Søk
Close this search box.

Den sosiologiske offentlighet

#Møkkakjøkken – husfest som subkultur

I undergrunnsmiljøet i Trondheim kan husfest bety kulturelt samarbeid.
TEKST OG FOTO: Kristoffer Støylen Refvik

Okei, så la meg fortelle deg om det kulaste undergrunnsmiljøet i Trondheim, ein subkultur utan like. I ein by som er prega av studentar, prøvar ein å hjelpe kvarandre så godt ein kan. Studentane som driv med film lagar musikkvideoar. Studentar som driv med musikk lagar musikk til kortfilmane som takk. Folk som driv med grafisk design lagar albumcover, og folk som driv med dans vil gjerne også stille opp for å reklamere for det dei driv med. Ein herleg novemberkveld skulle vi kombinere alt. Alle tok fram lommebøkene med sosial kapital og la relasjonane på bordet: Det var duka for husfest i kollektivet vårt, for eit kulturelt samarbeid mellom alle greinene.

GJESTELISTEN: Litt av gjestelisten til det kollektive prosjektet "husfest".

Og dette er berre eine sida. Folk var gira, ikkje berre for å feste, men for å samarbeide på eit kollektivt prosjekt.

Prosjektet gjekk ut på å lage ein musikkvideo til det trondheimsbaserte bandet SKUR, til låta «Møkkakjøkken». Vi samla vener og kjende, og folk var ivrige på å hjelpe til. I sosiologien kjenner vi omgrepet subkultur som ein kultur som eksisterar innanfor ein større kultur, og som kjennetegnast ved ein rekke separate stiltrekk, overbevisningar og liknande. Den konkrete felles overbevisninga er vanskeleg å peike på, men samtlege syntes det er kjekt å stille opp, og mange stiller nok opp fordi dei har blitt stilt opp for sjølv. Det heile er prega av kultur og altruisme.

OPPRIGGING: Opprigg av utstyr på kjøkkenet i kollektivet.

Det er faktisk ikkje grenser for kva ein kan få til visst ein berre har pågangsmot og vilje til å få det til. Full opprigg på  kjøkkenet, og det var klar til fest. Man hadde kameramenn på alle kantar, og det var god stemning tvers gjennom kollektivet.

KAMERAER OVERALT: Kameramenn på alle kanter under husfesten.

Folk vart også oppfordra til å legge ut bilder og videoar under hashtaggen #møkkakjøkken, noko som gjorde at det ikkje berre var filmskaparane som bidro til å lage musikkvideoen. Dette er også eit eksempel på korleis man kan bruke relasjonar som ressursar på ein inkluderande og positiv måte, og korleis ein kan engasjere folk til å bidra til eit prosjekt utan at dei treng å jobbe unødvendig mykje for det.

MØKKAKJØKKEN: Folk var ivrige til å hjelpe til under prosjekt #Møkkakjøkken.

Det å vere med på eit felles prosjekt, og det å vere ein del av eit miljø ved sida av studiane, trur eg ikkje berre er viktig for å ha det bra, men det kan vere både givande å lærerikt. Du lærer å ta 100 % del i ein kreativ prosess utan noko form for retningslinjer. Det å skape noko eige med preg av deg sjølv og dei rundt deg er verkeleg noko anna enn å reprodusere noko som andre fortel deg at du skal gjere. Karl Marx meinte til dømes at framandgjeringa frå verkelegheita skjer når ein ikkje er med i den kreative prosessen av det ein lagar. Ver kreativ, ver modig og ha arbeidsvilje, så kjem du langt med ein god neve sosial kapital.

Søk på #møkkakjøkken på Facebook og Instagram for å sjå fleire bilete og videoar.

Kristoffer

Om Kristoffer:

23 år gammal bygdegut som flytta til Trondheim i 2012. Er første års masterstudent ved NTNU som likar musikk, leven og kultur, for ikkje å nevne øl, sjokolademelk og å møte nye hyggelege menneske.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Søk