Den sosiologiske offentlighet

Meir om dei mange klassereisene

Klasseforskninga må unngå å bli glupsk og altetande, meiner Hestholm, Sakslind og Skarpenes.
Foto: Norsk Industriarbeidermuseum (bearbeidet av redaksjonen)

Takk til Stian Uvaag som har skrive eit innsiktsfullt innlegg om sosial mobilitet. Han finn innlegget vårt interessant, men det er litt uklart kvifor. Stundom har teksten formuleringar som gir inntrykk av at han kritiserer oss, men det er ingen tung kritikk. Dei fleste poenga i vår tekst går han likevel forbi utan kommentar.

Det mest tydelege i bidraget frå Uvaag er at emnet «klassereiser» (i skjønnlitteratur og sosiologi) blir sjalta over til det allmenne teoretiske feltet sosial mobilitet. Dermed forsvinn mykje av konteksten for vårt innlegg, som hovudsakleg prøvde å tenke høgt om korleis klassereiser ser ut i Noreg. Når vi skriv om tenkte tilstandar i Odda, Flekkefjord og Grimstad var det for å gi prioritet til eit perspektiv som ser etter korleis konkrete samfunnsformasjonar formar menneskeleg erfaring. I dagens norske sosiologi kunne det godt ha vore fleire som prioriterte slik.  

I all vitskap er det eit driv etter å universalisere kunnskap. Dette gjeld også kunnskap grunnlagd på empirisk forsking. Etter at ei undersøking er gjennomført – og den må nødvendigvis bli utført i eit konkret samfunn med konkrete aktørar – så ligg det i korta at kunnskapen frå denne studien skal seie noko meir enn berre om det konkrete samfunnet og dei konkrete aktørane. Ein skal generalisere, teoretisk eller empirisk. Slik er vitskapens vesen. Men stundom artar generalisering seg som ei flukt vekk frå det som var særmerkt for det konkrete caset. Det er gode grunnar for ein slik uheldig tendens: Ved å flytte kunnskapen over i det allment kjende fagspråket og til allment kjende perspektiv, slepp ein unna det innfløkte og tidkrevjande arbeidet med å utvikle ei forståing som er basert på det spesielle ein faktisk har observert. Dessverre gir denne typen universalisering også mindre motstand hos kollegaer og fagfeller fordi desse lett kjenner igjen omgrep og perspektiv, og dei kan enkelt slå seg til ro med at dette er «normalvitskap» (Kuhn 1962). 

«Det er greitt å skrive allment om sosial mobilitet, men det var ikkje det vi tok sikte på med teksten vår».

Klassereiseteksten vår var spørjande i form og hadde berre delvis eit empirisk grunnlag, men meinte likevel å peike på betydninga av konkrete samfunn, oppvekstar og reiser når ein skal forstå korleis klasse blir erfart i slike prosessar. Det er greitt å skrive allment om sosial mobilitet, men det var ikkje det vi tok sikte på med teksten vår.  

Ein merknad til omgrepet «klassereise»: Vi meiner dette ikkje berre er ei meir folkeleg nemning for «sosial mobilitet». Klassereise handlar om reisa mellom klassar, der det er konfliktfylte eller harmoniske forhold mellom verkelege grupperingar. Når sosial mobilitet vert nytta i sosiologien, siktar ein like gjerne til forflytningar opp og ned i statistisk inndelte sosiale lag. I tillegg er det ei tydeleg subjektiv side i «klassereise». Her står individuelle opplevingar og erfaringar i sentrum. For mobilitetsforskinga er denne opplevingsdimensjonen sekundær.   

Eit overbelasta klasseomgrep?

