Det vanskelige forbruket

Vi veit at vi brukar for mykje av alt mogleg, men vi er tilsynelatande heilt makteslause når det kjem til å gjere noko med det. Kva er det med forbruket som gjer det så vanskelig å angripe?

Kvifor forbrukar vi stadig meir, kva miljøkonsekvensar har dette, og korleis kan vi gjere forbruket meir miljøvenleg? Dette er nokre av dei viktigaste samfunnsspørsmåla i vår tid. Likevel har forbruk ofte vore den gløymte delen av berekraftig utvikling, og på mange måtar ei undervurdert side av det mykje omtalte «grøne skiftet». Heldigvis er det akkurat dette som er utgangspunktet for boka «Forbruk og det grønne skiftet», redigert av Gunnar Vittersø, Anita Borch, Kirsi Laitala og Pål Strandbakken, som gjennom elleve kapittel kritisk utforskar norske forbruksmønster i eit miljøperspektiv.

Skjermbilde-2016-04-21-kl.-08.19.28

«Forbruk og det grønne skiftet», redigert av Gunnar Vittersø, Anita Borch, Kirsi Laitala og Pål Strandbakken, alle forskarar ved Statens institutt for forbruksforskning (SIFO). Novus forlag, 2016. 214 side.

Arve Hansen er forskar ved Senter for utvikling og miljø (SUM) ved Universitetet i Oslo, med blant anna forbruk, fattigdom og utvikling som forskingsinteresser.

Vekk fra moralismen

Eit anna utgangspunkt for denne boka er at forbrukskritikk altfor ofte endar med ufullstendige, gjerne også moralistiske, forklaringar, og når det kjem til faktisk politikk, endar vi gjerne med fokus på litt grønare produksjon eller betre teknologi. Boka utfordrar og søker å gå forbi eit slikt fokus og å bidra til ei faktisk forbruksorientert tilnærming. Og då snakkar vi forbruk i brei forstand, forstått som kjøp, bruk og «kast» av både varer og tenester. Blant anna derfor er dette eit kjærkome bidrag. Vi treng verkeleg denne diskusjonen.

Eit gjennomgåande tema i boka er at forbruksmønster ikkje bør forståast som individuelle val av rasjonelle individ, men i sin samfunnsmessige og kulturelle kontekst

Meir enn individuelle val

Eit gjennomgåande tema i boka er at forbruksmønster ikkje bør forståast som individuelle val av rasjonelle individ, men i sin samfunnsmessige og kulturelle kontekst. Gjennom studium og diskusjonar av for eksempel teknologioptimisme, forbrukspolitikk, brukthandel, elbilar, kle og forbrukarmakt (men kvar er kjøtforbruket?), utfordrar boka heile vegen trua på enkle løysingar. Og ho gjer stort sett dette bra. Det må seiast at boka nok passar betre for dei forbruksinteresserte enn dei som vil ha ein breiare diskusjon om det grøne skiftet. Generelt er boka sterkare på forbruksteori enn på diskusjonane rundt miljø og berekraft, sjølv om nokre av kapitla får til kombinasjonen godt. Men kanskje er det slik som den britiske sosiologen Elizabeth Shove (for øvrig ein gjengongar i boka) har sagt det, at for verkeleg å forstå forbruk må vi ofte sette berekraftsdebatten litt til sida.

Det grøne skiftet

Kva er rolla til forbruket i det grøne skiftet? Vel, det spørs sjølvsagt kva som ligg i dette skiftet. Årets nyord i 2015 har etter mi meining fort blitt blant dei plattaste orda i det norske språket. Og forbruket vårt kan sjåast som eit eksempel på eit alt anna enn grønt skifte. Vi forbrukar stadig meir, men har klart å flytte både den miljøskadelige produksjonen og i stor grad også det miljøskadelige avfallet utanfor landet sine grenser. Ved at vi stort sett måler utslepp og miljøkonsekvensar nasjonalt og gjennom produksjonsprosessar forsvinn forbruket på mange måtar frå både nasjonal og internasjonal miljøpolitikk. Dette kunne gjerne vore problematisert i enda større grad i boka.

