Den sosiologiske offentlighet

Linda-Marie Leirpoll – Flyktningveileder i NAV

Ved å setje saman kunnskapen frå sosiologien sit eg igjen med ei betre forståing av heilskapen. Det gjer det lettare å rettleie brukarane mine, for saman kan vi sjå på løysningar og strategiar som også lønnar seg fram i tid, seier Linda-Marie Leirpoll.

Kvifor valgde du sosiologi?

Eg fekk kallenamnet «filosofen» på russehua mi. Grunnen til namnevalet, var at eg alltid stilte spørsmål og var nysgjerrig på livets store spørsmål. På den tida visste verken eg eller vennane mine kva ein sosiolog var, men då eg bladde gjennom listene på samordna opptak, skjønte eg at det var sosiolog eg eigentleg skulle hatt på russehua. Eg har så lenge eg kan hugse vore svært nysgjerrig på korleis individet blir forma og påverka av samfunnstrukturane, og motsett veg, korleis individet formar strukturane. Eg stilte spørsmål ved kvifor enkelte menneske gjorde handlingar som for andre var svært utenkelege, eller kvifor vi har eit samfunn med så mykje ulikskap. Eg ser nok dessverre at fem år med sosiologi har gjeve meg færre svar enn eg hadde håpt på, men heller endå fleire interessante spørsmål!

 

Kva jobbar du med i dag?

Eg jobbar som flyktningrettleiar ved Integreringsavdelinga i NAV. Som rettleiar har eg ansvar for flyktningar som er ferdig med introduksjonsprogrammet, men som framleis har behov for ekstra oppfølging, enten det er å komme i arbeid eller å gå vidare på skule. Mi oppgåve er å rettleie dei til gode yrkesval, karriereval og generelt gjere dei betre rusta for det norske samfunnet og kulturen.

Foto: Linda-Marie Leirpoll

Linda-Marie Leirpoll er utdannet sosiolog ved Universitetet i Agder og jobber nå som flyktningsveileder i NAV

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

Heldigvis varierer arbeidsdagane mine ganske mykje, for ingen av dei menneska eg rettleier er like eller har likt utgangspunkt. Arbeidsoppgavene kan omfatte alt frå ein tur til legen, undervise om jobbintervju til å fylle ut skilsmissepapir. Å skaffe seg ein jobb er berre ein av dei mange utfordringane ved å komme til eit nytt land og ny kultur. Eg hjelper flyktningane med det dei treng hjelp med, og prøver så godt eg kan å rettleie dei til lure val inn i framtida.

Kva er sosiologi for deg?

Om det er sosiologien som har utvikla meg og mi forståing, eller om det er alderdom og livserfaring – det er vanskeleg å vite. I mine auge har sjølvsagt sosiologien gjeve meg uvurderleg kunnskap og nytteverdi til mine tankeprosessar, og har gjort mi evne i betre stand til å sjå heilskapen og perspektiv. Det kanskje aller viktigaste med sosiologien for min del, handlar om å ha forståing for korleis rammene og strukturane legg føringar for oss individ. I møte med nye menneske kan eg aldri forstå korleis vedkommande føler seg eller har det, fordi eg ikkje har same livshistorie og oppleving av ulike situasjonar som vedkommande har. Eg kan likevel prøve å forstå, gjennom kunnskap om ulike samfunnsprosessar og perspektiv. Det same føler eg på i møte med brukarar. Den kjensla vedkommande sitte med, makteslaus, i eitt nytt land, underlagt ein ny samfunnstruktur, den kjensla har eg ikkje følt på sjølv, men eg trur sosiologi har gitt meg nyttige redskapar i møte med brukararne. Det eg kan gjere, er og forsøke å forstå, og tilrettelegge på ein best mogeleg måte. Akkurat den forståinga vel eg å tru at sosiologien har hjelpt meg på veg med.

Det kanskje aller viktigaste med sosiologen for min del, handlar om å ha forståing for korleis rammene og strukturane legg føringar for oss individ.

Var det nokon spesielle felt innen sosiologien som vekka di interesse?

Det er fleire felt som har vekka mi interesse innan sosiologien. Eg tok bacheloren min i Sogndal, der eg hadde eit årsstudium i ungdomssosiologi. Ungdomssosiologien har på mange måtar vore det store interessefeltet gjennom studieløpet, og eg har satt ungdom i hop med andre sosiologiske felt, deriblant kjærleikssosiologien og kultursosiologien. Eg fekk også stor interesse for sosiologi i ulike kulturelle kontekstar etter eit år med utviklingsstudier og to feltarbeid gjennom studieløpet. Det har nok påverka interessa for å ville jobbe med flyktningar og jobbe for å gjere Noreg til det beste landet på integrering.

 

Korleis bruker du sosiologien i arbeidet ditt?

Eg brukar sosiologien kvar dag! Det kan vere alt i frå spørsmål om makt i møte med brukarar, til forståinga av velferdsstaten. Eit menneskeliv er komplekst og det er mange potensielle fallgruver gjennom livet, enten det er å komme seg i jobb eller stifte familie. Gjennom sosiologien har eg lært om alle desse livsaspekta, i alt frå familielivet, arbeidsmarknad til kultur. Ved å setje saman all denne teorien, sit eg igjen med ei betre forståing av heilskapen. Det gjer det lettare å rettleie brukarane mine, for saman kan vi sjå på løysningar og strategiar som også lønnar seg fram i tid.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk