Ein sosiologisk bartender

Einsamheit er eit stort samfunnsproblem, og mykje av dette utspele seg i utelivsbransjen

LMLeirpoll (2)

Blogg:

Nytt innlegg fra studentblogger Linda Leirpoll!
Med dette innlegget vil eg oppmode alle studentar om å få seg ein deltidsjobb. Enten det er i bar eller i kassa på kiwi. Dra med dykk sosiologien på jobb. Studere dei sosiale settingane og interaksjonane som utspele seg. For sosiologien er rundt oss. Overalt!

Hei igjen!

Feltarbeidet i Kambodsja er over, transkribering og analyse tar all mi tid, og leveringsdato for masteren nærma seg ubehageleg fort. Innimellom alt dette mastermaset, får eg sneke inn nokre timar til min kjære deltidsjobb for å spe på studentbudsjettet. Ein jobb som stadig får meg til å stille kritiske og nysgjerrige spørsmål, og dra parallellar til det eg har lært i sosiologifaget. I dette blogginnlegget vil eg prate litt om livet på puben.

 

Eg jobbar på ein fotballpub, og det har eg gjort i godt over to år no. I starten skjønte eg ikkje korleis ein heiltidsjobbane bartender kunne overleve den bransjen – høg musikk, fulle folk, stress og lange dagar. Etter kvart skjønte eg betydninga av eit fake smile, stenge ute omverden og at 70% av dei eg servere ikkje vil hugse meg i morgon uansett. Men utanom dei seine, intense kveldsvaktene, jobbar eg også som servitør på fotballkampar med å Servere halvgalne fotballsupporterar. Å vere sosiologistudent og jobbe på bar er faktisk ganske artig. Ja, det er litt som på film; tilfeldige menneske som har blitt dumpa av kjærasten og treng nokon å prate med, eller andre som har hatt ein lang dag på jobben – dei kjem innom puben, og bruke bartenderen som hobby- psykolog. Eg kan trekke fram mange positive moment frå pub-livet. Som til dømes eit enormt fellesskap mellom fotballsupporterane. Dei dele denne felles verdien og dette håpet, og med enorme kjensler i sving. Eg ser forløpet til «one night stand» som har blitt inngangsporten til norsk dating-liv, og kor dagens kjærleik ofte oppstår. Eg ser enormt masse glede! Vennskap og spennande flørting. Men ein ser og all den einsamheita – menneske som går ut aleine i håp om å finne ein likesinna å prate med. Eller skuffelse. Skuffelsen i form av ein far som atter ein gong tok for mange øl, og ikkje kjem seg heim etter kamp til familien sin.

 

Å dumpe inn på ein fotballpub med ein tilfeldigheit, og ha ingen interesse for fotball, eg forstår at folk lar seg fasinere, eventuelt klø seg i hovudet. Fotball er religion, lidenskap og som ein stor familien. Uavhengig av kor ein kjem frå i verda, har ein alltid noko til felles med ein person som held med same fotballag som ein sjølv. Aksel Tjora har gjort spennande studiar av festivalforsking, og fellesskapet som blir danna på festival. Dei nyttar seg av omgrepet kollektiv effervesens – ei form for kollektiv opprømhet, ei kjensle av fellesskap, som oppstår mellom deltakarane  i ei slags rituell handling.[1] Det same finn vi igjen under fotballkampar på puben. Ei kjensle av fellesskap, dele sorga i tapet eller gleda av ein seier, i ei slags rituell handling. Fedrane tar med seg sonen sin, i ei halvslitt fotballtrøye som rekke guten på knea, og den lille guten kan ramse opp samtlege spelarar på laget. Og dette gjer ein far så stolt. Eller det enorme engasjementet og skrikinga til ein skjerm. Kjem det nokon som ikkje høyre til den lokale supporter-klubben, er det rett inn i varmen. Dei er til og med så heldige å få plass på hovudbordet til dei faste stamgjestane.

Foto: Trevor Gerzen

I godt over eit halvt år hadde vi den same stamgjesten som kom innom kvar ettermiddag. Han kjøpte ei øl, sette seg framfor ein tv og satt der frå opning til steng. Han sa ikkje spesielt mykje, men satt forhåpningsfull å speida kvar gong det kom nokre nye inn døra. Kanskje ville noko prate med akkurat han i dag? Eg prøvde å prate med han innimellom, men han var ikkje spesielt interessert i det. Så eg bad min mannelege kollega om å ta kontakt med vedkommande – og han opna seg litt og litt kvar gong. Eg reiste på feltarbeid og var vekke nokre månadar. Under mi fyrste vakt tilbake i baren, kom vedkommande inn, og han smilte! Og rett bak han kom to andre gutar diltande. Dei kjøpte eit par øl, og spelte biljard saman til eg stengde. Då eg kasta dei ut, gav eg vedkommande eit lurt smil. Han gav meg eit blunk tilbake. Og ein klem.

 

Dessverre er det fleire enn vi trur der ute som kunne vore «denne vedkommande» i mi historie. Einsamheit er eit stort samfunnsproblem, og mykje av dette utspele seg i utelivsbransjen. Eg tenke at vi alle kan vere flinkare å sjå seg rundt når ein er ute på bar. Sitte menneske aleine fordi dei vil eller fordi dei «må»? Slå av ein prat! Dei aller fleste menneske synast det er triveleg. Til og med nordmenn.

 

Eg vil avslutte dette innlegget, før det blir altfor langt, med å prate litt om norsk kultur. Ein kultur vi menneske har forma sjølv gjennom x-antal år. Hadde det ikkje vore for at alkohol har vore der gjennom denne «kultur-skaping», så hadde det aldri vore lovleg i dagens samfunn. Den enorme summen det koste samfunnet kvar einaste helg – drita menneske som hamne på legevakta, den stakkarslege personen som blei utsett for blind vald, politiet som må stoppe den femte slåsskampen for kvelden… For ikkje å snakke om julebordssesongen. Høgt utdanna menneske som ikkje har rørt ei konjakk- flaske på altfor mange månadar, og som får lov å sleppe seg laus den eine gongen i året. Plutseleg skjønte eg betydninga av #metoo etter alle kommentarane ein tydelegvis har lov å sei fordi ein er full. Men likevel, så er ikkje vi kvinnfolk nokre betre. Vi kan å kaste frå oss ein halv-shady kommentar vi også. Det er den same debatten etter kvart års Holmenkollen- stafett;

«– Vi har et åpenbart fylleproblem i Norge. Jeg tror det er vanskelig å få stoppet dette hvis vi ikke ser at det er et trekk ved kulturen vår, sier Esten O. Sæther, sportskronikør.»

Elin Martinsen, journalist

Og med dette innlegget vil eg oppmode alle studentar om å få seg ein deltidsjobb. Enten det er i bar eller i kassa på kiwi. Dra med dykk sosiologien på jobb. Studere dei sosiale settingane og interaksjonane som utspele seg. For sosiologien er rundt oss. Overalt!

Les om feltarbeidet i Kambodsja

 

 

[1] https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2499866/Levang_Lisbeth+Elvira_2017.pdf?sequence=1

https://www.nrk.no/osloogviken/_-vi-har-et-apenbart-fylleproblem-i-norge-1.13958822