Nye kokebøker?

Erik Olin Wright har etterlatt oss inspirerande skisser for framtida. Men det er ikkje nok å diskutere omfordeling av ressursar og eigarskap. Antikapitalistiske strategiar må ta sikte på å ende kapitalens herredømme, skriv Tord Flatland i denne omtalen.

How to be an Anticapitalist in the Twenty-first Century er den siste boka den anerkjente amerikanske og marxistiske sosiologen Erik Olin Wright rakk å skrive, og nå er ho publisert posthumt. [1] I tillegg til at den provoserande tittelen varslar ekstreme ambisjonar, er dette ei utruleg omfattande bok, på tross av sine audmjuke 176 sider. Ho er, som Michael Burawoy skriv i etterordet, samstundes ei popularisering og ei vidareutvikling av Wrights meir akademiske og fyldige Envisioning Real Utopias frå 2010, som var resultat av tjuge års arbeid. Dette blir derfor ei lang omtale av ei kort bok.

Antikapitalistisk realisme

Det er neppe særleg kontroversielt å hevde at det tjugefyrste århundre så langt ikkje har stått i antikapitalismens teikn. Kulturkritikaren Mark Fisher har skildra kor vanskeleg det har vore for venstresida å vinne attende politisk og ideologisk initiativ frå ein marknadsideologi som tilsynelatande er immun mot kritikk. Fisher sitt etterkvart mykje omtalte hovudpoeng i boka Capitalist Realism er at marknadslogikk og kapitalisme, særleg i den ‘nyliberale’ varianten som har vunne fram sidan 1980-åra, har blitt ei nær uoverstigeleg grense for vår politiske førestillingsevne. [2]

Jamvel dei som ikkje aktivt sluttar opp om nyliberalismen aksepterer implisitt at ting må vere som dei er, og at det reelt sett ikkje eksisterer eit systemomfattande alternativ til kapitalismen. For dei som hadde sine formative politiske år på venstresida på 00- og det tidlege 10-talet (klargjering: eg var ein av dei) kunne det vere ei frustrerande kjerne av sanning i påstanden om at «det er enklare å sjå for seg verdas ende enn kapitalismens slutt».

Fisher formulerte desse tankane i 2009, og tok sitt eige liv i 2017. Han skreiv ope om eigen depresjon, og var overtydd om at tilstanden ikkje primært skuldast nevrokjemiske ubalansar, men var del av ein større kollektiv, samfunnsmessig depresjon. Venstresida sin tafatthet i møte med finanskrisa, kommersialisering og uttømming av estetiske uttrykk, Brexit, ‘austerity’ og den samtidsanden han omtala som ‘the slow cancellation of the future’ – alt dette bidrog til Fishers mentale nedbryting.

Premisset for Wright si siste bok er i likskap med Fishers noko mørkt. Den populære klasseforskaren og sosiologen blei i 2018 diagnostisert med akutt myelogen leukemi, og no er han altså død. Boka ferdigstilte han imponerande nok (med unntak av det siste kapittelet om kollektive aktørar), til tross for utmattinga han skildrar i føreordet. Men om konteksten Wright skreiv denne boka i er sjukdom og død, så er den valdsamme ambisjonen som blir kasta fram – å seriøst drøfte antikapitalisme som kan funke nå – eit symptom på nytt liv på ei venstreside som kjenner seg så sterk at den for alvor drøftar realistiske antikapitalistiske strategiar.

Nyliberalismen verkar ikkje lenger så uovervinneleg som for berre nokre år sidan, og dei viktigaste opposisjonspolitikarene i nokre av kapitalismens ‘kjerneland’ snakkar ope om korleis bruke statsmakt til å dra samfunnet i sosialistisk retning. Den kollektive depresjonen som til slutt tok knekken på Fisher, viser lovande teikn til å lyfte seg. Om nokre skjebnesvangre augeblikk tippar i venstresida si retning, kan antikapitalistiske prinsipp om kort tid bli eit praktisk spørsmål om statspolitikk i fleire land. How to Be an Anticapitalist in the Twenty-first Century bærer preg av å vere skrive av ein mann med dårleg tid men med upåklageleg optimisme for framtida.

omslag Wright

«How to Be an Anticapitalist in the Twenty-First Century». Erik Olin Wright. London: Verso Books. 2019. 176 s.

Erik Olin Wright (1947-2019) var ein amerikansk sosiolog. Han er mest kjent for å ha vidareutvikla og rekonstrueret det marxistiske klasseomgrepet. Wright gav ut mange bøker, ofte sentrert rundt samfunnsklasser og kapitalisme

Problemet med kapitalisme – og med antikapitalisme

Wright opnar med ei presisering av kva han vurderer som dei definerande karaktertrekka ved kapitalisme, og eit kort forsvar for å erstatte dette økonomiske systemet. Wrights overordna definisjon på kapitalisme er marknadsøkonomi som er organisert gjennom ein særskild klassestruktur, kjenneteikna av at dei som arbeidar i denne økonomien som regel ikkje eig produksjonsmidla dei nyttar i arbeidet, men heller utfører det for eigarane, kapitalistane. Å sjå kapitalismen som konstituert gjennom desse to kategoriane – ein marknadsdimensjon og ein klassedimensjon – gjer at Wright òg ser for seg marknadar utan klasse, og ein sosialistisk marknadsøkonomi som eit alternativ til kapitalismen. Eg kjem attende med ein kritikk av denne separasjonen av marknadsøkonomi og klassestruktur nedanfor.

Å stille seg i opposisjon til kapitalisme kan vere motivert av både klasseinteresser og moralske verdiar, held Wright vidare fram. Klasse og klasseinteresser kan, som alle sosiologar er smerteleg klar over (og på dette forskingsfeltet har Wright levert viktige bidrag [3]), vere vanskeleg å avgrense i ein framskriden kapitalisme.

Komplekse samanvevingar av interesser som hindrar utkrystallisering av eit klart definert ‘klassemedvit’ gjer at Wright vil supplere sosialismen med eit normativt fundament. I tillegg til at nokre grupper har objektiv interesse av sosialisme, kan ein peike på gjeldande moralske prinsipp som er allmenne nok til at me som samfunn allereie stiller oss bak dei. Han identifiserer tre moralske prinsipp med den franske revolusjonens likskap, fridom og brorskap som ideal – for så å vise korleis kapitalismen hindrar realiseringa av desse prinsippa.

Sosialdemokratar eller marxistiske sosialistar sine forsøk på å overskride kapitalismen har vært avgrensa og midlertidig

Varianter av antikapitalisme

I tittelen på boka ligg det implisitt ein kritikk mot det tjugande århundrets antikapitalistiske prosjekt. Wright meiner ein strategi for vår tid må revidere, ikkje berre revitalisere, tidlegare tiders strategiar. Han deler tidlegare kampar mot kapitalisme i fem ‘strategiske logikkar’ eller ‘variantar av antikapitalisme’: Å knuse kapitalismen, avvikle kapitalismen, temme kapitalismen, motstå kapitalismen og sleppe unna kapitalismen. Han nemner historiske døme på korleis kvar av desse logikkane har kome til uttrykk, og gjer i tillegg ei rask vurdering av deira meritter og stengsler, og utsikter for å lukkast nå.

Med unntak av den revolusjonære sosialismens mål om å framprovosere ein umiddelbar brist med kapitalismen – som Wright forkastar heilt på bakgrunn av erfaringane med slike eksperiment i det tjugande århundre – er hans innvending mot dei fire øvrige strategiske logikkane i mindre grad at dei er feil enn at dei er ufullstendige.

Korkje sosialdemokratar eller marxistiske sosialistar har lukkast i å overskride kapitalismen gjennom demokratisk-reformistisk utøving av statsmakt, medan sivilsamfunnets organisasjonar – fagforeiningar, grasrotrørsler og anarkistiske kollektiv – i beste fall har klart å lukkast svært avgrensa og midlertidig i å gjere motstand mot kapitalistisk dominans eller å opprette utanom-kapitalistiske sfærer. Den nærliggande lærdommen frå det ufullstendige i desse logikkane er å kombinere dei.

Erosjonsstrategien er forankra i ei analyse av samfunnet som eit økosystem av forskjellige komponentar, og strategien kviler på ei analyse av den kapitalistiske staten som ei motsetnadsfull eining

Kapitalismens ‘erosjon – ein ny strategi?

