Max Webers portrett av det vestlege borgarskapet

Webers «Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd» skildra eit portrett av det vestlege borgarskapet og den ærefulle rasjonelle livsførselen som var borgarskapet sitt store bidrag til sivilisasjonen.

Bilde av Atle Møen, bokomslag og portrett av Max Weber

Atle Møen velger Max Weber.

Eg las som dei fleste sosiologistudentar på 80-talet Webers «Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd», men den første nærlesinga gjorde eg i samband med mine første førelesingar i 1989 som fersk stipendiat. Seinare har dette gåtefulle verket vore ei verknadshistorie i nokre av mine eigne publiserte tekstar. Eg er nesten freista til å seia at alle (mis)forstår denne teksten på sin særskilte måte. Verket er uhyre komplekst, og det trengst mykje forsking for å trengja inn i denne gåtefulle labyrinten.

Mi særskilte tolking som eg formidlar i dette bokessayet er at eg legg vekt på at Weber skildra eit portrett av det vestlege borgarskapet og den ærefulle rasjonelle livsførselen som var borgarskapet sitt store bidrag til sivilisasjonen. Det er altså ein biografi av den dominerande standen i den moderne vestlege sivilisasjonen.

Denne måten å føra livet på (livsførsel, Lebensführung) og verdsynet til det vestlege borgarskapet, sto i kontrast til verdsyna til dei andre sosiale gruppene innanfor den vestlege kulturen, eller andre stender. Dette var dei intellektuelle, prestane, munkane, føydalherrane, laugsmeistrane, dei verdslege politiske leiarane og bøndene.

Den vestlege kulturen er i avgjerande grad prega av nettopp denne livsførselen til borgarskapet, noko som også står i skarp kontrast til den formative verknaden til dei dominerande stender innanfor dei andre sivilisasjonane.

Den kinesiske sivilisasjonen fekk eit avgjerande preg frå dei kinesiske literati, den indiske kulturen vart prega av verdsflukta til dei intellektuelle bramanane, den islamske kulturen vart forma av ein verdsleg krigarstand, og den jødiske kulturen veksla mellom å verta forma av formelle presteforskrifter og karismatiske profetiar.

Den borgarlege livsførselen sette ikkje minst sitt preg på den typen nøktern og ansvarleg politikk som Weber karakteriserer gjennom omgrepet om ansvarsetikken. Denne politikken sette seg høge kulturelle mål, men dei politiske tiltaka måtte framfor alt vera realistiske og forma gjennom møte med dei harde realitetar. Borgarskapet hadde både høge ideal og dei var samstundes strengt realistiske.

Det er nettopp dette å skapa ein ny form for ansvarleg politikk som alternativ til teknokratisk iverksetjing av ny-liberalismen, høgrenasjonalistisk nostalgi, og venstresosialistiske draumar, som er den store utfordringa i dagens verden utan kreativ politikk.

Eg er nesten freista til å seia at alle (mis) forstår denne teksten på sin særskilte måte. Verket er uhyre komplekst, og det trengst mykje forsking for å trengja inn i denne gåtefulle labyrinten

Den borgarlege livsførsel og den kapitalistiske ånd

Günther Roth (2002) har vist den nære samanhengen mellom Max Weber sin tilhøyrsle i eit kosmopolitisk handelsborgarskap, karriereutvikling, val av forskingsfelt og syn på den økonomiske politikken. Max Weber sa på spøk at han var ein klassemedveten borgar, men denne spøken har som mange andre spøkar ei alvorleg side. Max Weber hadde djupe historiske røter i borgarskapet, både på morssida og farssida.

Det er liten tvil om Webers sympatiar i tilhøve til marknadsøkonomi, kapitalisme og borgarskapet, noko som kjem tydleg til syne i følgjande utsegn (mi omsetjing frå engelsk): «Før krigen vart vi fortalde at dette landet har for mykje kapital og industri. Dette er synet til verdsframande intellektuelle. La oss slutta med klagen mot kapitalen og borgarskapet. Vi har ikkje for mykje, men for lite kapital og for få store entreprenørar» (Roth 2002: 517).

Weber var både ein kosmopolitisk borgar og nasjonalist, og dette tyder at Weber også ville sameina interessene til eit kosmopolitisk borgarskap med maktinteressene til den tyske staten. Denne tilhøyrsla i det kosmopolitiske borgarskapet førte sikkert til at Weber vart lidenskapleg oppteken av å forstå den borgarlege livsførselen, og det preget vår vestlege kultur har fått av borgarskapet som ein dominerande klasse, eller stand

I «Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd», vart den borgarlege livsførselen skildra både frå eit økonomisk og eit religiøst perspektiv. I det økonomiske perspektivet var fokuset på den kapitalistiske ånd som eit formande innslag i den borgarlege livsførsel. Weber innrømte at omgrepet «Den kapitalistiske ånd» har ein noe ambisiøs klang, men Weber brukte dette omgrepet om den kapitalistiske ånd på ein nøkternt måte og strengt knytt til den subjektive meininga som orienterte livsførsel og handlingar til ein særskilt mennesketype.

Den kapitalistiske ånda Weber tala om var sjølve vesenet til det vestlege borgarskapet, det var det vitale i deira særeigne livsførsel, noe som skilde dei frå andre klassar og stender. Weber teikna eit portrett av det vestlege borgarskapet, og han studerte korleis den særskilde ånda, habitusen, disposisjonen, eller legninga til borgarskapet vart forma gjennom eit samspel av religiøse og økonomiske faktorar.

Weber skildra idealtypen «den kapitalistiske ånd» gjennom nokre utdrag frå  skrifter som gav praktiske forretningsråd, forfatta av den amerikanske politikaren og forretningsmannen Benjamin Franklin rundt 1750. «Den kapitalistiske ånd» var ein forretningsetikk som hadde pengeinntening som ei plikt og som eit sjølvstendig mål, ikkje berre som eit middel til å konsum og nyting. «Den kapitalistiske ånd» skapte denne inversjonen i den vestlege kultur som er knytt til at middel vert omdanna til sjølvstendige mål.

Så lenge pengane berre var middel til å tilfredsstilla vanlege materielle livsbehov, sette tradisjonen, moralen og fellesskapa strenge grenser for kor mykje pengar det var rasjonelt å streva etter. Dette kan også skildrast i ei marxistisk språkdrakt som ein overgang frå produksjon av bruksverdiar til ein produksjon av bytteverdiar, noko som også fører til ein ustoppeleg og grenselaus kapitalakkumulasjon.

Borgarane hadde ei plikt til å streva etter å tena pengar som eit sjølvstendig mål, og brot på denne etikken var ikkje bere dumskap, det var eit brot på etiske normer for livsførselen, slik at det var moralsk klandreverdig. Dei som ikkje levde opp til denne etikken vart sett på som moralsk slette karakterar.

Borgarane hadde ei plikt til å streva etter å tena pengar som eit sjølvstendig mål, og brot på denne etikken var ikkje bere dumskap, det var eit brot på etiske normer for livsførselen, slik at det var moralsk klandreverdig. Dei som ikkje levde opp til denne etikken vart sett på som moralsk slette karakterar

Den kapitalistiske ånd måtte slå seg gjennom «ei verd med fiendtlege makter» på to frontar: Ein kamp mot den behaglege livsinnstillinga til den tradisjonelle borgaren, og ein kamp mot den tradisjonelle organiseringa av arbeidet som dagarbeid, heimearbeid og laugsarbeid.

Men her var det også ein klar korrespondanse, eller gjensidig påverknad: Det var berre mogleg  utvikla ein ny ånd, eller habitus, dersom den materielle organiseringa av produksjonen vart endra til ein borgarleg bedriftskapitalisme med tilsetting av formelt frie lønnsarbeidarar.

Denne ånd vaks delvis ut i samsvar med endringar i arbeidsorganisering og innføring av formelt fritt lønnsarbeid. Ein kapitalistisk ånd, eller den formelt rasjonelle sida av denne, den rasjonelle kapitalkalkulasjonen, var berre mogleg på basis av rasjonell organisering av formelt fritt arbeide.  

Men denne kapitalistiske ånda, som kveikte liv i eit borgarskap som var sløva av vane og tradisjonen, hadde ein vidare horisont enn denne omforminga frå dagarbeid og heimearbeid til rasjonelt organisert og disiplinert fabrikkarbeid.

Den rasjonelle livsførselen som var bakt inn i den kapitalistiske ånda fekk også eit preg frå ein asketisk livsførsel som sprang ut frå den protestantiske etikken.

Kor kjem så denne ånda frå, dette historiske individ, med vilje til å overvinna  sine eigne ustadige drifter, den søvndyssande tradisjonen, og det katolske grepet om det økonomiske livet?  

Den kapitalistiske ånd måtte slå seg gjennom "ei verd med fiendtlege makter" på to frontar: Ein kamp mot den behaglege livsinnstillinga til den tradisjonelle borgaren, og ein kamp mot den tradisjonelle organiseringa av arbeidet som dagarbeid, heimearbeid og laugsarbeid

Den protestantiske etikken: Luther, Calvin, Baxter

Protestantismen hadde nettopp denne historiske misjonen å setja sitt kvalitetstempel på den kapitalistiske ånd og bidra til at ånda spreidde seg, slik at borgarskapet numerisk sett vart sterke. Denne kausaliteten vart utløyst i fleire steg.

Det første steget vart gjort av Martin Luther (1483- 1546). I denne samanhengen er det viktige at Luther gjekk til åtak på klostervesenet. Munkane hadde alt utvikla ein rasjonell askese for å tena Gud og for å oppnå frelse. Men denne askesen var stengt inne bak kloster murane og hadde difor ingen verknad på det daglege livet utanfor desse murane.

Difor fekk ikkje borgarskapet tilført ein ny asketisk energi, som kunne føra dei vekk frå den tradisjonelle vanen, og samstundes føra til bandlegging av profittlysta til dei mest eventyrlege karakterane. Luther kritiserte munkane for å vera egoistiske og kjærleikslause fordi dei tente herren vendt bort frå det daglege livet.

Luther meinte at kvar truande var kalla til å utføra eit arbeid, eller ein gjerning i det verdslege livet. Det vart eit angrep på det avskjerma livet til dei religiøse virtuosar, og eit krav om at alle skulle leva ein munkeaskese i det daglege livet.

Arbeidet fekk i denne samanhengen eit religiøst preg som eit kallsarbeid. Den religiøse eliten måtte ut av munkecellene, samstundes som Luther fjerna sakramenta og prestane som middel til frelse for den religiøse massen, slik at den enkelte blei ståande meir åleine med sitt eige samvit og si eige tru som det einaste skjøre grunnlaget for frelse.

Men denne første reformasjonen hadde ein tvitydig verknad på å skapa den rasjonelle livsførsel som ein berebjelke i den kapitalistiske ånd. Luther meinte at alle hadde plikt til å arbeida med kallet innanfor sin stand, og dette hindra strevet med å nå utover tradisjonelle grenser.

Men den viktigaste grunnen til at Luther letta på trykket i den rasjonelle livsførsel, var at Luther meine at det var mogleg å oppleva frelse i ein kjenslefellesskap med Gud. Gud kunne fylla den enkelte truande med ei sanseleg nyting, Gud kunne trengja inn i den enkelte truande og fylla dei som eit kar blei fylt med vatn.

Denne straumen av Guds kjensler i den enkelte gjorde det mogeleg å sveva lukkeleg i ein tilstand av visse om frelse, og oppleva ein mystisk fellesskap med Gud, Unio Mystico. Dette var ein rein mystisk kjensletilstand som leia fram til verdsflukt og passivitet, noko som sto i skarp kontrast til det kvardagslege kallsarbeidet.

Alt sanseleg kjensleliv førte menneska bort frå å vera Guds reiskap, og difor vart hardt arbeid også sett på som ein asketisk middel og som eit preventiv mot alle former for "ureint liv". Det var difor rasjonelt å tena stadig meir pengar, men like irrasjonelt å bruka overskotet til konsum, fordi dette fremja eit liv i nyting og lediggang

Gjennom rein logisk og rasjonell tenking kom Jean Calvin (1509- 1564) fram til Predestinasjonslæra. Innhaldet i denne læra sa at frå tidas morgon har Skaparen bestemt seg for kven som skal få nåden og bli frelst og kven som vert fortapte.

Dersom det finst ein allmektig Gud er det strengt logisk og fornuftig at denne Guden ikkje let seg påverka av menneska sine handlingar og tankar. Ein Gud som vert påverka av menneska er ikkje lenger ein suveren og allmektig Gud, men får med ein gong eit menneskeleg andlet. Det er difor strengt logisk at det berre finst ein Gud og at denne Guden har ein vilje som er urokkeleg.

Dette Decretum Horrible innanfor kalvinismen, gjorde endeleg slutt på at menneska kunne erverva seg frelse gjennom sakrament og presteleg støtte, eller mystisk kjenslefellesskap, Unio Mystico. Og heller ikkje var det mogleg å søka menneskeleg varme og trøst.

Den kalvinistiske truande sto heilt åleine med ein overveldande frelseangst. Den religiøse eliten hadde plikt på å sjå på seg sjølv som Guds utvalde folk og forakta dei evig fordømte, og slik sett er dette ein variant av den gammaltestamentlege jødedom. Men etter kvart som kalvinismen spreidde seg til store grupper av menneske vart det ein overveldande frelseangst knytt til førestillinga om at berre noen få var utvalde.

Den uhyggelege kløfta som var mellom Skaparen og det skapte, gjorde det utenkeleg at menneska kunne oppleva ein kjenslefellesskap med Gud, slik som Luther ville ha det til. Menneska var til for Guds skuld, og menneska kunne vera Guds reiskap på jorda og virka for å gjennomføra hans vilje.

Det var ikkje mogleg å oppleva Guds nærleik i kjenslene, men det var mogleg å kjenna Gud som ei kraft som førte dei truande til virke i verda. Dette med å vera Guds reiskap førte til ei grunnleggjande trong til å søkja verdsherredømme, forstått som sterk kontroll over eigne kjensler, kontroll over naturen og kontroll over andre menneske.

Men som Stephen Kalberg (2003) har argumentert for vart den adekvate kausaliteten endeleg utløyst gjennom Richard Baxter (1615- 1691) si tolking av predestinasjonslæra. Dette førte til at denne nye protestantiske etikken hadde ein gunstig effekt på denne ånda, eller smelta i saman med den kapitalistiske ånda.

Det var denne legeringa som danna ryggraden i den engelske puritanaren, som vart prototypen på det ny vestlege borgarskapet frå 1600 talet og langt tid framover. Luther og Calvin var viktige fedrar til dette vestlege nyfødde borgarskapet, men verken Luther eller Calvin var eigentleg særleg i slekt med den kapitalistiske ånda.

Den kausale krafta frå reformasjonen vert bygt opp gjennom generasjonar, med denne krafta vert først løyst ut gjennom Richard Baxter sitt virke. Det var hans utforming av ein ektefødd protestantisk etikk og ein tilhøyrande asketisk livsførsel som gjorde at den kapitalistiske ånda fekk ein ny kvalitet.

Det var Baxter som knytte saman arbeidet og strevet etter rikdom med strevet etter frelse, slik at dette vart same sak. Gjennom å arbeida kunne menneska vera Guds reiskap, og lediggang og tidspille var dei verste av alle synder, fordi Guds reiskap då ikkje var i bruk. Det var berre den rikdommen som vart skapt gjennom hardt arbeid for å tena Guds ære som var akseptabelt, elles var rikdommen ein frykteleg kjelde til sanseleg nyting og lediggang.

Alt sanseleg kjensleliv førte menneska bort frå å vera Guds reiskap, og difor vart hardt arbeid også sett på som ein asketisk middel og som eit preventiv mot alle former for «ureint liv». Det var difor rasjonelt å tena stadig meir pengar, men like irrasjonelt å bruka overskotet til konsum, fordi dette fremja eit liv i nyting og lediggang.

Undergangen – den reine kapitalismen

Weber fortel ei historie om ein heroisk periode for borgarskapet, der denne standen utvikla ein rasjonell livsførsel med innslag frå ein religiøs askese og verdsleg forretningsmoral. Den kapitalistiske ånd er ein borgarleg kallsetikk, eller ein utilitaristisk forretningsetikk som vert forma av ein religiøs askese, men lagnaden førte til at denne «ånda» etter ei tid mista kontakten med sitt religiøse opphav.

Det er likevel også ei historie om undergangen til det vestlege borgarskapet, noko som i dagens globale kapitalisme er vorten ein sørgjeleg realitet. Dagens kapitalist er ikkje som ein heroisk kaptein som leier skipet gjennom ukjent farvatn, men ein som lever dovent av ein orgie av finansspekulasjonar.