Den såkalla «rebound-effekten» er eit av dei omgrepa som i størst grad går igjen gjennom boka; det at miljøgevinsten av å for eksempel gjere teknologien vår mindre ressurs- og energiintensiv blir spist opp av at vi brukar meir

Manglande systemkritikk

Boka skisserer tre opplagte måtar å nærme seg forbruk i eit miljøperspektiv: produktsubstitusjon, reorganisering og forbruksreduksjon. Dei to fyrste er relativt uproblematiske, men har vist seg å ha heller liten miljøeffekt. Vi løyser for eksempel ikkje miljøkrisa ved å få folk til å resirkulere litt meir eller ved å kjøpe litt grønare produkt (sjølv om begge deler sjølvsagt kan vere viktige bidrag) så lenge vi stadig bruker meir ressursar.

Den såkalla «rebound-effekten» er eit av dei omgrepa som i størst grad går igjen gjennom boka; det at miljøgevinsten av for eksempel å gjere teknologien vår mindre ressurs- og energiintensiv blir spist opp av at vi brukar meir. Bilar brukar stadig mindre bensin per kilometer, men vi køyrer også stadig meir bil.

Men det er forbruksreduksjon som er mest kontroversielt og heilt klart vanskelegast å få til, av både sosiale, kulturelle og økonomisk-systemiske årsaker. Det siste er kanskje det eg saknar mest her; litt meir systemkritikk. Det ligg der under overflata i mange kapittel, men blir sjeldan framheva. Dette kan sjåast for eksempel ved at det skumle «k-ordet» omtrent konsekvent blir unngått.

I løpet av 210 sider såg eg kapitalisme nemnt ein gong. Det må seiast at fleire kapittel er inne på vekstproblematikk, men eg skulle gjerne hatt meir diskusjon om den strukturelle rolla til eit økonomisk og sosialt system som er fundamentalt avhengig av stadig aukande forbruk.

Om du vil vite kor mykje ressursar som trengs for å lage ein PC, eller kva nordmenn forbrukar på fritida, så finn du det her

Tverrfagleg

Når det er sagt så er dei fleste av forbruksanalysane i boka særs interessante. Om du vil vite kor mykje ressursar som trengs for å lage ein PC, eller kva nordmenn forbrukar på fritida, så finn du det her. Nokre av kapitla inneheld også gode forbruksteoretiske bidrag. Sidan eg no sannsynlegvis skriv til eit temmeleg sosiologisk publikum: Det er ikkje klassisk forbrukssosiologi, dette.  Boka er tverrfagleg, som seg hør og bør i moderne forbruksforsking. Mange sosiologar er med, men også samfunnsgeografar, økologiske økonomar, etnologar, sivilingeniørar, statsvitarar og marknadsførarar.  Det som fyrst og fremst samlar bidragsytarane er at dei er er SIFO-forskarar, eller tilknytt SIFO sine nettverk.

Friskt pust

Stort sett er dette ei både interessant og god bok. Som er vanlig i antologiar, så blir det til tider litt sprikande kvalitet og litt sprikande tilnærmingar. Sidan delar av boka er skriven som ein slags introduksjon til aktuelle debattar, så kunne kanskje redaktørane i introduksjonskapittelet gitt ei litt breiare innføring til problematikken for boka. Eg sakna særleg ein rask gjennomgang av korleis det etter kvart store feltet som internasjonal forbruksforsking er, har utvikla seg.

Personleg synest eg boka er på sitt mest interessante der forfattarane koplar seg på forskingsfronten i internasjonal forbruksteori og tek i bruk praksisteori

Ein klokare forbruksdebatt

Men om ikkje dei fleste kapitla vil fengje alle, så skulle her i alle fall vere noko for ein kvar smak dersom ein er interessert i forbruk. Personleg synest eg boka er på sitt mest interessante der forfattarane koplar seg på forskingsfronten i internasjonal forbruksteori og tek i bruk praksisteori. Men eg er sikker på at ulike lesarar vil verdsetje ulike delar av boka. Ho er definitivt skriven som ei fagbok, og kan fungere som ei fin innføring i forsking på forbruk og miljø. Eg skulle likevel av og til ønske nokre av forfattarane kunne lausrive seg litt frå det heller strenge akademiske oppsettet. Dette ville kanskje gjort boka litt meir tilgjengelig også for eit ikkje-akademisk publikum. Eller kanskje kan vi heller ønske oss ei populærvitskapeleg utgåve i tillegg?

Forbruksdebatten treng litt oppfrisking også utanfor akademia. Altfor ofte blir forbrukskritikken avgrensa til verdiar, samvit og individuelt ansvar. «Forbruk og det grønne skiftet» viser oss at dette ikkje er vegen å gå.

Ja til ein klokare forbruksdebatt!