I kampen mot kapitalismen kan ikkje statsmakt sigre utan sivilsamfunnets støtte, eller vice versa. Berre ein kombinasjon av statsmakt (i Wrights typologiar: avvikle og temme kapitalismen) og sivilsamfunnets mobiliseringskraft, initiativ og kreativitet (motstå og sleppe unna kapitalismen), kan skape eit solid fundament for eit sosialistisk prosjekt. Logikken i denne strategien er å skvise kapitalistiske samfunnsinstitusjonar mellom eit folkeleg press nedanfrå og strategisk utøving av (nasjonal)statleg makt ovanfrå, som gradvis blir erstatta av sosialistiske prinsipp. Slik ser Wright for seg at kapitalismen gradvis vil eroderast.

Denne erosjonsstrategien er forankra i ei analyse av samfunnet som eit økosystem av forskjellige komponentar, der nokre er kapitalistiske og nokre ikkje-kapitalistiske. Kapitalistiske institusjonar dominerer i dag dette økosystemet, men monopoliserer det ikkje fullstendig. Samfunnet er aldri totalt kapitalistisk, ifylgje Wright. Derfor blir sosialistisk strategi eit gradspørsmål. Erosjon inneber å fortrenge og erstatte kapitalistiske institusjonar og relasjonar med ikkje-kapitalistiske element i ein blandingsøkonomi som gjennom reform gradvis blir meir sosialistisk.

I tillegg kviler eroderingsstrategien på ei analyse av den kapitalistiske staten som ei motsetnadsfull eining. Kapitalismen er eit ustabilt og sjølvundergravande økonomisk system. Derfor må staten regulere økonomisk liv ved hjelp av politiske tiltak som tøymer marknaden og hindrar desse tendensane i å rive systemet frå kvarandre. Den kapitalistiske staten er i sin institusjonelle struktur – avhengig av skatteinntekter gjennom kapitalakkumulasjon og skeiv rekruttering av leiarar og byråkratar frå øvre samfunnslag – symbiotisk med det kapitalistiske økonomiske systemet.

Samstundes er ikkje staten eit knirkefritt og einsretta apparat for utøving av kapitalistisk klassemakt, men ei heterogen eining full av inkonsistensar og indre motsetnadar. [4] Tiltak som kan korrigere og oppretthalde kapitalakkumulasjon på kort sikt, kan på lang sikt bli eit problem for kapitalen og skape antikapitalistisk kapasitet.

Klassekompromiss og velferdsstatar i det tjugande århundre er eit godt døme. Dei bidrog til å kjøpe klassefred i ei tid der opprivande og revolusjonær konflikt truga kapitalismen, men på sikt blei store delar av samfunnslivet skjerma frå kapitalistisk dominans. Dette skapte problematiske (frå kapitaleigaranes synspunkt) utanom-kapitalistiske allmenningar. Slik ser Wright for seg at det er mogleg å vinne fram med sosialistiske reformar i ein kapitalistisk stat.

Kva som gjer eroderingsstrategien vesentleg annleis enn 1900-talets revisjonistiske sosialistiske strategiar er ikkje heilt enkelt å få tak på. Frå eit skandinavisk synspunkt liknar strategien bak etableringa av velferdsstatar og nasjonalisering til forveksling eroderingsstrategien. Skandinaviske sosialdemokratiske masseparti mobiliserte primært støtte i sivilsamfunnet gjennom fagrørsla. Styrken i korporative kanalar og tilhøve mellom fagrørsle og etterkrigstidas sosialdemokratiske “eittpartistatar” gjer det lite truverdig at hovudforklaringa på at skandinavisk sosialdemokrati ikkje evna å gå forbi kapitalismen var ein manglande samanheng mellom grunnplanet i arbeidarrørsla og leiarskapet i staten.

Det er relevant å sjå nærare på dei svenske forsøka med såkalla ‘löntagarfonder’ på 1970-talet, som Wright held fram som forsøk på å avvikle kapitalismen. Desse fonda var forsøk på sosialisering av økonomien gjennom ein parlamentarisk og korporatistisk prosess der overskot frå dei mest lønsamme verksemdene skulle kanaliserast til kollektive kapitalfond administrert av fagforeiningane.

Den opprinnelege planen var utarbeida av LO-økonom Rudolf Meidner, og blei (overraskande!) stemt fram av LO-kongressen i 1976 etter press frå grunnplanet. Oppgåva med å omsette forslaget til praktisk politikk blei vidare til eit ambivalent sosialdemokratisk arbeidarparti. [5] Koplingane mellom stat og sivilsamfunn som Wright ser som avgjerande i eroderingsstrategien, var altså til stades her utan at det førte til at den svenske venstresida evna å gjennomføre planen, for ikkje å snakke om å transcendere kapitalismen.

Ifylge Wright vil klimakrise og massearbeidsløyse verke saman og tvinge frem ein sterkt utvida stat som sosialister, når dei vinn val, kan bruke til å presse gjennom tiltak som borgerløn og kooperativ

Frå strategiske reformar til langsiktige endringar

Dei avgjerande komponentane i Wright sin strategi er kjende og utprøva, og såleis ikkje direkte nyskapande. Men det kan framleis vere tilfelle at nye vilkår gjer at slike prosjekt kan lukkast der dei tidlegare feila. I lys av særleg to enorme utfordringar i samfunnet – og derfor òg det kapitalistiske økonomiske systemet – nå står ovanfor, er det ifylgje Wright plausibelt at ein eroderingsstrategi kan lukkast. Dei katastrofale verknadane av klimakrise og massearbeidsløyse kan paradoksalt òg innehalde ein veg til sosialismen.

Intensiveringa av klimaendringane vil medføre ei massiv auke i statsleia beredskap og offentleg verksemd, med tryggingstiltak, infrastrukturbygging og offentlege goder. Denne utvidinga av offentleg sektor, som òg er i kapitalens kortsiktige interesse, utvidar eit politisk rom som har potensiale til eit breiare arsenal av progressive reformar. Desse kan fortrenge kapitalistiske institusjonar.

Wright skriv at informasjonsrevolusjon og automatisering vil føre til permanent massearbeidsløyse. I motsetning til tidlegare tiders teknologiske revolusjonar er det usannsynleg at denne teknologiske utviklinga vil skape ei tilsvarande mengde av jobbar som den fortrenger. Informasjonsrevolusjonen fortrenger ikkje berre manuelt men òg kognitivt arbeide. Med massearbeidsløyse kan det bli mogleg å få med kapitalistane på eit klassekompromiss som inneber allmenn borgarløn, fordi det vil vere i deira kortsiktige interesse å sikre sosial fred. Borgarløn vil, om den blir omfattande nok, fjerne noko det strukturelle presset på arbeidarklassa til å arbeide for privatkapitalistar.

Wright ser for seg at folk i aukande grad vil vere i posisjon til å til å skape eller tilslutte seg verksemder eigd av arbeidarane sjølv. At produksjonseiningane i aukande grad blir kooperativt eigd av produsentane inneber ei demokratisering av økonomien og fortrenging av kapitalistisk klassedominans.

Den kortfatta essensen i Wright sitt argument blir som fylgjer: Klimakrise og massearbeidsløyse vil verke saman til å tvinge fram ein sterkt utvida stat som sosialistar, når dei vinn val, kan bruke til å presse igjennom tiltak som borgarløn og kooperativ. Dette eroderer kapitalistiske økonomiske institusjonar gjennom statleg reform i symbiose med folkeleg press, oppretthaldt gjennom at folk i minkande grad er strukturelt avhengig av tilsetting i privatkapitalistiske verksemder og i aukande grad blir medeigarar av eige arbeid. [6]

Vegen til sosialisme ligg i å kople marknadsøkonomien fri frå kapitalistisk klassedominans, som opnar for ein rettvis distribusjon av produksjons- og livsmiddel

Ein problematisk separasjon av marknad og klassestruktur

For dei som har fylgt debatten om sosialisme i Noreg dei siste 20 åra er ikkje idear om «demokratisering av økonomien» gjennom konstellasjonen borgarløn/kooperativ heilt ukjende. Magnus Marsdal og Bendik Wold tok i 2004 til orde for strategiar som liknar Wright sine i Tredje Venstre, ei bok som skapte mykje debatt og har hatt stor innflytelse på norsk venstreside. [7] Særleg ei omtale i Agora av filosof Truls Wyller argumenterte overtydande om grenser som ein slik strategi stangar opp imot og kan få problem med å overskride. [8]

Min kritikk mot ein antikapitalistisk strategi som tar utgangspunkt i utvidinga av ‘økonomisk demokrati’ er derimot forankra i Wrights definisjon av kapitalisme og kva han utelet frå denne definisjonen.

