Sosiologisk Akuttmottak!

Kan kjærleiksproblema dine begrunnast i sosiologisk teori? Kvifor får du ikkje draumejobben, og har det noko med Bourdieu å gjere? Kan helsa di begrunnast med ein sosiolog på 1950-talet? Kom på sosiologisk akuttmottak på Østsia og få svar på desse og lignande spørsmål!

Når: Tirsdag 12.10.2021, kl. 19.00-20.00
Hvor: Østsia

Sosiologforeininga i Agder har gleda av å invitere til vårt rykande ferske konsept, Sosiologisk Akuttmottak! Vi har latt oss inspirere av P3 sitt laurdagsråd, og vil arrangere dette i ein sosiologisk variant. Vi vil koble sosiologi til folk sine kvardagsproblem, og dette skal vi gjere med utgangspunkt i sosiologiske teoriar og refleksjonar. Det er dine spørsmål vi skal besvare, så brenn du inne med nokre dilemma eller utfordringar, så er dette kvelden for å drøfte dei med eit sosiologisk utgangspunkt.

 

Vi har fått med oss eit fabelaktig panel med dyktige sosiologar, og desse skal gjere eit forsøk på å la sosiologien hjelpe oss med dei små og store kvardagsutfordringane. Du kan stille spørsmål under sjølve arrangementet, men du kan også sende inn spørsmål i førekant, og dette gjer du gjennom denne linken.

 

Panelet består av:
Ove Skarpenes
Ann Christin Eklund Nilsen
Tale Steen-Johnsen
Irene Trysnes
Ordstyrar Linda Leirpoll

 

Arrangementet er ope for alle, uansett om du er stor nerd på feltet eller aldri har høyrt om sosiologi i heile teke. Vi gledar oss!

 

Lenke til facebook-arrangement finner du her!