Når Uvaag i gjennomgangen sin er ferdig med Sorokin (som syner seg å ikkje vere særleg til hjelp om ein vil forstå korleis individuell sosial mobilitet blir erfart), kjem han inn på «Litteraturens vanskelige reiser» og «Erfaringer av sosial mobilitet i sosiologisk forskning». Han legg vekt på å framheve nødvendige nyansar i begge desse kunnskapskjeldene. Atypiske kjønnsuttrykk, homofil legning, og/ eller ein oppvekst prega av alkohol og mishandling gjer at vi ikkje bør bli overraska over agget dei litterære forfattarane har andsynes eigen bakgrunn. I forskinga er det særskilt dei brå skifta mellom veldig ulike statuskulturar som er problematiske, skriv Uvaag. Eksempelvis frå arbeidarklassen til den øvre kulturelle middel- eller overklassen via utdanning. Javel. Så er det at «mobile individer» må handtere ulike miljø med ulike verdiar, og dei må forhandle «sosiokulturelle spenninger». 

Vi har alt nemnt den uheldige (men lønnsame) universaliserande tendensen som får sosiologar til å skrive så sjølvsagt om «arbeidarklassen» og «den øvre kulturelle middel- eller overklassen», som om dette er storleikar vi finn på same vis, i same versjon, overalt. Så nok om det. Uvaag nyanserer, men også det blir mest allment og uforpliktande:

«Hvordan folk imøtegår disse utfordringene, hvor belastende det oppleves og hvordan individets identitet er i spill mellom ulike kulturer, vil sannsynligvis variere individuelt og kanskje endres gjennom livet.»  

 

 

«Men kor mykje er det igjen av klasse som forklarande faktor, dersom vi tek all denne kompleksiteten like alvorleg?»

Slik er det. Det er svært mykje i eit levd liv som formar korleis vi møter, og seinare reflekterer over reisa fram mot ein vaksenposisjon med yrke, inntekt og status (eller mangel på dette). Men kor mykje er det igjen av klasse som forklarande faktor, dersom vi tek all denne kompleksiteten like alvorleg? Må vi slanke klasseomgrepet, slik at det ikkje lenger slukar alle livserfaringar, interesser og verdiar? Eller meiner vi at «All historie om samfunnene til i dag er historien om klassekamper» (Marx 1971, s. 62), ei formulering Christopher Bryant (1975) nemner som kandidat for eit overordna paradigme for sosiologifaget?

Uvaag meiner kanskje det siste, for han er nøye med å understreke at både dei atypiske kjønnsuttrykka og dei sosiokulturelle spenningane må haldast opp mot «…de sosiokulturelle strukturene som samtidens klasseforskning fokuserer på». Og samtidas klasseforsking er jo ikkje mindre ambisiøs enn Marx og Engels var. Sjølv om «samtidens klasseforskning» heller sjeldan er opptatt av å forstå historia, så legg jo denne forskinga nettopp opp til å gi klasse ei slik hovudrolle i forståinga av samfunnslivet. Striden mellom klassar inneber at det meste er relevant for “de sosiokulturelle strukturene”; alle typar kjensler, interesser, erfaringar.    

For å gjere dette litt meir konkret: Ein klassereisande (enten det er ein forfattar, ein kronikkskribent, eller kanskje ein sosiolog) kan skamme seg for dialekta si, eller ho opplever at universalpragmatikken til Habermas er vanskeleg å forstå. Ein annan kan oppleve å ikkje bli invitert på studentfesten, han tok med seg feil mat til julelunsjen, eller var blyg i samtale med andre. Slike erfaringar let seg lett passe inn i ei forteljing der klasse har hovudrolla. Og i så fall møter ein liten motstand i «samtidens klasseforskning», for der er ein opptatt av korleis klassemakt nådelaust set seg fast både i kroppen og sjela.  

Vi meiner ikkje at erfaringane i desse eksempla ikkje kan vere del av ein strid mellom klassar, men om ein forstår det slik utan vidare (t.d. utan å sjå på kva for konkret samfunn eller samhandling ein har med å gjere), så blir klasseanalysen glupsk og altetande. 

Klasse som refleksiv kategori

Det at den sosiologiske forståinga av klasse er såpass altomfattande kan moglegvis også bidra til at forståinga blir allmennkunnskap i samfunnet. Mange kan kjenne seg att i erfaringa av å vere utilpass, sjenert og ikkje strekke til i kunnskap og utdanning. Samtidas klasseforsking byr fram ei forståingsramme til alle som har slike erfaringar. Som vi mellom anna har lært av Hans Skjervheim (1996), er kunnskap om mennesket refleksiv, dvs. at den faglege forståinga av klasse kan bli tatt opp i forståinga vanlege menneske har av seg sjølve. Dette kan produsere både sjølvoppfatningar og skjønnlitteratur, noko som igjen endrar sjølve fenomenet klasse.

