Søk
Close this search box.

Den sosiologiske offentlighet

Kulturforsking i gjennomsnittslandet

Noreg har ein audmjuk akademisk middelklasse som ikkje lever opp til klasse-sosiologiens forventningar.

Korleis startar eit forskingsprosjekt? I minnet mitt var det slik: Året er 2004. Eg og Ove Skarpenes står i hustrig vårsol utanfor Mekka (som nok ikkje hadde det namnet då heller) i Nygårdsgaten. Vi er i ferd med å avslutte doktorgradar, og vi pratar om kva som ventar no. Det skal visst vere eit program for kulturforsking på gang i NFR, og ringreven Rune Sakslind tenkjer på om dette kan vere eit høve til å gjere noko større på kunnskap, kultur og klasse – emne han har arbeidd med frå ulike inngangar over fleire år.

Også vi har vore opptatt av kunnskap som sosialt fenomen; Ove i vidaregåande skule, eg i ulike fagfelt på universitetet. Vi har vore del av ei doktorgradsgruppe som har levandegjort alle akademiske ideal; diskusjonar om tekstar, teoriar, trendar i ei blanding av alvor og skjemt, grunnlagt på både lange einsame skrivedagar og vidløftig meiningsbryting i byens skjenkestover.

Nybrottsland

Dette med den pragmatiske sosiologien til Boltanski og Thévenot er noko nytt, og eg og Ove er tidleg ute med å bruke denne sosiologien om «kritisk kompetanse». Men doktorgradar er spesialiserte og snevre saker – dei held seg innafor rammene til ein institusjon, eit delfelt. Jo, kanskje vi faktisk skal kaste oss på NFR- utlysinga, og ta mål av oss å seie noko nytt og større om det norske samfunnet?

«Kunnskapssamfunnet». Det er visstnok det vi lever i. Men kva tyder det? Det må vel i alle fall medføre at menneske som har lang utdanning (og derfor mykje kunnskap) spelar ei særskilt viktig rolle i å forme samfunnet. Skal nemninga ha noko for seg må denne gruppa på avgjerande måtar forme kultur, maktforhold og institusjonar, og det må vere kunnskapen som er den viktigaste ressursen deira for ei slik forming

«Kunnskapssamfunnet». Det er visstnok det vi lever i. Men kva tyder det?

Sosiologiske og historiske delstudiar av profesjonar, utdanning og politikk bidrar nok til biletet av innverknaden til dei utdanna gruppene, men kva med heilskapen og samhaldet i gruppa sett under eitt? Dannar akademikarane ein sosial klasse gjennom delte interesser og verdiar, og som dei nyttar til å konsolidere seg og dra grenser mot andre konkurrerande samfunnsgrupper? Og ikkje minst; kva tenkjer denne gruppa sjølv om desse spørsmåla? Korleis forstår dei sin eigen status, og kva for dagleglivserfaringar gjer dei seg i møte med folk som er meir eller mindre like dei sjølve? I Noreg fanst det ikkje mykje empirisk kunnskap om slikt. Dette var nybrottsland.

Den samfunnsforplikta mellomklassen

Etter 113 intervju med høgt utdanna personar innanfor helse og medisin, samfunnsvitskap og humaniora, naturvitskap og teknologi, økonomi og jus, og tallause timar med samtalar, analyse, lesing, diskusjon, irritasjon, framgang og tilbakeslag, er dette noko av det vi fann ut[1]:

Noreg har ein «audmjuk» akademisk middelklasse. Utdanning, kunnskap og kultur er ressursar for gruppa i form av kvalifikasjonar til trygge jobbar dei personleg finn interessante, men dei aller fleste ser dette vel så mykje som ressursar for arbeidsplassen, for samfunnet og andre menneske. Dei er fellesskapsorienterte, og drar i liten grad fram førebilete frå eiga gruppe, eller grupper med høgare status enn sin eigen. Heltane for denne «klassen» er hjelpepleiaren, den omtenksame naboen og den frivillige i Norsk Folkehjelp.

Kompetansen og betydinga den norske middelklassepersonen gir seg sjølv medfører ikkje ei utviding av makt og hegemoni på andre felt

Ser dei altså på seg sjølve som makteslause og utan særleg betyding? Nei. Det er ei gruppe som er trygg på sin faglege kompetanse og som veit at dei er viktige på jobben. Men dei er viktige på same måte som den kompetente tømraren, industriarbeidaren og bussjåføren er det. Kompetansen og betydinga den norske middelklassepersonen gir seg sjølv medfører ikkje ei utviding av makt og hegemoni på andre felt. Om du er spesialist i økonomi eller helse, så er ikkje dermed den kulturelle smaken din eller fritidsinteressene dine spesielle, og det er i alle fall ikkje noko du ønskjer å påtvinge andre.

Sjølv den akademiske kunnskapen, som er grunnlaget for arbeidsforhold og kompetanse, blir sett som avgrensa. Andre innsikter og kunnskapsformer kan i like stor grad medverke til forståing og klokskap. I dette skimtar vi – nei, ser vi – ei moralsk stemme som går igjen; ei stemme som søkjer likskap, respekt for andre og som er skeptisk mot dei fleste former for elitisme.

Kultur og samfunn som ein tett, samanvevd heilskap?

Å kalle klassen «audmjuk» grunnar seg delvis på ein fordom om at ei slik høgt utdanna gruppering (stundom også høgt lønna) ikkje samstundes kan vere kulturelt og politisk måtehalden. At ein så å seie burde forvente at dei skulle vere hovmodige og sjølvhevdande overfor andre. Klasse- sosiologien er rik på fordommar av denne typen, og stør seg mellom anna på følgjande føresetnad: Sosial integrasjon og kulturell integrasjon er to sider av same sak. Med på lasset av eit sosialt hierarki av inntektsforskjellar, yrkeskvalifikasjonar, kjønn, etnisitet, osv., følgjer det kultur, holdningar, interesser, vanar og verdiar som også er rangordna.

Frå Bourdieu sine studiar har sosiologar (og mange andre) lært at alle samfunnsgrupper har kunnskap om, og innordnar seg ein legitim hegemonisk kultur

Verdien av kulturen følgjer det sosiale hierarkiet i form av «homologiar» mellom posisjon og kultur. Går ei gruppe med høg sosial status i operaen, ja, då er opera høgt kulturelt verdsett i samfunnet. Tar dei utdanna gruppene til med å ete fårikål og kjøtkaker, ja, så er det altså det som er siste skrik innan kulturdistinksjon.

Å forstå dette som at opera og kjøtkaker er fine og tilforlatelege fenomen, som har fått eit moteoppsving eller som eit utrykk for personleg interesse, blir av den fordomsfulle sett som latterleg naivt: Ein middelklasseperson som har hjelpepleiaren som helt, er sjølvsagt ikkje nokon beskjeden altruist, men driv inntrykksstyring med tunge maktimplikasjonar. Alt folk gjer har betydingsfull betyding, det finst ikkje “uskuldige” praksisar – “there is no way out of the game of culture”. [2]

Berre ein legitim kultur?

Ein beslekta føresetnad for slike fordommar er ideen om at kulturen i samfunnet er ein ordna heilskap, som alle kjenner og tar del i, nærmast enten ein vil det eller ikkje. Og her må vi setje bjølla på katten; det er Pierre Bourdieu sitt Frankrike som i stor grad dannar førelegg for denne ideen. Frå Bourdieu sine studiar har sosiologar (og mange andre) lært at alle samfunnsgrupper har kunnskap om, og innordnar seg ein legitim hegemonisk kultur.

Det er ikkje noko problem å vere professor og høyre på countrymusikk (utan ironisk distanse)

Utdanningsborgarskapen definerer i stor grad denne kulturen. Folk kan miskjenne denne kulturen (nekte seg sjølve det som uansett blir nekta dei), dei kan småborgarleg og skuleflinkt streve med å leve opp til han, dei kan resignert la seg kue av han, dei kan opponere på meir eller mindre adekvate måtar, men ingen kan stille seg likegyldige til den hegemoniske kulturen. Det finst berre eitt sosialt rom.

For Frankrike på 1960-, 70-, og 80- talet kan dette godt ha vore ei dekkande og rimeleg skildring av den sosiale røyndomen, og skildringa er moglegvis framleis gyldig. Det franske kulturelle klassifikasjonssystemet er nemleg i stor grad «tightly bounded» (Lamont, 1992: 115), dvs. at det finst klare og strenge oppfatningar for korleis normer, verdiar og interesser er koda sosialt, og at desse oppfatningane er jamt fordelte og aksepterte i populasjonen.

Kultur utan ironisk distanse

Det vi har funne i studien av den norske middelklassen er derimot sterke indikasjonar på ein «loosely bounded culture» (ibid.), der det går heilt fint å vere psykolog og oppta seg mest med underhaldande spenningsfilmar. Det er ikkje noko problem å vere professor og høyre på countrymusikk (utan ironisk distanse), det er inga krise om eigne ungar tek yrkesutdanning om dei blir lukkelege med det (og det er det få som tvilar på at dei kan), og universitetet er vel så viktig demokratisk institusjon som ein vitskapleg.

Gir vi eit  idyllisk og blåøygd bilete av middelklassen og Noreg i denne studien?

Informantane våre er ikkje flaue over sine interesser og meiningar, og dei ville oppfatte intervjuarane som nokså underlege, om vi skulda dei for å prøve å lure seg sjølve eller oss, når dei snakkar slik. På det kulturelle området finst det sannsynlegvis fleire «sosiale rom» i Noreg. Folk i praktiske og akademiske yrke kan leve nokså ulike liv (men også likne kvarandre meir enn vi kanskje trur), og dei kan ha meir eller mindre kunnskap om desse forskjellane. Men dei har eit avslappa forhold til dette. Dei kan vere høfleg interesserte i kulturen til andre medborgarar, eller dei kan riste forundra på hovudet. Men det er i grunnen ikkje så mykje som står på spel.