Erosjonsstrategien foreslår at kapitalismen kan fortrengast ved endringar i eigarskapsformer og utviding av økonomisk demokrati, der staten støttar opp under omdanninga av privatkapitalistiske verksemder til arbeidarstyrte. Wright opnar for at andre organisatoriske prinsipp for økonomi kan få ei rolle, men seier at marknadsøkonomi i alle høve må vere ein stor del av det ‘økonomiske økosystemet’ under sosialismen. Dette er i tråd med hans definisjon av kapitalisme som marknadsøkonomi i kombinasjon med ein særskild klassestruktur. Vegen til sosialisme ligg i å kople marknadsøkonomien fri frå kapitalistisk klassedominans, som opnar for ein rettvis distribusjon av produksjons- og livsmiddel.

Men ei anna forståing av tilhøvet mellom marknadsøkonomi og klassestruktur er òg mogleg: Heller enn å slutte at ein kan separere marknadsøkonomi og klassestruktur praktisk fordi dei er mogleg å separere analytisk, kan me sjå dei som forskjellige men naudsynte moment i det same tilhøvet: kapital, verdi som avlar meir verdi. I ‘mainstream’ økonomisk teori blir marknaden forstått som ein arena der rasjonelle og nyttemaksimerande aktørar møter kvarandre i kontraktuelle og frivillige bytter. Som vareeigarar er dei like og frie, mens det som skjer utanfor marknaden blir vurdert som irrelevant.

Men for å forstå kvifor samfunnets kollektive produkt antar form av private varer for kjøp og sal i utgangspunktet, er det naudsynt å insistere på samanhengen mellom sirkulasjonen i marknaden og utbyttinga av arbeid i produksjonen. Berre gjennom denne einskapen, der realiseringa av verdi i salet av varer er avhengig av maktdynamikken mellom arbeid og kapital i produksjon, blir det kapitalistiske krinslaupet og den kapitalistiske akkumulasjonen forståeleg.

I Wrights analyse blir ‘økonomi’ postulert som ei separat samfunnssfære sui generis, som kan skiljast frå skiftande makttilhøve og klassestrukturar, og som verkar etter transhistoriske økonomiske lover. [9] Konsekvensen av ei slik ‘økonomistisk’ forståing av klasse og marknad blir at den kapitalistiske einskapen av både produksjon og distribusjon kjem i bakgrunnen for ei einsidig vektlegging av klassesamfunnets urettvise fordeling. Overgangen frå kapitalisme til sosialisme blir forstått som skifte frå ein distribusjonsmåte til ein annan, der ressursar og eigarskap omfordelast. Dei økonomiske lovene som dikterer kva som blir produsert og korleis blir derimot haldt utanfor analysa – og utanfor drøftinga av strategiar.

Konsekvensen av Wright si mangefulle analyse blir at han ser klassedominans som den einaste kjelda til kapitalismens irrasjonelle og urettferdige dynamikk

Farar ved ei mangelfull analyse av kapitalens herredømme

For å forandre er det naudsynt å forstå. Forslag til strategiar som tar sikte på å fundamentalt endre vilkåra me lever og produserer under, må ha ei tilsvarande fundamental analyse av vilkåra me lever og produserer under nå. Forslag om ein medviten, styrt overgang frå ein produksjonsmåte til ein annan er truleg den mest omfattande politiske og strategiske utfordringa som kan eksistere.

Dette anerkjenner Wright òg: I boka argumenterer han mot ein av nyliberalismens yppersteprestar, Friedrich Hayek, som meinte sosialistiske strategiar om planstyrt omlegging av økonomiske tilhøve var resultat av eit farleg og intellektualistisk overmot. Derfor er det nedslåande at Wright ikkje finn det verdt å presentere nokon teori om kva kapital er, og korleis vareproduksjon med profitt som mål er bestemmande for organiseringa av den kapitalistiske produksjonen. Å kritisk undersøke kva fenomen – eller kva relasjon – kapital er, heller enn å ta dette for gitt, er eit heilt grunnleggande vilkår for ein kvar antikapitalistisk strategi. Utan ein ambisjon om å forstå kva kapitalens herredømme består i, er det òg umogleg å gjere slutt på det. [10]

At Wright ikkje presenterer eit (marxistisk) omgrep av kapital er ikkje overraskande. Den teoritradisjon av marxistar han blei kjent som ein del av, såkalla ‘analytisk marxisme’ (ved sida av skikkelsar som til dømes G.A. Cohen, John Roemer og Jon Elster) avskriv som regel Marx’ verditeori og forankrar kapitalismekritikk normativt – at kapitalismen strider mot moralske normer og er urettferdig – og ikkje i den ‘immanente kritikken’ av kapitalisme som følger av Marx’ kritikk av politisk økonomi. [11] Ved å ofre denne kontroversielle delen av Marx’ forfattarskap vinn kanskje analytiske marxistar tillit hos eit breiare fellesskap av samfunnsforskarar tufta på teoriar om rasjonelle val og ‘mainstream’ økonomisk teori, men mister det analyseverktøyet som tradisjonelt har gitt marxistiske forklaringar på kapitalismens dynamikk sin eigenart.

Konsekvensen blir, òg i dette tilfellet, eit einsidig fokus på kapitalismens vertikale dominansrelasjonar, som klasse, eigedomsrelasjonar og fordeling. Det som går tapt er ei analyse av kva som er særeige ved kapitalismens horisontale relasjonar, og korleis marknaden – gjennom konkurranse og verdi som ordnande prinsipp – ikkje berre mogleggjer ein klassestruktur, men sjølv utgjer ein abstrakt form for dominans. Denne tvinger kvar produksjonseining til å produsere med profitt som mål og møte kvarandre som konkurrentar, uavhengig av om verksemdene er eigd av arbeidarar eller kapitalistar.

Ei allereie altfor lang bokmelding gjev ikkje rom for å presentere ei alternativ kapitalanalyse, men konsekvensen av Wright si mangelfulle analyse blir at han ser klassedominans som den einaste kjelda til kapitalismens irrasjonelle og urettferdige dynamikk. Hadde han inkludert innsikter om korleis marknaden sjølv utgjer ein form for dominans, ville han kunne forklart korleis denne abstrakte dominansen legg under seg alle (inkludert eigarane av produksjonsmidla), og ikkje berre den konkrete og einskilde kapitalist sin makt over sine tilsette.

‘Økonomiske lover’ skapar ein forrykt samfunnstilstand der sosiale relasjonar blir formidla gjennom tilhøve mellom ting. Dei produktive relasjonane og makttilhøva i samfunnet blir representerte i vareprisar. Marknaden, som utøver kapitalens lover gjennom konkurranse og verdi, oppstår frå makt- og produksjonsrelasjonar, og i siste instans er ikkje marknaden noko anna enn totaliteten av desse relasjonane.

I kapitalismen koplar likevel produktive relasjonar seg i vesentleg grad fri frå menneskeleg kontroll og konfronterer samfunnet som ei sjølvstendig og framand makt – «økonomien» eller «marknaden» – som vanskeleg lar seg styre. [12] Denne økonomiske makta ville framleis kunne bryte ut i sine irrasjonelle og undergravande utslag under ein kooperativ marknadsøkonomi, dersom produsentane møter kvarandre som konkurrentar som produserer varer med abstrakt arbeid som verdimål.

Boka blir eit svakt prinsipielt forsvar for at sosialisme overhovudet er mogleg og den er for prinsipiell til truverdig å adressere utfordringane som antikapitalister står overfor

Utilfredsstillende mellomstilling

Ein risiko ved å tufte antikapitalisme på ‘økonomistiske’ samfunnsforståingar og manglande analyser av kapital, er at jamvel sosialistiske marknadsøkonomiar som lukkast med Wrights ambisjonar – å vinne statsmakt, innføre reformar og oppretthalde eit press frå sivilsamfunnet – vil kunne ha kritiske blindsoner for prosessar der ein kapitalistisk valoriseringslogikk består. [13] Dette til tross for at eigarskapsformer og politiske institusjonar har ein overordna egalitær karakter.