 

«Sett på spissen kan altså arbeidarklassebakgrunn bli til eit våpen i eit meritokratisk samfunn. »

Sosiologisk kunnskap om klasse har altså også ein performativ funksjon; den kan skape og forsterke fenomenet den fortel om. Klassereisande norske ungdommar kan dermed – med eit krasjkurs i klassesosiologi – tolke seg sjølve som underprivilegerte underdogs, sjølv om dei møter ungdommar som til forveksling liknar dei sjølve. Og som vi skriv; nokså mange er stolte av arbeidarklassebakgrunnen sin, og framhevar det, kanskje som ein versjon av «å starte med to tomme hender». Sett på spissen kan altså arbeidarklassebakgrunn bli til eit våpen i eit meritokratisk samfunn. Eller det kan vere til trøyst når akademisk kunnskap er vanskeleg å forstå. Ei trøyst som ikkje er tilgjengeleg for ungdommar med høgt utdanna foreldre. 

Vi meiner ikkje at det vi nettopp har skrive er typisk eller vanleg, heller ikkje i ein norsk kontekst. Men også slike fenomen er både moglege, tenkelege og stundom sannsynlege, og dei vedkjem og kan skjerpe blikket for kva klassemakt er og kan vere.  

Høgare utdanning som klassedelt transportmiddel?

Eitt av poenga som Uvaag ikkje kommenterer er spørsmålet om korleis akademisk kunnskap er klassa. Er akademisk kunnskap – relativitetsteori, personlegdomspsykologi, diskursanalyse – i og for seg klassa?

 

«Er kvalitetsvurderinga dei gjer av det faglege arbeidet til studentar overstyrt av preferansar for korleis dei ter seg, språkleg, i klesstil og i fakter?»

Svarar ein ja på dette, ligg det snublande nær å hevde at menneske frå bestemte samfunnsklassar av natur ikkje er i stand til å tileigne seg denne typen kunnskap. Og ei slik oppfatning meiner vi er urimeleg. Skal ein byggje ei bru eller dempe edderkoppfobi er det ingen veg utanom å lære seg fysikkformlar eller åtferdsterapi. I desse tilfella må det dermed vere formidlinga av kunnskapen, enten frå sendar- eller mottakarsida som i så fall er klassa. Men korleis skjer dette på norske universitet og høgskular? Fleire norske universitetslærarar har sjølve foreldre utan mykje utdanning eller økonomiske ressursar. Plukkar desse ut studentane som viser dei rette symbola på høg sosial status og sender dei vidare med gode karakterar? Er kvalitetsvurderinga dei gjer av det faglege arbeidet til studentar overstyrt av preferansar for korleis dei ter seg, språkleg, i klesstil og i fakter? Kva for språk, stil og fakter er det i så fall som lønner seg for norske studentar i Oslo, Bergen, Tromsø eller Gjøvik?    

Dette er vanskelege spørsmål som vi ikkje har svar på, men som vi meiner er viktige. Dei krev eit asketisk klasseomgrep som er var for kva empirien fortel.

Referanser

Bryant, C. Kuhn, Paradigms and Sociology. The British Journal of Sociology, Vol. 26, No. 3 (Sep., 1975), pp. 354-359.

Kuhn, T. S. (1962). The Structure of Scientific Revolutions. University of Chicago Press.

Marx, K. 1971. Verker i utvalg 4. Politiske skrifter. (Det kommunistiske partis manifest, s. 61.-92).  Redigert av Jon Elster og Einhart Lorentz. Pax Forlag. 

Skjervheim, H. Sosiologien som vitskap: positiv eller kritisk disiplin. I Skjervheim, H. (1996). Deltakar og tilskodar og andre essays. Aschehoug.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk