Farvel til feltarbeidet i Asia

I mitt siste blogginnlegg frå Asia har eg plukka ut tre minnerike opplevingar og ei lita «kvifor reise på feltarbeid», skriv Linda Leirpoll.

"Human rights day" var eit arrangement fylt av inspirerande talar, spennande føredrag og flinke artistar.

Tre månadar med feltarbeid er over, og eg er tilbake i vårt trygge, fredfulle land. Dette feltarbeidet har ikkje berre gitt meg spennande data til masteroppgåva mi, men også verdifull livserfaring, kulturforståing og kule relasjonar. I mitt siste blogginnlegg frå Asia har eg plukka ut tre minnerike opplevingar og ei lita «kvifor reise på feltarbeid».    

Korleis kan ei kvinne styre eit land?

Eg hadde ei førelesning om «Norwegian culture, feminism and gender» for 1. klassingane frå gender studies ved Pannasastra University. Og eg var så stolt når eg var ferdig; engelsken min haldt og dei lo opptil fleire gonger! Vi hadde nokre givande diskusjonar og spørsmål etter timen. Eg fekk blant anna spørsmål om korleis vi fekk til å halde det så reint i landet vårt, eller korleis trafikken kunne gå så smertefritt. Ting eg tar for gitt, men som fascinerte ungdommen. Det var likevel eit spørsmål som skilte seg ut. 

Ein munk på fremste rad hadde bite seg merke i at vi hadde ein kvinneleg statsministar, og lurte på korleis ei kvinne kunne greie å styre over 5 millionar menneske. Fyrst forstod eg ikkje spørsmålet heilt. Korleis Solberg kunne greie det? Kvifor skulle ein ikkje greie det? Etter kvart kobla eg at han oppriktig lurte på korleis ei kvinne kunne greie den jobben, fordi for han var den jobben meint for ein mann. 

Eg svarde han at det ansvaret ikkje handla om kva kjønn ein har. Det ansvaret handle om haldning, ledareigenskapar, verdiar, ideologi og persontype. Og det kan ei kvinne greie like godt som ein mann. Om ikkje betre. Slike spørsmål syner korleis landet endå har eit godt stykke arbeid framfor seg når kjem til feltet likestilling. 

 

IMG_2017-e1573726579553

Studentblogger Linda Leirpoll

Linda, 25 år og kjem frå Flekke i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Tatt bacheloren min i ungdomssosiologi ved (den gong) Høgskulen i Sogn og Fjordane, med eit påbyggingsår i utviklingsstudier ved Universitetet i Agder. Forsette deretter på master i sosiologi her på UiA.

Har deltidsjobb på ein fotballpub, spele lacrosse på Cherokees, nynorsk- forkjempar (som ABSOLUTT trengst på UiA), og sitte i styret i Samfunnsviterne UiA som er mitt hjarteborn. Når eg blir stor, så drømme eg om å bli professor i sosiologi eller plan B = eg er odel, så eg skal gjere gården min om til ein aktivitetsgård, og invitere verden inn for å vise dei den beste parten av Noreg – fjord og fjell. Les også Lindas forrige innlegg og det første innlegget: I felten for kjærligheten.

Feiring av Human Rights Day

Eg var så heldig og fekk vere med å feire «Human rights» i Kambodsja. Eit arrangement fylt av inspirerande talar, spennande føredrag og flinke artistar. Fokuset for arrangementet var å få fram det flotte arbeidet ulike aktørar har gjort for utvikling av rettigheiter og fridom for landet. Under dette arrangementet publiserte eg eit bilete i sosiale media. Eg fekk ein reaksjon frå ein bekjent som synast det er heilt tåpeleg å feire menneskerettighetar i år 2019, for verda har aldri vore ein betre stad.

Det er for so vidt sant – verda har aldri vore eit «betre stad». Likevel er det mange land som ikkje er i nærleiken av fridom endå, og det inkludere Kambodsja. Det er difor så fint å sjå framtidsretta ungdom som er klare for å bygge opp att nasjonen sin, og ta tak i utfordringane som landet står ovanfor. Dagens generasjon får mogelegheita til å studere på høgare nivå, noko dei får høyre både frå familie og studiestaden. Dette utvikle håp for landet og den kommande generasjonen.  

Landet har også ein veg å gå når det kjem til likestilling. Som eg tok opp i førre avsnitt– korleis kan ei kvinne greie ei oppgåve like godt som ein mann? Enten det var i undervisningstimane eller på restaurantane, er kvinnene raske med å oppsøke ein mann om dei kjem i ein utrygg situasjon. Det er ei positiv utvikling på akkurat dette feltet, og jo fleire år med utdanning, jo meir bevisste er jentene. Dei eldre studentane var veldig klare på at dei skulle greie seg sjølv økonomisk i livet og ikkje måtte vere avhengige av ein mann. Også karrieremessig kunne dei greie det same som gutane og kapre dei høgaste ledarstillingane!

På tre månadar rekke ein å bli godt kjent med kulturen ein plutseleg er ein del av

Å lære ein ny kultur

På tre månadar rekke ein å bli godt kjent med kulturen ein plutseleg er ein del av, og det er spennande å sjå kor ulikt to land kan utvikle seg som følgje av av økonomisk og politisk utvikling, historie og kor vi befinne oss på kloden. For ein kambodsjansk ungdom, er det å sende foreldra på eldreheim eller ha en «one night» stand nokre vesentleg mindre vanleg enn i Noreg. Eg skjønte fort at munkane helst ville ha eit stolsete mellom seg, og ein omkrets på cirka ein meter. Og at all mat skal delast!

I mitt fyrste blogginnlegg delte eg eit spørsmål som eg var nysgjerrig på etter å ha fått mange nye vennar frå Kambodsja. Kvifor delte den lokale ungdommen så mykje «kjensleladd» på sosiale media, som hjarteknusande sitatquotes og triste kjæleikssongar? Fyrst lurte eg på om dei rett og slett var meir opne for å vise kjensler i sin kultur, men etter å ha tatt ein djupare titt på akkurat dette, vise det seg at det er heilt motsett grunn.

For Kambodsja er mental helse og det å snakke om kjensle eit heilt nytt tema i samfunnet. Det kom fyrst på dagsorden etter sosiale media, og som ei følgje av ei rekke sjølvmord blant kjendisane i Sør- Korea for eit par år tilbake. Etter denne bølgja byrja også Kambodsja å stille spørsmål ved psykisk helse. Det er fortsatt veldig tabubelagt å oppsøke hjelp for psykisk helse og ein kan fort blir stempla som «gal» i sitt lokalmiljø. Facebook blir difor ei plattform for å ytre seg og eit forsøk på å bli sett av sine venner. Er vi kanskje ikkje så kjenslelaus i Noreg likevel då?

Kvifor reise på feltarbeid?

Forhåpentlegvis er det nokre bachelor/masterstudentar som les dette der ute, og eg vil berre sei; vær så snill å reise på feltarbeid om dykk har mogelegheita!! I mitt tilfelle har eg gjort det på ein meir utradisjonell måte, der eg ikkje hadde noko spesifikt opplegg eller tilhøyrsle. Eg hadde nokre kontaktar frå «gender studies» ved eit engelskspråkleg universitet, elles la eg opp dagane mine sjølv og prøvde å ta del der eg fekk lov. Dette synast eg funka bra!

Det å reise på feltarbeid trur eg at eg kan sei med 95% sikkerheit at gjer deg litt meir reflektert, audmjuk, opplyst, kunnskapssøkande, tilfreds, litt sint, og sjølvstendig.

  • Reflektert fordi du får sett ting i perspektiv, og får knust nokre myter du gjerne hadde.
  • Audmjuk fordi du ser kor urettferdig verda kan vere og ein byrjar å sette sine eigne verdiar i perspektiv.
  • Opplyst fordi ein er rundt nye menneske kvar dag, og kulturen lærer deg mykje nytt. Kunnskapssøkande fordi kultur er spennande og ein blir nysgjerrig.
  • Tilfreds fordi ein ser så mange smil og at det ikkje alltid handlar om å ha så mykje, men om å ha nok.
  • Sint fordi systemet totalt sviktar sine landsmenn og grådigheita får blomstre. Og sjølvstendig, fordi ein har reist halve kloden aleine, budd aleine i ein ny by og kultur, og skapt sitt eige prosjekt.

Kva skjer vidare?

På nyåret vil eg byrje med intervjua her heime i Noreg. Funna i Kambodsja, som eg nemnde i førre blogginnlegg, vil eg arbeide vidare med, og sette dei opp mot det eg finn ut i Noreg. Deretter vil eg samanlikne desse to kulturane, og prøve å finne nærmare svar på kva betydning kjærleiken har for to svært så ulike kulturar. Er kjærleik noko annleis for eit utviklingsland, samanlikna med eit typisk vestleg eit?

Dykk skal få ei oppsummering av mine funn nærmare sommaren!