– Me må byrje med kapitalakkumulasjon for å få fram korleis ulikskapen blir produsert

Göran Therborn om klasseforsking, kapitalismens dynamikk og kva som hende då Sverige snudde frå å vere eit av verdas mest egalitære samfunn til å igjen få eit ulikskapsnivå tilsvarande 1930-talet.

Då Göran Therborn, professor emeritus ved Univeristy of Cambridge og ein av verdas mest siterte marxistiske sosiologar, kom attende til Sverige i 2016 etter 40 år i akademisk utlendighet, blei han sjokkert over den ulikskapen som hadde utvikla seg i heimlandet. Det resulterte i 20 rapportar og ei bok. I slutten av april var han i Oslo for å snakke om prosjektet Klass i Sverige. I dette intervjuet snakkar Therborn om klasseforsking, kapitalismens dynamikk, og kva som hende då Sverige snudde frå å vere eit av verdas mest egalitære samfunn til å igjen få eit ulikskapsnivå tilsvarande 1930-talet.

Prosjektet «Klass i Sverige»

– Det byrja med at eg møtte Daniel Suhonen, som er sjef i tankesmia Katalys, på bokmessa i Göteborg hausten 2016, og seinare på Socialistiskt Forum i Stockholm, der eg blitt invitert for å snakke om klasseanalyse. Det viste seg at me begge var interesserte i å gjere ei klasseanalyse av Sverige. Men sidan eg er pensjonert, og pensjonert frå eit utanlandsk universitet, har eg ikkje nokon institusjonell forankring i Sverige lengre, og trengte derfor ei form for institusjonell stønad. Då var samantreffet med Suhonen og Katalys perfekt, seier Göran Therborn.

– Katalys er ei tankesmie tilknytt og finansiert av dei mest radikale fagforeiningane, men med berre tre tilsette og avgrensa ressursar. Desse ressursane var nok til eit oppstartseminar, og me sendte ut til ein invitasjon til eit ope møte og folk kunne melde si interesse for å skrive om ulike tema. Der meldte det seg rundt 25-30 personar.

Seminaret munna ut i prosjektet Klass i Sverige, som består av 20 publikasjonar som kartlegg og granskar ulike tema som mediebildet i Sverige, arbeidarlitteratur, formuesutvikling, kapitaldanning og den svenske klassestrukturens endring.

– Det blei meir ei lita folkerørsle. Prosjektet var jo utanfor dei vanlege rutinene, utanfor akademia, sjølv om veldig mange var studerande, doktorstipendiatar eller postdoktorar. Men dei fleste av dei gjorde dette når dei hadde ledig tid, utanom jobben.

Var det nokre metodiske val som var viktige for dykk i utforminga, eller var det heile tida meininga at det skulle vere eit meir pluralistisk og fritt prosjekt?

– Det var veldig pluralistisk, det var òg det einaste realistiske. Me hadde avgrensa ressursar å tilby. Det var ingen av oss som var tilsette, og det var berre frivillig arbeid. Så kvar og ein fekk skrive det ho eller han ville. Men me hadde nokre plenumseminar der me gjekk igjennom tekstane og diskuterte. Der kom det fram ein del kritikk, og fleire rapportar me ikkje synast haldt mål og som derfor ikkje blei publisera. På den måten blei det jo ein viss retning på rapportane, men me hadde ingen einsretta analytisk ramme eller noko slik. I staden skulle Daniel Suhonen og eg skrive ei samanfattande bok, seier Therborn.

Foto av Göran Therborn

Göran Therborn (Foto: Universidad de los Andes).

Göran Therborn er ein svensk professor emeritus i sosiologi ved Cambridge University og Linnéuniversitetet. Han er blant anna en av dei mest siterte marxistiske sosiologane og ble i 2019 tildelt den høgthengande Leninprisen, ein kulturpris. 

Sjokkerande ulikskapsutvikling

Denne samanfattinga blei til Kapitalet, överheten och alla vi andra. Klassamhället i Sverige – Det rådande och det kommande, som Göran Therborn av forskjellige årsakar blei ståande som solo-forfattar av. Den tar utgangspunkt i Therborn sin heimkomst til Sverige i 2016, etter å ha verka akademisk ved forskjellige utanlandske universitet i nesten 40 år. Året han drog, 1981, var òg det året ulikskapen i Sverige nådde sitt historisk lågaste nivå, før den byrja å auke att. «Att komma tillbaka och se in i det nye svenska samhället var en chock», skriv Therborn i boka sitt føreord.

Kva for endringar var det som var mest overraskande og sjokkerande?

– Det mest overraskande og påtakelege var vel heile det nye klimaet, der offentlege tenestar hadde blitt privat vinst. Sjukehus, eldreomsorg, skule og så vidare. Heile den klassiske velferdsstaten var oppriven og hadde blitt ei røre av private aktørar. Mange av dei kjempestore, utanlandske private konsern, registrert på til dømes dei britiske Kanaløyene.

– Men dette gjekk hand i hand med ei slags ideologisk kampanje. Ein hadde innført “företag och entreprenörskap” i skuleundervisinga, som byrja på dei lågare trinna og strakk seg gjennom heile skulesystemet. Det minner jo litt om dei obligatoriske marxist-leninistiske grunnkursa i Sovjetunionen. Den fullstendige liberale kapringa av det ideologiske og politiske klimaet var overraskande.

– Og sjølvsagt, då eg byrja å sjå på meir konkrete data, blei eg uroleg over dei omveltande endringane som hadde skjedd i inntekts- og formuefordelinga. Etter ei mengde ulike kriterier har Sverige hatt den raskaste ulikskapsutviklinga i Europa. Eg ville forsøke å forstå korleis dette kunne hende, forklarar Therborn.

Denne ulikskapsutviklinga meiner Therborn er drive av den grunnleggande kapitalistiske motsetninga mellom arbeid og kapital:

– Det ein må fokusere på i klasseanalyse er at klassetilhøva, sjølv om dei har sine ulike nyansar og grupper og så vidare, er veldig tydeleg konsentrert rundt skiljet mellom kapital og lønsarbeid. Det er det som driv den svenske ulikskapsauka, det er der dei nye høva for avkastning og fordelane er, som har falle til kapitalen. Avreguleringa av kredittmarknaden har gjort det utruleg lett å låne pengar. Samtidig har me hatt ei spektakulær utvikling i børshandel og aksjemarknaden, der verkeleg store formuer har blitt skapt.

– Det er ei veldig radikal forvandling. Då eg drog frå Sverige var størrelsen på børshandelen mindre enn 3% målt opp mot nasjonalinntektene, i dag er dei seinaste tala eg har sett for 2017 på 145%. Og før krisa i 2008 var det oppe i 180%. Aksjespekulasjonen sin størrelse relativt til BNP har vakse seg seksti gonger så stor frå starten av åttitalet og fram til i dag, seier Therborn.

– Ulikskapsutviklinga har skjedd på bakgrunn av den formidable auka i kapitalinntekter. Om ein samanfattar det økonometrisk, så kan auka i GINI-koeffiseinten for heile perioden frå 1995 fram til i dag forklarast med kapitalinntektene, som dels har auka og dels er ekstremt konsentrert. Frå 1991 til 2016 har arbeidsinntekter og føretak sine inntekter auka med om lag 60% kvar. I den same perioden har kapitalinntektene, det vil seie arbeidsfrie inntekter, auka med 229%.

Ut av desse massive kapitalinntektene får den nederste halvparten av den svenske befolkninga 2%, mens den rikaste hundredelen, “the top one percent”, tar 54%. Det er ein enorm konsentrasjon. Dette er ein prosess som dels har blitt drive fram gjennom den internasjonale finansialiseringa av kapitalismen, men den har òg blitt forsterka nasjonalt gjennom skatteendringar og avskaffinga av ulike former for skatt. Kapitalinntekter skatteleggjast nå mindre enn arbeidsinntekter for høginntektsmottakarar, forklarar Therborn.

Det er det kapitalistiske økonomiske systemet som er drivkrafta, som er motoren i det heile. Og klassefordelinga mellom eigarar og lønsarbeidarar er eit resultat av dette systemet og dets utvikling

I rette med klasseforskinga

Therborn fylgjer altså pengane når han ser på korleis klasse blir produsert og reprodusert i det svenske samfunnet. I boka stiller han seg kritisk til dei to trendene han oppfattar som dominerande i sosiologisk klasseforsking i dag, og skuldar dei for å gå glipp av korleis det økonomiske systemet avgjer fordelinga av ressursar og makt. Den eine er forskinga på stratifisering, livssjansar og posisjonar på arbeidsmarknaden, som særleg er inspirert av John Goldthorpe. Den andre er den Bourdieu-inpirerte klasseforskinga som tar utgangspunkt i korleis ulike former for kapital – inkludert kulturell og sosial kapital – blir fordelt og bidrar til å reprodusere klasser. Therborn er opptatt av å forklare klasse som resultatet av ein systemlogikk.

Er det slik at me fyrst og fremst må ha kapitalismen og dens dynamikk som vårt primære studieobjekt, heller enn ein “klasseetnografi” og klassene direkte, dersom me skal forstå fenomenet klasse under kapitalismen?

– Det er det kapitalistiske økonomiske systemet som er drivkrafta, som er motoren i det heile. Og klassefordelinga mellom eigarar og lønsarbeidarar er eit resultat av dette systemet og dets utvikling. Denne klassefordelinga endrar seg òg med systemets forandring frå industrikapitalisme til finanskapitalisme. Men om ein vil få fram korleis ulikskapen blir produsert, så må ein byrje med kapitalakkumulasjonen. Så finnast det i og for seg andre aspekt ved ulikskap, som eg tar opp i boka. Men ein må ta utgangspunkt i sjølve dynamikken i systemet.

– Mobilitetsforskarane har jo i veldig stor grad vore fokusert på mobiliteten mellom generasjonar, frå arbeidarklasse til middelklasse. Det er eit legitimt forskingsområde som det isolert sett ikkje er grunn til å sette spørsmålsteikn ved, akkurat som forskinga på fordelinga av såkalla kulturell kapital. Men desse forskingsområda kan ikkje gjerast sentrale, for dei ser bort ifrå dynamikken i systemet, og kor den store skiljelinja går. I Skandinavia er den såkalla middelklassa i stor grad fagorganiserte lønsmottakarar.

– I Sverige er tenestemenn i privat sektor i større grad organisert enn arbeidarar. Mens mykje av litteraturen handlar om skiljeliner mellom arbeidarklasse og middelklasse, og om klassereiser frå arbeidarklasse til middelklasse, så går ikkje den store skiljelina i våre samfunn i dag mellom arbeidarklasse og middelklasse. Den går i staden mellom “the top one percent” – eller i høgda to-tre prosent, ein kan diskutere kor ein skal dra den eksakte grensa, men i alle fall mindre enn ti prosent – som konsentrerer kapitalinntektene, og alle andre. I møte med dette blir skiljelinene mellom tenestemenn og arbeidarar, og middelklasse og arbeidarar, ganske sekundære.

– Utvidinga av klasse- og ulikskapsanalyse til “kulturell kapital” har ei interesse. Men det perspektivet må ikkje skygge for andre og mykje viktigare dimensjonar, slik som ulikspassystemet sin produksjon av ulike kroppar, mellom polane friske og sterke på den eine sida, og sjuklege og svake på den andre. Dette er ein prosess som skjer gjennom epigenetiske prosessar, og ikkje berre gjennom genetisk lotteri og ein biologisk, asosial prosess. Vidare inneber ulikskapssystemet ein produksjon av forskjellige typer ulikskapar, av personar med og utan sjølvtillit- og respekt, med og utan tryggleik, og med og utan sjølvstende.

Det trengtes ein ny økonomisk politikk som sette næringslivets interesser i sentrum

«Motreformasjonen»

Omkring 1980 var Sverige eit av verdas mest egalitære land. Under eit stabilt klassekompromiss og sosialdemokratisk politisk leiing blei det frå 1930-talet innleia ein periode med full sysselsetting og auke i sosiale rettar, arbeidsplassrettar og formueutjamning. Motstanden mot den klassiske industrikapitalismens groteske klasseulikskapar førte til ein reformasjon av kapitalismen, leia av arbeidarrørsler og -parti. Frå 1980-talet meiner Therborn at ein kan sjå byrjinga på ein “motreformasjon”, vekk frå etterkrigstidas velferdskapitalisme mot ein nyliberal og finansialisert kapitalisme med vaksande kløfter. Denne motreformasjonen hadde samansette årsakar. Fyrst og fremst var den eit strukturelt og historisk økonomisk-sosialt skifte i kapitalismen. Men den fekk òg sin form i Sverige av korleis dette skiftet blei tolka og handsama av leiande skikkelsar i det politiske systemet. For det tredje var motreformasjonen eit ideologisk hegemoniskifte.

Kan du seie litt om dei forskjellige komponentane i denne “motreformasjonen” og kva som samlar dei til eit einsarta fenomen eller rørsle?

– Det som utløyste motreformasjonen var den økonomiske krisa på 1970-talet, og ubalansane den skapte i verdsøkonomien, med ujamne handelsbalansar, inflasjonstrykk og så vidare. Dette blei veldig dramatisk på grunn av den enorme oljeprisveksten hausten 1973, og samanbrotet i det internasjonale valutasystemet, når USA gav opp dollarens kopling mot gull og den stabiliteten som fantes i Bretton Woods-systemet. I tillegg til store ubalansar på verdsmarknaden skapte det eit ideologisk problem innanfor nasjonaløkonomiane, for no fekk ein i mange land høg inflasjon og auka arbeidsløyse samtidig, noko som ifylgje keynesiansk økonomisk teori og politikk skulle vere umogleg.

– Samstundes fekk ein ei konjunkturell industrikrise i mange land, og ein såg tendensar til overproduksjon og auka internasjonal konkurranse. Mange av dei leiande industrisektorane i Sverige, som skogsindustri, jarngruver, stålproduksjon og verft, blei alvorleg truga.

– Sjølv om ein ikkje riktig oppfatta det slik på det tidspunktet, var dette byrjinga på ei oppløysing av industrisamfunnet i dei utvikla landa, der industrisysselsetting ikkje berre byrja å gå ned konjunkturelt, men òg epokalt. I sin tur svekka det arbeidarrørsla og arbeidarpartia. Ein såg dessutan ei allmenn oppløysing av den standardiseringa som hadde skjedd i det utvikla industrisamfunnet, der ein hadde ein regulert arbeidsmarknad, eit einskapleg skulesystem og til og med eit einskapleg familiesystem, forklarar Therborn.

– Alt dette førte til, om me går attende til motreformasjonen i Sverige, at det i forkant av Riksdagsvalet i 1982, blei satt ned ei krisegruppe i den øvste leiinga i SAP [TF anm.: Sveriges socialdemokratiska arbetareparti] med støtte frå LOs sekretær. Dei oppfatta dette som eit historisk vendepunkt og slutten på høvet for velferdsstatens ekspansjon, at ein var nøydd til å legge om kursen. Det var ei kriseoppfatning, og denne krisa blei tolka i reint liberale termer. Det umiddelbare problemet blei vurdert som at lønene var for høge og avkastinga for låg, og at det skada den svenske økonomien sin konkurransekraft. Det trengtes ein ny økonomisk politikk som sette næringslivets interesser i sentrum.

No skildra du jo ein del desintegrasjonstendensar som var ibuande i den regulerte kapitalismen. Men omgrepet “motreformasjon” gjer det lett å tenke at den rørsla som skjedde var eit veldig medvitent og kalkulert framstøyt frå aktørar med avklarte mål. Er det ei spenning i forklaringane mellom strukturar og aktørar her? Tenker du at motreformasjonen fyrst og fremst var eit uunngåeleg svar på strukturkrise i vestleg kapitalisme, eller var det ein veldig sofistikert, men i siste instans ein meir eller mindre vilkårleg strategi frå kapitalistar og frimarknadsideologar?

– Nei, det var jo både òg, men i Sverige var det slik at vendinga i økonomisk politikk kom under ei sosialdemokratisk regjering, i 1982. Nå var det jo i og for seg slik at om dei borgarlege hadde vunne valet i 1982 så hadde det blitt ein liknande politikk, for dei hadde gjennom syttitalet støtta og oppretthaldt den sosialdemokratiske økonomiske politikken, og hadde forsvart den fulle sysselsettinga. Men det hadde kosta ein heil del, og ein hadde store budsjettunderskot. Det var problematisk.

– Men eg synest ikkje det er nokon spenning her. Det utløysande for motreformasjonen var krisa på 1970-talet. Utan den hadde ikkje motreformasjonen skjedd på det tidspunktet. Den kunne imidlertid ha kome seinare, for då byrja ein å merke verknadane av dei langsiktige strukturelle endringane, av industrikapitalismens nedgang og finansens auka vekt, internasjonale kapitalmarknadar og uregulerte kapitalrørsler.

Når finansminister Feldt presenterte forslaget om avregulering av banksektoren, så sa Palme, i fylgje finansministeren sjølv, ‘Gör som ni vill. Jag begriper ändå ingenting‘

– Krisa, og tolkinga av den, leia fram til ein veldig medviten, aktiv nyliberal politikk frå ei gruppe i SAP, sentrert omkring finansdepartementet, finansminister Kjell-Olof Feldt, og hans næraste mann, Erik Åsbrink, som var “ordförande i riksbankfullmäktige” [TF anm.: svensk ordning for Riksdagens tilsyn med sentralbanken], i tillegg til ei gruppe yngre nyliberale økonomar som hadde byrja å ta til seg dei nye signala i økonomifaget som kom frå Chicago. Så for denne vesle gruppa nyliberale økonomar i SAP, var motreformasjonen ein medviten strategi. Men at den blei vellukka var avhengig av desse strukturelle føresetnadane og ei underminering av den tidlegare industrikapitalismen, meiner Therborn.

– Ein skal legge til at i generasjonsskiftet i SAP var det òg fatalt at statsminister Olof Palme, som var den einaste i den yngre generasjonen som var påverka av 1968-opprøret, og som stod fast på den klassiske velferdsstaten, av ulike grunnar, kanskje personlege, abdiserte fullstendig frå å legge seg borti den økonomiske politikken. Når finansminister Feldt presenterte forslaget om avregulering av banksektoren, så sa Palme, i fylgje finansministeren sjølv, ‘Gör som ni vill. Jag begriper ändå ingenting.

Kven skal tilpasse seg nye klimatilhøve, til kva pris, og kven skal få halde på sin noverande livsstil?

Har kapitalen vunne klassekampen?

I framlegget Therborn presenterte i Oslo, drista han seg òg på å trekke nokre linjer framover, korleis det er det er sannsynleg at kapitalismen, ulikskapen og motstanden mot den, kjem til å utvikle seg i den komande tida. Eit vesentleg poeng for Therborn er at det industrikapitalistiske samfunnet innehaldt ein særeigen dialektikk og innebygd «brems», i og med at dens utvikling skapte eit industriproletariat som kunne sette fram krav og temje dei verste impulsane i det kapitalistiske systemet. Den framvaksande finanskapitalismen inneheld ingen slik dialektikk, og skaper ikkje sin eigen motsetning i eit tilsvarande «finansproletariat».

Betyr slutten på den dialektikken slutten på ein ordna klassekamp, at kapitalen vann, eller berre at klassekampen vil ta meir kaotiske former?

– Det er ikkje slutten på klassekampen, det er det såvisst ikkje. Men det gjer klassekampen meir uføreseieleg. Det finnast ingen utviklingslogikk i finanskapitalismen, anna enn at dei økonomiske kløftene kjem til å vakse, og ingen brems tilsvarande den i industrikapitalismen. Det er heller ingen tendens i den post-industrielle kapitalismen som fremjer ein konsentrasjon av arbeidarklassa, eller ei kollektiv organisering av arbeidarklassa. Og det gjer nok at ein framover kan vente seg ei svekka rolle for fagforeiningane, sier Therborn.

