winnicott  (1965) i samband med utviklingsfasar i barndommen. Han meinte at slik ting som leikar, koseklutar og bamsar, var typiske overgangsobjekt, noko som står mellom den farlege ytre verda og den heimlege og trygge verda hos mor.  Kan vi til dømes sjå på smarttelefonar som «kosebamsar» som unge menneske brukar som overgangsobjekt mellom røyndom og fantasi?

Kan vi til dømes sjå på smarttelefonar som «kosebamsar» som unge menneske brukar som overgangsobjekt mellom røyndom og fantasi?

På bakgrunn av denne innsikta kan ein seia at vi mest truleg ser døme på framveksten av ein ny type psykopatologi (slik som Jonathan Haidt skildrar den veldige auken av angst og depresjon innanfor Generasjon Z), noko som kan oppstå hjå menneske som lever mesteparten av sitt vakne liv innanfor den digitaliserte fantasiverda, eller denne tredje verda av digitaliserte overgangsobjekt, mellom røyndom og fantasi, halvt reelle og halvt fantasiar, eller den reelle virtualitet. 

Ungdommar som bruker det meste av tida si innanfor denne digitale verda, kan mest truleg få vanskar med å kjenna på andre si smerte innanfor den faktiske verda. Og moralsk ansvar kan berre dannast gjennom å møta andre sine andlet!

Referanser

Benjamin, Walter (1936). The Work of Art in the Age of Mechanical Reproduction, i Illuminations. Essays and Reflection.  Edited by Hanna Arendt (2019, 1968). Boston, New York: Mariner Books

Haidt, Jonathan (2024) The Anxious Generation. How the Great Rewiring of Childhood Is Causing an Epidemic of Mental Illness. Penguin Books Ltd. Kindle Edition.

Macklin, Graham (2019). The Christchurch Attacks: Livestream Terror in the Viral Video Age, CTC SENTINEL VOLUME 12, ISSUE 6

Roy, Olivier (2017). Jihad and Death. The Global Appeal of Islamic State. London: C. Hurst & Co

Winnicott, D.W. (1965). The Maturational Processes and the Facilitating Environment: Studies in the Theory of Emotional Development. London: The Hogarth Press and the Institute of Psychoanalysis, The International Psycho-Analytical Library,
64, s 1–276.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk