Den sosiologiske offentlighet

«Hva er arbeid?»

Cato Wadels artikkel fra 1977 utvidet selve arbeidsbegrepet i samfunnsvitenskapen.

Cato Wadel

Cato Wadel (f. 1936) ble magister i sosialantropologi, Bergen 1966.  Han var assisterende professor ved Memorial University of Newfoundland 1967-70, amanuensis ved Universitetet i Oslo 1970-72, førsteamanuensis og professor i samfunnsvitenskap ved Universitetet i Tromsø til 1983.

Han flytta deretter heim til Flekkefjord som faglig base, men var også i periodar forskningsveileder ved Institutt for samfunnsforskning, professor II ved Norges fiskerihøgskole og professor ved Høgskolesenteret i Rogaland (1993-2005).

TEKST: Andreas Hompland

Når mor mi blei spurt av folk i dalstrøka innafor kva det var eg dreiv på med, svarte ho: «Nei, Andreas har aldri hatt noe ordentlig arbeid». Eg hadde gått på skule og universitet i mange år; eg skreiv i aviser og blader og snakka i radio; eg hadde vore forskar. Men ikkje noe av det var «ordentlig» arbeid, for det var lite fysisk og produktivt over det. Det blei endå vanskeligare då eg begynte å frilansa, for då hadde eg heller ikkje «fast» arbeid.

Mor mi hadde heller ikkje noe ordentlig arbeid i begrepsmessig forstand, verken folkelig eller fagøkonomisk, sjøl om ho arbeidde heile tida, både tidlig og seint. Ho administrerte familien og heimen på husmorvis og var nødvendig bakkemannskap for lastebilkjøringa og bensinstasjonen til far min. Ho hadde hønsehus og stor kjøkkenhage og hjelpte onkelen min i slåtten. Ho sydde om klede for slektningar og naboar, dreiv sanitetsforeninga i skulekretsen og strikka mange av gevinstane til den årlige basaren. Og ho var i fleire periodar medlem av bygningsrådet i kommunen. Men noe ordentlig og lønna arbeid hadde ho ikkje før ho blei enke i 60-års alderen. Då tok ho toget til Flekkefjord to dagar i veka og var barnevakt og hushjelp for ein legefamilie.

Eg bed om forladelse for denne personlige inngangen som ligg litt på sida av mi arbeidsoppgave, men det er slike trivielle saker Cato Wadels kanoniserte artikkel handlar om, og det er sånn han hentar mye av sin gjenkjennelige empiri for å bygga ut sosiologiske resonnement til kategoriske utvidingar og avklaringar. Eg har sjøl lånt eit motto frå han: «Vi bør gjøre mer sosiologi ut av sånne småting som vi ellers ikkje gjør noe med.» Tilsynelatande naive og trivielle observasjonar og erfaringar som ein bruker til å stilla seg undrande til det tatt-for-gitte, er ei viktig side ved feltarbeid i eigen kultur.

Wadels utvida og mangslungne arbeidsbegrep uttrykker også ein ambisjon på vegne av samfunnsvitenskapen.

Cato Wadels første fagutdanning var som korsett-teiknar, men det er ikkje dei stive og stramme formene som er hans styrke som samfunnsvitar; det er dei åpne og prøvande kategoriane. Med sitt antropologiske blikk på dagliglivets organisering og aktørane sitt arbeid med å definera sine posisjonar, gir han innhald til «hverdagslivets sosiologi».

Cato Wadel starta sitt faglige løp med å studera fiskar- og utkantmiljø i den barthske tradisjon, og han hadde sine formative akademiske år på Newfoundland. Då han vende tilbake til Oslo og Tromsø, var det med den strålande boka Now, Whose Fault Is That? om den delvis arbeidsuføre tømmerhoggaren George og hans kamp for sjølrespekt og verdighet i ein situasjon med kronisk undersysselsetting. I forordet takkar Wadel si ikkje-akademiske kone, Nøva, for at ho insisterte på at han måtte skriva ei bok som formidla det informantane hadde å seia, og slik at boka kommuniserte både med dei og akademiske lesarar.

Dette har han levd opp til, både i bøker og artiklar og andre formidlingssjangrar. Sjøl om han ikkje har særlig greie på fotball, var han med som assistent og inspirator då sosialpedagogen Kjell Schou Andreassen var landslagstrenar i tospann med Nils Arne Eggen. Saman med Schou Andreassen skreiv Wadel også boka Ledelse, teamarbeid og teamutvikling i fotball og arbeidsliv.

«Hva er arbeid» (Tidsskrift for samfunnsforskning 5-6/1977) er ein grunnleggande refleksjon om arbeid som aktivitet og begrep. Wadel undrar seg over at så mye sosialt nyttig og verdiskapande virksomhet verken er ein del av økonomisk eller folkelig forståelse av skikkelig arbeid. Han vil oppgradera dagligdags folkelig aktivitet som normalt fell utanfor det sterkt verdiladde og moraliserande arbeidsbegrepet. Om heile folket er i arbeid og bidrar til samfunnsmessig verdiskaping, kan ikkje lesast ut av sysselsettingsstatistikken.

Cato Wadels første fagutdanning var som korsett-teiknar, men det er ikkje dei stive og stramme formene som er hans styrke som samfunnsvitar; det er dei åpne og prøvande kategoriane.

Wadel prøver ut grensene mellom arbeid og ikkje-arbeid og utvidar arbeidsbegrepet i fire retningar for å omfatta eit breiare spekter av nødvendige institusjons-vedlikehaldande samfunnsaktivitetar som blir oversett som arbeid: Uformell organisasjon innan formelle organisasjonar; eigenarbeid i familie, nærmiljø, lokalsamfunn og sosiale nettverk;  uformell politisk aktivitet; klientrollen i profesjonelle relasjonar. Dersom «arbeid» blir snevra inn til det som er inntektsbringande på faste steder og til faste tider innafor formelle relasjonar på arbeidsmarkedet, fell mye nødvendig, samfunnsmessig virksomhet utanfor.

Wadels utvida og mangslungne arbeidsbegrep uttrykker også ein ambisjon på vegne av samfunnsvitenskapen. I skjeringsfeltet mellom sosiologi, antropologi og statsvitenskap og dei fagas forståelse av sosiale institusjonar og meiningsdanning, ligg nøkkelen til eit arbeidsbegrep som fangar meir av den samfunnsmessige virkeligheta enn den økonomiske markedsobjektiviteten.

Ut frå desse refleksjonane og begrepsfestingane lanserer Wadel sin (foreløpige) definisjon av arbeid: «Arbeid er menneskelige aktiviteter som kan påvises å vedlikeholde, etablere eller endre alment verdsatte institusjoner, enten disse aktiviteter har dette som målsetting eller ikke.»

«Hva er arbeid» var ein slags programartikkel for prosjektet «Arbeid og sysselsetting i 1980-årene». Wadel utdjupa og utvida perspektiva i «Trygdeliv og arbeidsliv», «Det skjulte arbeid» og «Dagliglivets organisering» som han redigerte i serien «Kvinners levekår og livsløp». Det er stadig vanskelig å lesa den kanoniserte artikkelen og andre delar av Wadels verk utan at det kriblar i den sosiologiske kloa som hentar skarphet frå Elton Mayo, George Homans og Peter Berger.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk