Historie, migrasjon og musikk: Ein samtale med Richard Sennett

Hos Richard Sennett er trauste faktorar som arbeid, motstand og anonymitet sentrale føresetnader for det gode byliv. Men det sosiologiske fundamentet er henta frå musikken.

Richard Sennet under OBOS-konferansen (foto: Ilja C. Hendel/OBOS).

Den perfekte byen

Den amerikanske sosiologen Richard Sennett har vore på Oslo-besøk i samband med OBOS-konferansen 2019 om den perfekte byen – eit tema han har utforska gjennom talrike bøker sidan slutten av 1960-talet. Etter ein lang akademisk karriere ved institusjonar som London School of Economics (LSE), Columbia University, MIT og New York University (NYU) er Sennett pensjonert, men på ingen måte ferdig å jobbe. Han har for tida eit oppdrag innanfor FN sitt busetnadsprogram, held foreleseringar verda rundt og underviser framleis i sosiologi ved LSE og NYU. Eg møter han i lobbyen på Oslo Plaza, eit hotell som får han til å ytre seg lakonisk om storkapital og einsretta design allereie før intervjuet er i gang.

Mykje av den same kritikken kjem opp igjen dagen etterpå, då eg tek med Sennett på byvandring frå det som papiret er den perfekte delen av Oslo, Fjordbyen, til Grønland, som frå visse perspektiv representerer det uperfekte. Fjordbyen er i alle fall langt meir programmert, heilskapleg utforma og logisk komponert enn Grønland, som er eit lappeteppe av ulike byplanar, arkitekturhistoriske periodar og menneske frå ulike kulturar. Sennett blir særleg fascinert av Smalgangen, handlegata ved Grønland Torg, som han assosierer med myldrande gateliv i London, byen han bur i. Han er forbløffa over at denne mangfaldige og yrande gatestubben ligg så tett på den – etter hans synspunkt – homogene og livlause Fjordbyen.

Korkje kritikken av Fjordbyen eller begeistringa for Grønland er særskild ny, men det er jo verdt å merke seg at ein internasjonal kapasitet som Sennett gjer liknande observasjonar som Oslo-baserte urbanistar. Ein viktig grunn til at Grønland kjem heldig ut, komparativt sett, i løpet av vår korte byvandring er at nabolaget formeleg boblar over av menneske og byhistorie. Det er på sistnemnde felt at Sennett har si fremste styrke i desse dagar, og eg opnar derfor intervjuet med å gå inn på urban historie som premiss for å forstå dagens byliv.

Sosiologar og andre fagfolk har ein tendens til å tru at berre folk pratar med kvarandre vil alle motsetnader løysast. Mi erfaring er at dette ikkje utgjer nokon forskjell

Verdien av historisk kunnskap

Mange av bøkene til Richard Sennett, inkludert den siste, Building and Dwelling (2018), kombinerer djupdykk i den urbane historia med refleksjonar rundt dagens byliv. Kvifor bør vi studere fortida i relasjon til aktuelle urbane problemstillingar?

 «Det mest opplagte svaret er at vi for tida er vitne til ei massehomogenisering av byar – berre sjå på det hotellet vi sit i no. For å skape ei kritisk distanse til denne situasjonen, treng vi å sjå tilbake på ulike tidspunkt i historia då dette ikkje var tilfelle. Ein kvar historisk analyse av det som var annleis før i tida tilfører ein kritisk dimensjon i samtida. Det er ikkje dermed sagt at byar var betre i fortida berre fordi dei var meir differensierte. Eg trur absolutt at vi må jobbe med dei verktøya vi har i dag, innan urbanisme så vel som andre fagfelt, og at det er viktig å ikkje bli nostalgisk. Vel, eg er ein smule nostalgisk – eg kunne godt levd i det historiske Paris, men i så fall etter at moderne medisin og infrastruktur hadde blitt innført», fortel Sennett.

Men om det er eit visst innslag av nostalgi i framstillinga hans, har Sennett også skrive svært direkte om problematisk aspekt ved historiske byar. I Flesh and Stone (1994) analyserer han til dømes om den første jødiske gettoen i Venezia, og urban segregering er eit tema som gjennomsyrer fleire av bøkene hans. Kva tenkjer han om desse perspektiva i dagens byutvikling, finst det måtar å unngå segregering?

«Eg trur faktisk at det kan vere muleg å planlegge seg ut av visse typar segregering. Dette er eit sentralt tema i det praktiske arbeidet eg no gjer for FN. Det som opptek meg mest i den samanhengen er korleis vi kan løyse opp i grensar mellom ulike samfunn og nabolag. Nøkkelen til å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader ligg i å gjere skarpe kantar mellom ulike område mjukare.

Dette har eg observert i Bombay [Mumbai], India, som tradisjonelt sett har vore delt opp i separate landsbyar prega av religiøs segregering. Fysiske og andelege strukturar av denne typen forhindrar samkvem mellom folk. På den andre sida har du stader som Nehru Place i Delhi, som er eit område der grenser forvitrar. Det er det minst valdelege distriktet i Delhi fordi folk er saman reint fysisk heile tida», poengterer han.

Sennett skriv utfyllande om dette i Building and Dwelling, der Nehru Place er skildra som eit «multipleks» av handelsbodar, religiøse bygningar og kontorbygg. Her smeltar det stive og formelle saman med det mellombelse og tilfeldige – det er ein kontinuerleg syklus av sosiale taktskifte. Men dette, påpeiker Sennett, er ikkje eit reint uformelt nabolag, det er ei blanding av kontrollert planlegging – til dømes t-banestasjonen – og uventa bruk av det planlagde. Mesteparten av torghandelen går føre seg på toppen av eit parkeringshus som ikkje var intendert for offentleg formål. Nettopp derfor er terskelen låg for at ulike typar bruk kan finne stad. Ein må ikkje søkje om løyve eller be om lov, så lenge ein fysisk klarer å innrette seg. Slike nøytrale, fysisk tilgjengelege rom er heilt essensielle, meiner Sennett, som i samtalen vår legg til følgjande:

«Eit underleg aspekt ved min urbanisme er at eg stiller meg skeptisk til verbale måtar å takle segregering. Sosiologar og andre fagfolk har ein tendens til å tru at berre folk pratar med kvarandre vil alle motsetnader løysast. Mi erfaring er at dette ikkje utgjer nokon forskjell. Eg har mykje meir trua på at folk må vere saman reint fysisk, gå side om side på gata, stå skuldar ved skuldar på bussen, kort sagt omgåast – det er dette vi jobbar med i FN-prosjektet», fortell Sennett.

Nehru Place er skildra som eit «multipleks» av handelsbodar, religiøse bygningar og kontorbygg. Her smeltar det stive og formelle saman med det mellombelse og tilfeldige - det er ein kontinuerleg syklus av sosiale taktskifte, fortel Richard Sennet (foto: Wikimedia Commons)

Frå teori til praksis

I foredraget under OBOS-konferansen kjem det fleire døme på dette, eksempelvis tiltak for å motverke at motorvegar opptrer som barrierar i bylandskapet. Som Sennett er inne på, har infrastruktur av den typen aldri berre handla om transport, men også om inndeling av menneske i ulike sosioøkonomiske soner.

Dette er dette han vil til verks under foredragstittelen «The Open City», som kort sagt dreiar seg om å lage meir porøse bystrukturar. Her kjem det til syne ein nokså konvensjonell kritikk av den sonedelte modernistiske byen, og ingen av dei praktiske døma hans er særskild nyskapande, men det er uansett interessant at ein garva teoretikar som Sennett no tek steget over i handling. Som han sjølv seier det: 

«Eg er ein temmeleg teoretisk person, men gjennom praktisk planleggingsarbeid har eg innsett at teorien min enkelte gongar korkje var her eller der. Dette gjeld til dømes mine tankar om menneske med samansett identitet, som eg blant anna har henta frå Walter Benjamin og teorien om lagvis identitet, overlapping og parallelle livsløp. Slikt er nyttig som kritisk perspektivering, men kan ha null verdi i praktisk planundervisning, som bør handle om å løyse ting, ikkje berre fundere og problematisere», hevder professoren.

Denne sjølvransakinga er nok litt av grunnen til at Building and Dwelling inneheld fleire faglege omgrep som er meint å inspirere urban praksis. Eitt av desse er «Seed planning.» Men kva ligg eigentleg i dette?

«Det er ein metafor, så klart, ikkje frø i bokstaveleg forstand, men det handlar om distribusjon av noko som kan vekse med forankring i lokale forhold. Ideen er å ha ein overordna ressurs som spreiar seg utover det urbane territoriet, utan for sterke føringar anna enn å setje noko i gang. Sjølve vidareutviklinga blir opp til lokale krefter. Dermed kan du kombinere ein overordna planstrategi med lokal autonomi. Eg trur at byen sitt DNA, sjølve grunnkomponentane, må utviklast sentralt men fordelast på ein måte som skaper mangfald», seier forskaren.

Dei siste 15-20 åra har mange vore samde om nokolunde det same: Balanseforholdet mellom sentralstyring og lokalstyring er sjølve nøkkelen til suksess, men også ei kjelde til uendeleg konflikt. Berre sjå på resultatet av det ferske kommune- og fylkestingsvalet i Noreg, der Senterpartiet profitterte stort på lokal misnøye med overstyring frå sentralt hald. Mykje tydar på at det er enklare å konstruere teoretiske og prinsipielle modellar enn å meistre dette gjennom praktisk politikk og forvalting.

Eg trur at byen sitt DNA, sjølve grunnkomponentane, må utviklast sentralt men fordelast på ein måte som skaper mangfald

Migrasjon før og no

Eit anna tema som var viktig inn mot det norske valet var multikulturelt byliv og religiøs identitet, som Sennett har skrive mykje om, til dømes i The Conscience of the Eye (1990). Der argumenterer han for at kristendommen tidvis har hatt ei destruktiv rolle for vestleg byutvikling, grunna den implisitte frykta for alt som er kaotisk, uharmonisk og ukontrollert. På bakgrunn av slike haldningar blir byane trygge og velorganiserte, men dermed også sterile, homogene og tamme. I dag er det som oftast andre religionar som får skylda for urbane problem. Kva tenkjer Sennett om desse tendensane i forhold til det han tidlegare har skrive om tematikken?

«For det første er det viktig å påpeike at religion har vore eit brennbart tema gjennom heile historia til dei fleste større byar, ikkje berre mellom kristne og andre, men også innanfor rammene av kristendommen. Litt av problemet er at religion ofte påtvingar eit totaliserande perspektiv – du er religionen din. Så dersom du føler deg som ein protestant, men også noko meir, byrjar identiteten å vakle. Det er derfor eg meiner at religiøs identitet er mykje meir krevjande å handsame enn sosial klasse.

Då eg skreiv om Venezia [i Flesh and Stone og The Foreigner, journ.kom. ]prøvde eg å vise at det kan oppstå ein slags religiøs sameksistens sjølv i bysamfunn som er veldig segregerte. Men det krev at vi kvittar oss med den horrible ideen om felles forståing til fordel for kroppsleg samvere – vi må tolerere at andre er der og gjer ting på sin måte, men vi treng ikkje å forstå alle rundt oss. Ved å tenkje på denne måten blir den kompliserte oppgåva med å styre multikulturelle byar langt enklare», fortel Sennett.

I forlenginga av dette kjem vi inn på Sverige, som Sennett sjølv introduserer som tema fordi han var der på 1990-talet for å studere og snakke om integreringspolitikk.

«Svenskane, i deira misforståtte godsinn, trudde at innflyttarane ville ha det best om dei fekk samlast i eigne samfunn – ein forferdeleg idé! Det ville nok vore langt betre for både svenskane og dei som flykta frå borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia om immigrantane hadde blitt fordelt over heile landet. Dette var ikkje rasisme, men ei form for sosiologisk dumskap bygd på tanken om at folk som er annleis likar å vere i lag», poengterar Sennett.

På dette tidspunktet presenterer eg Sennett for det omdiskuterte omgrepet «svenske tilstander», som han aldri har høyrt om, men som gir meining i lys av det han opplevde då han vitja Sverige på 90-talet.

«Dei fleste har eit betydeleg potensiale for å bli integrert nye stader, men å bli internert i separate territorium er sjeldan ein god start. Det finst unntak, så klart, til dømes dagens omfattande japanskamerikanske miljø i USA, som oppsto under verst tenkjelege forhold – som krigsfangar under andre verdskrig. Men deira utvikling etter krigen er heilt kontrær til ‘svenske tilstander’ – eit fråstøytande omgrep, forresten – primært fordi dei var ekstremt tilpassingsdyktige. Dei aksepterte sin eigen lagnad og endringa den medførte».

Svenskane, i deira misforståtte godsinn, trudde at innflyttarane ville ha det best om dei fekk samlast i eigne samfunn – ein forferdeleg idé!

Byhistoria er full av slike unntak; immigrantar som gradvis finn sin plass i nye samfunn, eller som slår seg til ro med å vere ein evig outsider og lever livet deretter. Det er også ei form for tilpassing, skriv Sennett i essaysamlinga The Foreigner, (2011), der han pirkar i den etablerte førestillinga om at alle må slå seg til ro for å finne lykka i den moderne byen. Om ein er på innsida eller utsida av etablissementet er det uansett éin faktor som er kontant: Ein må ha eit gjeremål. Det var rådet han gav svenskane i 1994: 

«Du må få folk ut i jobb. Dei må føle seg nyttige i det nye samfunnet om det skal vere håp om integrering. Det same gjeld kravet om at dei skal lære seg språket. Då må dei ha ein grunn til å bruke det i kvardagen»

Den teknologiske kvardagen

Meining i kvardagen er eit gjennomgangstema i Homo Faber-trilogien. På eit overordna nivå handlar dette om situasjonen til den enkelte innbyggjar i ei tid då teknologiske system kartlegg kvar vi bur, kva vi gjer og kva vi er opptekne av. Dette gjer det vanskeleg å sikre nøytralitet for den enkelte, som er eit klassisk Sennett-poeng om trivsel i kvardagen:

«Éin ting eg er godt nøgd med frå mitt eige teoretiske arbeid er verdien av å vere anonym, som enkelt let seg overføre til praksis. Det er noko grunnleggjande frigjerande ved å vere anonym, og det er derfor det er så viktig å vere skeptisk til den overvakingsteknologien som no gjennomsyrar kvardagen vår. Menneske treng anonymitet, gjere si eiga greie, utan for mykje innblanding frå omverda. Dette er ei av dei største utfordringane innan dagens teknologiserte byplanlegging – korleis kan vi planleggje til beste for folk utan å gripe for mykje inn i privatlivet deira?» spør Sennett.

Det frigjerande elementet i ein anonym livsstil opplevde eg sjølv då eg kom til Oslo for 10 år sidan og flytta i høgblokk på Grünerløkka. Der budde eg, ein heilt vanleg fyr i ei heilt vanleg leilegheit, utan å måtte ta del i noko fellesskap anna enn flyktige møte i gangen, i heisen, ved postkassa. Burettslaget var så stort at eg uansett aldri kom til å kjenne alle. Folk flytta, andre flytta inn – det passa meg perfekt der og då, som ein kontrast til livet på den vesle staden eg kjem frå, Bryne, der di eiga identitet fort blir synonym med kven foreldra dine er, kor du bur og kva du driv med. I Oslo var slike båsar fråverande den første tida, og det var veldig avslappande.

Menneske treng anonymitet, gjere si eiga greie, utan for mykje innblanding frå omverda. Dette er ei av dei største utfordringane innan dagens teknologiserte byplanlegging – korleis kan vi planleggje til beste for folk utan å gripe for mykje inn i privatlivet deira?

Samstundes er det jo mange som kjenner seg einsame i storbyen, særleg viss ein ikkje har noko meiningsfylt å drive med. Her kjem verdien av sysselsetting inn med full tyngde. I dagens byar kan mange menneske kjenne seg verdilause fordi dei utfører verdilause jobbar – mekaniserte prosessar som snart kan overførast til maskinar. Sennett introduserer handverk som eit reddande element i så måte. Men kva tenkjer han om forholdet mellom handverk og teknologi – er han så teknologikritisk som ein av og til kan få inntrykk av i bøkene?

«Eg har undervist ved MIT i nærare 40 år, og eg er tilbake der no, ettersom det arbeidet eg gjer for FN er i samarbeid med MIT. Eg er genuint interessert i high tech som ein type handverk. Og eg trur at mykje av det som er bra med tradisjonell handverkskompetanse er lærdom som kan overførast til high tech-feltet. Mi oppfatning er derfor at desse felta ikkje automatisk er i opposisjon. Men det finst ein kime til protest som dreiar seg om den fundamentale verdien av arbeid, som blir utfordra av mekanisering og automatisering.

Mi haldning er at det ikkje spelar så stor rolle om du gjer noko analogt eller teknologisk så lenge det er differensiert arbeid, altså noko som inneber variasjon og eit element av kreativitet. Men dette er meir eit spørsmål om kapitalismekritikk enn teknologikritikk, fordi kapitalisme fordrar forenkling og standardisering», fortel han.  

I relasjon til dette kjem poenget om at vi må utvikle eit meir kritisk blikk på omgrepet brukarvennleg – eit tilbakevendande tema i både The Craftsman og Building and Dwelling. Vi må vakte oss for teknologi som gjer livet alt for enkelt for oss, meiner Sennett. Dette gjeld særleg hjelpemiddel som forenklar kvardagen på ein fordummande måte, fordi ein korkje kan utvikle eigne måtar å jobbe på og eller får ei forståing av teknologien som ligg bak. Menneske treng motstand, meir enn noko anna, for å bli dyktige innan eit felt:

«Prisen for å gje slepp på motstand er underkasting. Ein kan utvikle alle slags verktøy, analoge eller elektriske, som gjer livet enklare, men risikoen er å bli slavar av hjelpemidla. Menneske lærar gjennom motstand – det gjeld innan kunstfeltet så vel som alle andre verksemder som baserer seg på handverkskompetanse. Å kunne feile er like viktig som å lukkast med noko. Det er grunnen til at eg berre jobbar på Linux, som er vanskeleg å bruke, men derfor veldig lærerikt. Du får meir innsikt i kva som skjer gjennom din eigen bruk», seier professoren.

Musikk som sosiologisk fundament

Det er få ting hos Sennett som illustrer poenget om læring gjennom motstand betre enn musikk. Han har lang fartstid som cellist, primært som amatør, men aspirerte mot ei profesjonell musikarkarriere i sine yngre dagar, før ein belastningsskade sette ei stoppar for den draumen. Men sjølv om ein unngår skadar er det ikkje tvil om at vegen til musikalsk dugleik er brulagt med strev og motgang. Det finst ein klar samanheng mellom Sennett si eiga evne til å meistre eit instrument og den akademiske interessa for handverk:

«Det eine følgde det andre. Heile prosessen med å øve og potensialet som ligg i improvisasjon framstår som sosiale modellar for mitt vedkomande. Då eg skreiv boka om samarbeid [i Together (2012)] var argumentasjonen nøye basert på korleis musikarar øver, non-verbalt, korleis dei plukkar opp signal frå kvarandre som eit kollektiv. Eg skriv faktisk ei bok om improvisasjon no, som eg trur kjem til å bli mi siste. Fokus i denne er korleis menneske brukar improvisasjon til å uttrykke seg. Improvisasjon er eit handverk», poengterar Sennett.

Improvisatorisk musikk kan handle om kreativ utforsking av det ukonvensjonelle, men det er også interessant som eit døme på sosiale vaner – at også det som tilsynelatande er fritt og spontant, innbyr til organisert samhandling. Eg nemner The London Improvisers Orchestra som eit døme på dette, og Sennett samtykkjer: 

«Musikk er i stor grad utveksling av sosiale koder. Når ein speler med dei same menneska over tid, vil det naturlegvis utvikle seg visse fellestrekk, sjølv om det for utanforståande kan fortone seg fullstendig tilfeldig. Eller på motsett side: Standardiserte verk som Mozarts 39. symfoni hadde opphavleg mykje meir fridom i seg – enkelte passasjar var til dømes utan konkret instruksjon til solisten – og det var vanleg at orkesteret improviserte over visse seksjonar utan å ha øvd på førehand. Det er utruleg at noko slikt kan fungere, men det gjer det når folk er i stand til å lytte til kvarandre», fortel han.

Og dermed skulle siste ord vere sagt, inntil det som (kanskje) blir den siste Sennett-boka ligg føre på eit uspesifisert tidspunkt i framtida.

Even Smith Wergeland er førsteamanuensis ved Arkitektur- og designhøgskulen, der han blant anna forsker på arkitektur og kultur og byningsarv.