Det viktigaste er uansett å gjere sitt beste i det livet og den jobben ein har. I Noreg finst det ein veg ut av det kulturelle spelet.[3]

Gjennomsnittslandet

Eg ruslar ut av finansdepartementet, og informanten har gitt meg følgjande ord med på vegen: «Jeg tror de fleste i Norge vil være lykkelige gjennomsnittsmennesker i et gjennomsnittsland, sånn som Åge Aleksandersen synger om». Og Åge held fram:

I ein jobb som æ like, med ett liv som itj sprike

Der vi føle vi e med og kan bestem

Hand i hand

Åge manglar nok nokre nyansar i samfunnsanalysen sin, og sjølvsagt er «gjennomsnittsland» eit fagleg ubrukeleg omgrep. Likevel fangar det godt den moralske tonen som dominerer mellom dei høgt utdanna i Noreg, og som også tidlegare norske poetar har merka seg:

Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd [4]

Gir vi eit  idyllisk og blåøygd bilete av middelklassen og Noreg i denne studien? Vel, det er sjølvsagt ikkje gitt at alle vil sjå likskapsideologi og verdsetjing av det gjennomsnittlege som nokon idealkultur. Slik sett må ein gjerne sjå studien som eit bidrag til den kritiske sosiologien. Vi meiner sjølve at vi har gitt ei så etterretteleg skildring som mogleg av dette universet, sjølv om biletet framleis ikkje er ferdig.

Til sosiologien: Kvifor er historisk- sosiologiske perspektiv så svake i faget?

Det ligg spørsmål både om samfunnet og spørsmål til sosiologien i etterkant av studien vår. Om samfunnet: Kor spesiell er den «norske» samanhengen mellom utdanningskunnskap og kultur? I kva grad er det norske samfunnet konfliktfylt, og kva dreiar slike konfliktar seg om i ein egalitær kultur? Kor historisk stabil er den konfigurasjonen vi har observert? Har dei unge som i dag oppnår høgare utdanning ein annan normativ og kulturell profil enn den vi har studert?

Til sosiologien: Kvifor er historisk- sosiologiske perspektiv så svake i faget? Kvifor ser ein så lett vekk frå at alle samfunn er «spesialtilfelle av det moglege», der desse tilfella er skapte gjennom lange historiske linjer og med sosiale og kulturelle komponentar som kan vere nokså særeigne for samfunnet det gjeld? Kvifor ser universalistiske teoretiske overbygningar, vasstette omgrepssystem og store statistiske modellar som regel ut til å trumfe empiriske, meir moderate perspektiv?

Vi meiner vi har medverka til eit tiltrengt fagleg mangfald med studien av middelklassekulturen i Noreg, og håpar boka kan vere til inspirasjon for andre som står i vårsola og spør seg: Kva no?

Etterord

Eg er i Årdal i Sogn og Fjordane og intervjuar ein industriarbeidar i slutten av 50- åra. Han ser på meg med eit underfundig uttrykk (kanskje lett faderleg?) og seier: «Ja, du har gått lenge på skulen du?». Og sosiologen med den lange skulegangen svarar: «Ja, men eg har ei lita hytte på fjellet her, og eg likar godt å fiske…».

Rune Sakslind, Ove Skarpenes og Roger Hestholm gir ut boka «Middelklassekulturen i Norge – en komparativ sosiologisk studie» på Spartacus forlag AS, desember 2018.

Noter

[1] I boka vi gir ut hausten 2018 samlar og arbeidar vi vidare med funn og analysar som tidlegare delvis har kome som publikasjonar på norsk og engelsk. Middelklassestudien dannar også grunnlag for samanlikningar i det pågåande arbeidet vi gjer om norsk arbeidarklasse.

[2] På norsk: «Vi slipper ikke ut av kulturens spill…» (Bourdieu, 1995: 55). Moralske normer kan heller ikkje ha nokon sjølvstendig eksistens i dette perspektivet.

[3] Vi har undervegs i studien stundom diskutert om Oslo (og bestemte utdanningslag og område her) kanskje er meir «tightly bounded» enn resten av Noreg, og at den bourdieuske analysen derfor er enklare å reprodusere i denne byen.

[4] Ivar Aasen: «Nordmannen» (ei av dei apokryfe strofene).

Litteratur

Bourdieu, P. (1995): Distinksjonen. En sosiologisk kritikk av dømmekraften. Oslo: Pax Palimpsest.

Lamont, M. (1992): Money, Morals & Manners. The Culture of the French and the American Upper- Middle Class. Chicago/ London: The University of Chicago Press.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk