Solid om etisk urbanisme

Med Building and Dwelling byr Richard Sennett på ei kunnskapsrik drøfting av etiske aspekt ved det å bygge og bu i dagens urbane samfunn. Men boka manglar verkeleg banebrytande innsikter.

Building and Dwelling tek føre seg nokre av dei store urbane spørsmåla i vår tid. Korleis kan bylivet fri seg frå strenge reguleringar, fikserte planprosessar og kontrollerande styreformer? Finst det grobotn for alternative praksisar og levesett, tufta på ei grunnleggjande etisk forståing av menneskelege livsvilkår? Saman med The Craftsman (2008) og Together: The Rituals, Pleasures, and Politics of Cooperation (2012) dannar Building and Dwelling den såkalla Homo Faber-trilogien, som kort fortald handlar om å utkrystallisere grunnleggjande kriterie for at menneske skal kunne utfalde seg slik dei ynskjer i kvardagen.

Sennett ser på prosjektet som ei potensiell verktykasse for menneskeleg samhandling og felles dugleik. Dette er heilt avgjerande, meiner Sennett, ettersom det mest karakteristiske for tida vi lever i nettopp er mangel på samhandling og mangel på incentiv til å samhandle.

Bilde av Ryoji Iwata på Unsplash.com

Historikar av rang

Som i fleire av dei føregåande bøkene tyr Sennett til den urbane historia for å belyse samtida. Alle kapitla rommar historiske blikk på framveksten av moderne storbyar, som utviklinga av sanitære system og fungerande vegnett i London og Paris. Sennett er i sitt ess når han kan sveipe over store tema og historiske spenn med belegg frå sine mangeårige studie av urbane forhold. Gjennom dette minner han lesaren om at mykje av det vi snakkar om i dag også har vore på agendaen før.

Eitt døme er motsetninga mellom sosialt mangfald og monokultur, som Sennett omtalar ved å kople Illdefons Cerdà sin Barcelona-plan frå 1859 med utviklinga av Canary Wharf i London på 1990- og 2000-talet. Begge visjonane la stor vekt på mangfald, men førte i røynda til ulike former for segregering. Det er i denne vekslinga mellom byhistorie og samtid at Sennett viser seg som ein urban connoisseur – ein som kjenner seg like komfortabel når han snakkar om Venezia på 1400-talet som Shanghai i dag.

Sennett er i sitt ess når han kan sveipe over store tema og historiske spenn med belegg frå sine mangeårige studie av urbane forhold

Denne altomfattande tilnærminga medfører også eit par ulemper. Den eine er at Sennett repeterer mange velkjende døme, som Baron Hausmann si omstrukturering av Paris i andre halvleik av 1800-talet. Den andre er at spennvidda er så stor at Sennett sjeldan går veldig djupt inn i dei omtalte byane. Dette kan ein knapt forvente av ei einskild bok når det er snakk om gigantiske byar som New York, Delhi og Medellín, men det må likevel vere lov å vere kritisk til ei tidsvis fragmentarisk empiri.

Innestengde menneske

Når det er sagt, så kompenserer Sennett ved å gå grundig til verks innanfor enkelte utvalde tema, som spørsmålet om opne eller lukka byar – ein raud tråd gjennom boka. Dette handlar om fysiske forhold, til dømes at mange byar blir stadig tettare og høgare, samt om finansielle forhold. Dei som ikkje lukkast økonomisk i dagens storbyar blir utestengd på grunn av ein nådelaust kompetetiv bustad- og kontormarknad. For Sennett er denne tendensen ein av vår tids størte etiske utfordringar. Retten til å eige bustad, åleine eller saman med andre, er trass alt nedfelt i artikkel 17 av Menneskerettsfråsegna.

Dei som ikkje lukkast økonomisk i dagens storbyar blir utestengd på grunn av ein nådelaust kompetetiv bustad- og kontormarknad

Det handlar også om psykososiale faktorar, om å trivast eller mistrivast, om å finne saman eller leve i einsemd. Sennett skriv om verdien av nabolag med sosial variasjon i kapittel 5, under tematikken «Dwelling – alien, brother, neighbour». Han problematiserer måten aktørar som den anti-islamske organisasjonen Pegida bidrar til å innskrenke kva eit nabolag er og kven som høyrer heime der. Ved å dra parallellar til den polariserte politiske situasjonen på 1930-talet får Sennett fram alvoret i den pågåande segmenteringa.

Den klassiske gettoen er ikkje det den ein gong var i vår tids gentrifiserte metropolar, men førestillinga lever vidare, i dobbel forstand: Den radikaliserte høgresida er bekymra for (påstått) gettofisering, men ynskjer samstundes å ‘luke’ bort visse sosiale element – dei er altså for og mot einsretting på same tid. Her treff Sennett godt med tanke på ein dei verkeleg store pågåande debattane.

Menneske må få lov til å utfalde seg på eigne premiss, aller helst innafor rammene av eit uformelt byliv

På bakgrunn av dette er Sennett gjennomgåande kritisk til segregering, kontroll og overvaking. Menneske må få lov til å utfalde seg på eigne premiss, aller helst innafor rammene av eit uformelt byliv. I fjerde kapittel skriv Sennett om uformelle strukturar i Nehru Place, eit område av Delhi der kommersielle teknologifirma ligg side om side med gatehandlarar. Her smeltar det planlagde og sjølvgrodde saman på ein måte som i følgje Sennett får det beste ut av begge utviklingsvariantane. Det rasjonelle og praktiske har ikkje utrydda det improviserte og uføresette. Nehru Place har ein gjennomgåande livleg atmosfære, ikkje ulikt det bylivet som Jonny Aspen og Jon Pløger er på leiting etter i Den vitale byen (2015), ein kritikk av livlaus «zombie-urbanisme».

Det grøne og det smarte

Ein steg framover, i følgje Sennett, er å pønske ut strategiar som vil gjere det enklare å distribuere folk og funksjonar meir tilfeldig og irregulært utover byens territorium. I siste del av boka lanserer han det botanisk funderte omgrepet seed planning, inspirert av det vilkårlege plasserte livet som oppstår når frø blir spreia ut over eit jordsmonn. Med denne vokabularen skriv Sennett seg inn i den ‘grøne bølga’ som for tida dominerer urbanismefeltet. Her ligg det ein etisk dimensjon knytt til verdien av dyrking som menneskeleg livsgrunnlag, samt ein kime til kritikk: «Cities aren’t farmed today. Instead they are master-planned.» Her kjem idealisten Sennett til syne. Vi kan få til noko betre i framtida enn det vi har i dag. Det er for så vidt oppløftande, men den fundamentale kritikken av eksisterande styrings- og forvaltningsprinsipp gjer han småblind for dei ulempene ei normoppløysing ville medført. For å få til alt frå universell utforming til brannsikring trengst det både reglar og samordning. Slike ting er Sennett lite interessert i å drøfte.

For å få til alt frå universell utforming til brannsikring trengst det både reglar og samordning. Slike ting er Sennett lite interessert i å drøfte

Eit anna framtidstema er fenomenet Smart City, som for Sennett representerer ei intensivering av håp så vel som undergang. Sennett drar opp to variablar: «The prescriptive smart city» [den normative smarte byen], som i verste fall fordummar innbyggarane gjennom sløvande teknologi. Han er gjennomgåande kritisk til såkalla «friksjonsfrie løysingar», som skal gjere alt så lettvindt som muleg. Dette, meiner Sennett, vil føre til latskap og stagnasjon, for menneske treng å bli pusha. «The coordinating smart city» [den samordnande smarte byen], derimot, hjelper innbyggjarane via brukartilpassa problemløysing, der målet er å meistre noko komplekst, ikkje redusere det komplekse til noko simpelt. Her tykkjer eg Sennett klarer å identifisere det potensialet og dei problema som den smarte byen kan kome til å medføre i åra som kjem.

Konform kritisk brodd

Eit skuffande aspekt ved boka er at mykje av den kritikken Sennett utmeislar er som forventa. Han er, som mange før han, kritisk til den samfunnsorganisatoriske verknaden av nyliberalistiske impulsar og new public management, og kritisk til kapitalistiske og entreprenøriske krefter i byutviklinga. Dette er slett ikkje irrelevant, men Sennett går ikkje djupare inn i denne problematikken samanlikna med tilsvarande forsøk, som The Architecture of Neoliberalism av Douglas Spencer. Sistnemnde er minst like hardnakka i sin kritikk av dei kreftene som Sennett går i polemikk med, men betydeleg meir grundig og systematisk i utlegginga. Det blir litt for mykje resirkulert kapitalismekritikk i Building and Dwelling.

Det blir litt for mykje resirkulert kapitalismekritikk i «Building and Dwelling»

Det som derimot fungerer godt, er når Sennett drøftar historisk viktige urbanismediskusjonar, som knivinga mellom Jane Jacobs og Lewis Mumford i etterkrigstida. Sjølv om Sennett hadde personleg kontakt med Jacobs – boka inneheld sågar eit foto av dei to på ein taverna i Greenwich Village – nøler han ikkje med å bruke Mumford til å kritisere nabolagsteorien hennar.

Nøgde folk i lokale bobler er ikkje nok, meinte Mumford, ein må også planlegge på overordna nivå for å skape motvekt til store kapitalkrefter. Sennett heller mest mot posisjonen til Jacobs, men prøver samstundes å destillere ut det beste frå Mumford sin idealby, der orden blir blanda med stadig teknologisk utvikling i beste Smart By-forstand. Igjen er det byhistorikaren Sennett som aktualiserer samtida ved hjelp av fortida.

Samla sett er «Building and Dwelling» heilt klart meir solid enn oppsiktsvekkande

Samla sett er Building and Dwelling heilt klart meir solid enn oppsiktsvekkande. Den har si store styrke i Sennett si faglege spennvidde og erfaring, som på leksikalsk vis gjer han i stand til å trekke komplekse trådar saman til konsise forteljingar. Samstundes gir ikkje boka så mykje ny kunnskap til den som kjenner tematikken godt frå før av. Slik sett passer Building and Dwelling best for lesarar med grunnleggjande, men ikkje spesialisert, kunnskap om byhistorie, planlegging og urbanisme, eller for den som ganske enkelt vil lese eit velskrive oversiktsverk.

 

Referansar

Aspen, Jonny & Pløger, Jon (2015). Den vitale byen. Oslo: Scandinavian Academic Press.

Sennett, Richard (2008). The Craftsman. New Haven, Conn.: Yale University Press.

Sennett, Richard (2012). Together: The Rituals, Pleasures, and Politics of Cooperation. New Haven, Conn.: Yale University Press.

Spencer, Douglas (2016). The Architecture of Neoliberalism. New York: Bloomsbury Academic.