Sosiolog var det eg skulle bli!

Ver stolt over studieretninga di, eig den, og aldri undervurder den verdifulle kunnskapen du sit igjen med som sosiolog, skriver Linda Leirpoll.

Eg tenkjer vi samfunnsvitarar må bli flinkare til å bære faget vårt med stoltheit, og ja, det er mange som er det allereie. Likevel kan vi bli endå litt betre.

Foto: Linda-Marie Leirpoll

Foto: Privat

Brødrene mine har byrja å studere, og familien var samla heime i haustferien. I det eg kjem inn døra, kjem kommentaren: «du veit systa, kommunismen har øydelagt samfunnet. Det er jo desidert kapitalismen som er svaret her i verden. Gje meg eit godt forslag på eit anna pengesystem då? Hallo??» Eg har ikkje rukke å setje frå meg baggen før eg blir angripen. «Nei, va da vi visste, du støtta berre noko som ikkje fungerer. Og eit betre forslag har du heller ikkje!!»

 

Så var eg kommunist i deira auge. Og slaget var tapt, eigentleg før eg fekk opna kjeften sjølv. For det er jo heilt openbart at vi som har valt ei samfunnsfagleg retning, kun har gjort det fordi vi ikkje visste kva vi ville bli? Eller at vi i heile teke lærer noko som har arbeidslivsrelevans. Eg fekk omsider kome til ordet: «la oss i alle fall ta denne diskusjonen etter dykk har fullført ein bachelorgrad, og ikkje sju veker på BI. Og det handlar ikkje om at dykk ikkje har nok kunnskap, men openbart har dykk mangel på ydmykhet.»

Ja, bror min har nok rett på eit punkt. Vi er nok mange som byrjar på sosiologi, historie, filosofi, sosialantropologi og så vidare fordi vi ikkje veit heilt kva vi vil jobbe med. Vi leser noko om «samfunn», «tenke sjølv», «forståing». Fem år etterpå sitter eg her, med ein mastergrad i sosiologi. Eg tenkjer vi samfunnsvitarar må bli flinkare til å bære faget vårt med stoltheit, og ja, det er mange som er det allereie. Likevel kan vi bli endå litt betre. Eg er stolt over å kalle meg sosiolog. Eg er stolt over å kunne noko om alt – å vere ei potet. Eg tok meg sjølv i å sovne med sosiologisk tidsskrift forleden kveld. Eg har det kommunistiske manifest i bokhylla. Og når eg diskuterer verda med mine venninner, der dei nyttar seg av omgrep som pasient og brukarar, blir det automatisk for sosiologar slått over til ulike fagtermar, som avvik, marginaliserte og stigmatiserte.

 

Ja, så er eg kanskje like fordomsfull mot dei. For eg har jo openbart skjønt meininga med livet etter fem år med sosiologi. Respekter faget mitt! Ver stolt over studieretninga di, eig den, og aldri undervurder den verdifulle kunnskapen du sit igjen med som sosiolog. Du har innhenta kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det heng saman og fått ting i perspektiv. Likevel trur eg ikkje det er det viktigaste ein lære på sosiologi. Eg trur det viktigaste er forståinga om at samfunnet ikkje alltid blir korrekt bygd opp, at ikkje alle samfunnsgrupper heng med, og at ingen stille likt. Og den eigenskapen, audmjukheit, gjer ein sosiolog klok.

Som det blei sagt i serien Brooklyn nine-nine;  Dialog mellom sjefen og ein ansatt:

«I was voted least friendly in high school, and here I am, a police captain.

Do you know what Mr. Popularity Vincent Mondale is doing in these days? He is a sociologist, for God’s  sake. Sociologist, Terry.»

 

Og eg trur Vincent Mondale lever eit fabelaktig liv som ein lukkeleg sosiolog!
Ber faget ditt med stoltheit <3