– I Skandinavia har denne tilbakegangen til nå vore lukkeleg svak, men i den utvida kapitalismen som heilskap må ein nok framover reikne med ei tendensiell svekking av fagforeiningane, og i kanskje endå større grad av dei klassiske store arbeidarpartia. Det har jo i stor utstrekning allereie skjedd. Motstanden mot kapitalen kjem til å bli meir spontan, lausare organisert og i større grad styrt av slumpetreff. Eg trur det som utspelar seg i Frankrike no, med dei gule vestane, varslar ei ny tid.

Eg har sett nokre omtaler av boka di etterspørje fleire forslag til strategiar for å snu utviklinga. Kva tenker du er marxistiske og kritiske samfunnsvitarar si rolle her? Har me eit ansvar for å presentere og konkretisere alternativ, eller er vårt oppdrag meir beskjedent, å negativt vise fram kva for alternativ og strategiar som ikkje er realistiske?

– Altså, det er klart at i den grad ein kan utvikle konkrete strategiar, så skadar vel ikkje det. Men eg trur det er vanskeleg. Når utviklinga framover ser såpass flyktig og uoversiktleg ut, er det vanskeleg å utvikle nokon langsiktig strategi. Og eg trur òg at det i så måte er rimeleg med ei viss varsemd og audmjukskap. Med bortfallet av den industrikapitalistiske dialektikken – og for den del den moderne kolonialismens dialektikk, som skapte koloniale og nasjonale frigjeringsrørsler – har òg ein heil del av den marxistiske samfunnsanalysa sitt skarpaste analytiske instrument falle bort. Det synast eg me skal erkjenne, og det påkallar ei innskrenking av sjølvtryggleiken og ein audmjukskap.

– Det som er viktig i dette tilfellet, synest eg, er å peike på dei utviklingstendensane som pågår, og kva for effektar dette skapar for folk, og å søke etter moglege motstandskrefter mot desse tendensane. Og i den samanhengen lyfter boka mi òg fram den vaksande tyding som profesjonelle grupper kjem til å få. Den post-industrielle kapitalen invaderer profesjonane sin autonomi, yrkesbyrgskap og yrkesetikk, og stiller spørsmål ved verdien av deira kunnskap og så vidare. Det gjer det sannsynleg at profesjonane kjem til å gjere motstand, og det gjer dei allereie òg på lokalt nivå.

– Eit heilt anna døme som eg trur kjem til å bli viktig, er naturlegvis korleis klimautfordringane skal handterast. Der trur eg at det finnast eit stort og viktig spor for samfunnsvitskapleg analyse, mellom på den eine sida dei apokalyptiske førestillingane om at jorda kjem til å gå under, og på den andre sida den teknokratiske solskinsoptimismen via teknisk utvikling.

– Kven skal tilpasse seg nye klimatilhøve, til kva pris, og kven skal få halde på sin noverande livsstil? Dette kjem til å generere mange sosiale konflikter, så det er viktig å analysere dette. Her kan ein ikkje føreseie så veldig mykje, men ein kan analysere ulike alternativ og ulike høve, og vere merksam på at handteringa av klimautfordringane kjem til å bli ein av dei sosiale og økonomiske revolusjonane i vårt århundre, seier Therborn.

Og her er det viktig for oss samfunnsvitarar å peike på moglege alliansar?

– Ja, mellom ulike sosiale grupper og ulike sosiale klasser og underklasser.

I ein svensk kontekst skriv du om prekariatet, proletariatet og dei profesjonelle som grupper som har motstridande interesser med kapitalen. Ser du for deg ei strategisk allianse mellom desse?

– Tja… Eg ser ein horisont av moglege alliansar. Men eg trur ikkje at utviklinga kjem til å bli så velordna, organisert og logisk. Så eg trur ikkje det kjem til å bli utvikla så mange formelle og strategiske alliansar. Men det finnast felles interesser her, og progressive krefter bør innrette seg på å tydeleggjere desse og presentere høvet for koplingar og alliansar, avsluttar Göran Therborn.

Tord Flatland er masterstudent i sosiologi ved Universitetet i Oslo.