Når vareforma og marknaden held fram med å strukturere tilhøvet mellom produsentane, kan kapitalistiske klassestrukturar gradvis innførast på nytt, eller marknadskrefter ende opp med å skape ein ustabilitet lik den som gjorde sosialistisk makt mogleg i utgangspunktet. Det er grunn til å spørre om ikkje vareproduksjonen og marknadslogikkens standhaftighet òg var eit praktisk problem for det tjugande århundrets antikapitalistiske prosjekt, både i sine revolusjonære og reformistiske variantar. [14]

Er alt dermed håplaust? Er det umogleg å overskride kapitalens makt, fåfengt å bygge antikapitalistiske strategiar? Nei, men dersom antikapitalistar vil lukkast utover å midlertidig stogge kapitalens makt, må dei diskutere meir grunnleggande spørsmål enn dei Wright legg opp til. Her finnast det få ferdige og gjennomarbeida svar, men store spørsmål som anti-kapitalistar må tørre å tenke igjennom inkluderer: Er det er mogleg å skape andre samfunnsovergripande koordineringsformer for produktiv samhandling enn marknaden? Kva strategiar kan bidra til å overskride kapitalrelasjonen?

Å søke alternativ til marknaden tyder sjølvsagt ikkje at samfunnsmedlemmar sluttar å produsere det dei treng for kvarandre, men må innebere å utfordre privat vareproduksjon der verdi avgjerast ved arbeidstid. Kanskje – ikkje minst i lys av klimaendringar og rovdrift på natur – er fritid heller enn arbeidstid som eit mål på samfunnets rikdom vegen å gå? I lys av informasjonsteknologien sine framsteg dei siste tiåra, har til dømes Evgeny Morozov skrive utfordrande og inspirerande om alternative informasjons- og koordineringsmekanismar, som utfordrar både prismekanismen og sentralplanlegging, og som inkorporerer behov og solidaritet i moglege ‘feedback’-mekanismar for produksjonsavgjersler. [15]

I tillegg til slike prinsipielle debattar trengs det strategi som taklar umiddelbare utfordringar venstresida står overfor, til dømes korleis ein kan parere kapitalens transnasjonale mobilitet og utvide gjeldstynga statar (og deira innbyggarar) sin økonomiske og strategiske handlingsfridom, og korleis ein kan bygge robuste alliansar og strategiar mot imperialisme og kapitalisme på tvers av nasjonalstatlege og regionale barrierar.

How to Be an Anticapitalist in the the Twenty-First Century kjem i ei utilfredsstillande mellomstilling. Wright er uvillig til å diskutere grunnleggande spørsmål, som den ibuande og abstrakte tvangen i kapitaltilhøvet, og dykker ikkje ned i kompliserte debattar fordi målet er bygginga av “realistiske strategiar”. Boka dermed eit svakt prinsipielt forsvar for at sosialisme overhovudet er mogleg. Samtidig er den for prinsipiell og allmenn til truverdig å adressere dei konkrete og umiddelbare utfordringane som antikapitalistar står overfor, og fungerer i liten grad som manual for antikapitalistisk dagskamp og utviklinga av kortsiktig strategi. Kokebøkene for framtidas kjøkken er framleis uskrive.

Noter

[1] Erik Olin Wright, 2019. How to be an Anticapitalist in the Twenty-first Century, London; New York: Verso.

[2] Mark Fisher, 2009. Capitalist Realism. Is There No Alternative?, Winchester: Zero Books.

[3] Sjå til dømes Erik Olin Wright, 1997 [1985]. Classes, London; New York, Verso.

[4] Denne analysa av den kapitalistiske staten er tydeleg inspirert av Antonio Gramsci og den såkalla ‘regulasjonsskulen’ sine skrifter. Wright nemner ikkje her eksplisitt Gramsci sine analyser av ‘historiske blokker’, ‘hegemoni’ og ideologisk ‘stillingskrig’, men i den meir omfattande og akademiske Envisioning Real Utopias diskuterer han Gramsci og teoretikarar som bygger på skriftene hans (som til dømes Chantal Mouffe). Envisioning Real Utopias dannar som sagt den meir omfangsrike bakgrunnen for boka som omtalast her. Sjå Erik Olin Wright, 2010. Envisioning Real Utopias, London; New York: Verso.

[5] For Meidners eigne retrospektive vurderingar av ‘löntagarfonder’-planen og planens fallitt, sjå Rudolf Meidner, 1993. Why did the Swedish Model Fail, The Socialist Register, Vol. 23, ss. 211-228.

[6] Dette er heller ikkje heilt ulikt André Gorz’ tankar om ‘ikkje-reformistiske reformar’, som skisserer ein strategi som kombinerer reformforslag med mobilisering av utanomparlamentarisk og populær makt for å presse igjennom reformar som ikkje er akseptable for kapitalen. Denne strategiske tankegangen har ifylgje Daniel Finn har fått gjennomslag hos leiande ‘corbynistar’ i det britiske arbeidarpartiet. Sjå Daniel Finn, 2019. Crosscurrents. Corbyn, Labour and the Brexit Crisis, New Left Review 118, ss. 5-35.

[7] Magnus E. Marsdal og Bendik Wold, 2004. Tredje Venstre. For en radikal individualisme, Oslo: Forlaget Oktober.

[8] Truls Wyller, 2005. Antikapitalismens ømme punkt, Agora, Nr. 1-2, 05, ss. 219-232.

[9] For ein kritikk av ‘økonomistiske’ forståingar av kapitalismen og korleis den kapitalistiske produksjonsmåten skapar ein separasjon mellom økonomiske og politiske samfunnssfærer, sjå Ellen Meiksins Wood, 1981. The Separation of the Economic and Political in Capitalism, New Left Review 127, ss. 66-95.

[10] Sjå Søren Mau si ferske doktoravhandling, Mute Compulsion: A Theory of the Economic Power of Capital (Syddansk Universitet, Institut for Kulturvidenskaber), for ein gjennomgang av marxistisk litteratur om kapital og verditeori, og analyse av korleis kapitalens dominans utgår frå ein form for økonomisk makt som korkje kan reduserast til vertikale eller horisontale relasjonar, men må forståast som ein særskilt samansetning av desse. Det påfølgande resonnementet er i stor grad bygd på denne avhandlinga.

[11] For ei analyse av Marx’ Kapitalen som ‘immanent kritikk’ av kapitalismen, sjå Oscar Dybedahl, 2014. Kapitalen som politisk filosofi – En lesing av Marx’ kritikk av den politiske økonomi som immanent sosial kritikk av kapitalismen, Masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, Det humanistiske fakultet, Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk.

[12] At økonomiske tilhøve får ein objektiv karakter er ikkje resultat av ein ‘illusjon’ eller ein ‘falsk’ projeksjon som er verksam utelukkande fordi folk oppfattar desse som ekte, slik ein kan få inntrykk av i til dømes Bruno Latour sin kritikk av marxistiske analyser av kapitalismen som ‘makroforklaring’ (Sjå Mikkel Bolt. 2016. På råbeafstand af marxismen. Et bidrag til kritikk af kritikken af kritikken (Latour, Foucault, Marx). Kultur&Klasse, 122, ss. 143-180). Denne prosessen, der forskjellige varer får samanliknbar verdi gjennom ein abstraksjon av arbeidet som har gått med til å produsere dei, skjer verkeleg, uavhengig av kva vareeigarane tenker. Det er derfor heller ikkje tilfeldig at Marx byrjar Kapitalen med ei analyse av varene sjølv, framfor aktiviteten til vareeigarane (Sjå Michael Heinrich, 2012. An Introduction to the Three Volumes of Karl Marx’s Capital, New York: Monthly Review Press).

[13] Denne innvendinga mot marknadssosialisme går heilt attende til Marx’ kritikk av Proudhon og hans samtidige anti-kapitalistar, som ville bygge sosialisme gjennom ei demokratisering av kreditt og eigarskap, men der privat vareproduksjon held fram: “It is an aspiration as pious as it is stupid to wish that exchange value would not develop into capital, or that labour which produces exchange value would not develop into wage labour” (Marx og Engels 1986, s. 180). (Sjå Karl Marx og Friedrich Engels, 1986. The Collected Works of Marx and Engels, Volume 28, Moscow, London and New York: Progress Publishers/ Lawrence and Wishart/ International Publishers). Denne innvendiga er òg gjenklang av ein tidlegare tekst her på Sosiologen.no, der filosof Oscar Dybedahl gjekk i rette med Roar Hagens kritikk av Dag Østerberg.

[14] Sjå til dømes Moishe Postone, 1993. Time, labor, and social domination. A reinterpretation of Marx’s critical theory. Cambridge: Cambridge University Press, og Harry Cleaver, 1979. Reading Capital Politically, Austin: University of Texas.

[15] Evgeny Morozov, 2019. Digital Socialism? The Calculation Debate in the Age of Big Data, New Left Review 116/117, ss. 33-67.