Møt studentbloggerne: Kristoffer

Kristoffer er 23 år, student ved NTNU i Trondheim og blogger for å gjere greie for det spennande kulturmiljøet som foregår i undergrunnen av Trondheim og for å teste fleire sprell med utspring frå fagleg sosiologisk tyngde.

Kristoffer
NAVN: Kristoffer Støylen Refvik (23)
STUDIESTED: NTNU Dragvoll, Trondheim

Hvorfor blogger du på sosiologen.no?
Eg hadde eit fag kor vurderingsformen var bloggform. Her fekk eg nytte faget kreativt, og skrive om ting som ikkje nødvendigvis var så formelt, men heller bruke etablerte teoriar til å teste ut kvardagen. Det var i denne anledninga at eg testa ut terskelteori gjennom å selge øl ut vindauge frå soverommet mitt, og det var gjerne dette innlegget som gjor at eg vart spurd om å blogge på sosiologen.no. Eg håpar å kunne nytte anledninga til å gjere greie for det spennande kulturmiljøet som foregår i undergrunnen av Trondheim, men også at det dukkar opp nokre idéar til fleire sprell ein kan teste ut med utspring frå litt fagleg sosiologisk tyngde.
Hva var det som gjorde at du begynte å studere sosiologi?’
Eg hadde eigentleg byrja ved ein bachelorgrad i sosialt arbeid ved Høgskulen i Volda. Det var likevel fleire ting som gjor at eg flørta med tanken om å flytte til Trondheim. Etter å ha hatt eit innføringsemne i sosiologi i Volda, fann eg fort ut at faget stilte spørsmål som interesserte meg. Kva er formålet vårt? Kva driv vi med? Kvifor oppfører vi oss som vi gjer? Formar vi samfunnet som ei kollektiv gruppe, eller er det samfunnet som formar oss? Går det begge vegar? Og kvifor får ikkje generasjonen vår til eit kollektivt generasjonsprosjekt? Søken etter svar førte meg til sosiologifaget ved NTNU, noko som har ført med seg mange svaralternativ, men også nye store og små spørsmål.
Hva driver du med når du ikke studerer?
Eg driv veldig mykje med kulturelle småprosjekt. Alt frå å spele i band, både i elektroniske-, pønka- og rockeband, til å bidra i musikkvideoar og amatørseriar. I miljøet møter eg nye personar heile tida, som nokre gongar har så overveldande personlegheiter at eg umuleg berre kan la dei gli forbi. Desse opptar naturlegvis også mykje av tida mi ved sida av studiane, noko eg er gla for.
Hvilken sosiolog ville du helst stått fast med i en heis?
Michel Foucault. Så kunne vi konspirert om overvåkningssamfunnet, kapitalisme, og snakka om dei store spørsmåla forbi det som er rett og galt. Dessuten verkar han, ut i frå det ein kan lese om han, som at han var klin gæern, rar, orginal, innovativ og grenselaus.