Dei fekk eigentleg eit kort tragisk liv, fordi «askesen var ei kraft som stadig ville det gode, men som skapte det vonde». Den asketiske arbeidsinnsatsen førte naturlegvis til at rikdommen vaks, og det vart difor ei konstant freisting til å nyta av denne rikdommen.

Weber skildring av den moderne kapitalismen er nokså lik ein marxistisk analyse. For det første er kapitalismen bygt på lønnsarbeidet som ein vertikal sosial relasjon mellom arbeid og kapital, andre former for arbeid, slik som dagarbeid, laugsarbeid og forlag av heimearbeid er vanskelegare å disiplinere og utbytinga er mindre effektiv.

Den kapitalistiske akkumulasjonen er avhengig av ei utbyting av formelt frie arbeidarar som jobbar i ein fabrikk, noe som gjer at kapitalistane også får kontroll over arbeidsprosessane gjennom rasjonell overvaking og disiplin innanfor fabrikken.

For det andre er kapitalismen også ein horisontal sosial relasjon mellom ulike kapitalistar som er kjenneteikna av konkurranse. I den moderne kapitalismen vert ikkje den enkelte kapitalist driven av ein metodisk pengeinntening som spring ut av ei kapitalistisk ånd, den innbyrdes konkurransen mellom ulike kapitalistar, eller den generelle lova om akkumulasjon, tvingar den enkelte frå utsida til å auka pengemengda, og dei som ikkje lukkast med dette vil gå til grunne i konkurransen.

Den kapitalistiske ånda vart borte i dette kapitalistiske systemet, og denne ånda vart omforma til den langt meir mekaniske profittjakta som vart skapt av den ytre konkurransen. Benjamin Franklin arbeidde med å tena pengar som eit sjølvstendig mål, utifrå indre overtyding. Den rasjonelle kapitalist var innsett i eit kapitalistisk system som tvinga han til kapitalakkumulasjon utifrå reint kausale og eksterne krefter.

Dagens kapitalist er ikkje som ein heroisk kaptein som leier skipet gjennom ukjent farvatn, men ein som lever dovent av ein orgie av finansspekulasjonar

Borgarskapet har falle ned frå dei kulturelle høgdene sine og mista sin rasjonelle livsførsel, som gjorde at dei sjølv kunne føra livet sitt i ein retning styrt av dei mest grunnleggjande kulturelle verdiar. Dei miste sin kreativitet til å forma samfunnet, og i staden for måtte dei berre reagera på endringar i konkurranseforholda.

Heile denne overgangen frå ein borgarleg livsførsel til rasjonelle kapitalistar, truga det sivilisatoriske prosjektet til borgarskapet. Borgarskapet var kreative kulturskaparar, mens dagens kapitalistar er eigentleg berre i stand til som automatar å realisera finanskapitalen.

Borgarskapet vart ikkje i stand til å prega den vestlege kulturen med sin rasjonelle livsførsel, og difor vart den vestlege kulturen opna på vidt gap for andre verdsyn som fremja mystisk verdsflukt, fanatisme, urealistisk sinnelagsetikk, eller passiv tilpassing til eksterne vilkår, i staden for ein realistisk og nøktern ansvarsetikk.

Borgarskapet som rasjonelle kapitalistar, tilpassar seg dei ytre vilkåra, livet vert tilfeldig og historia utviklar seg på slump. Ei slik utvikling er tragisk: Det er ein overgang frå borgarskapen som ein medveten klasse, eller ein stand med ein ærefull livsførsel til «borgarskapet» som ein viljelaus klasse utan  kreativitet og fridom, og som ikkje har kontakt med dei storslagne kulturverdiane.

Når borgarskapet fell ned frå dei kulturelle høgdene tek dei arbeidarklassen med seg i fallet, arbeidarklassen vart difor omforma til ein «rein» arbeidarklasse utan kulturelle verdiar og ein kollektiv livsførsel, dette kalla Weber også for «polonesering av arbeidarklassen». Denne «poloneseringa av arbeidarklassen» medførte at arbeidskrafta vart ei rein vare utan alle isolerande lag av kultur og fellesskap. Dette kunne intensivera utbytinga av arbeidskrafta og auka tempoet i kapitalakkumulasjonen.

Men Weber peikar sjølv på at denne reine arbeidskrafta er lite eigne til meir avansert og spesialisert kapitalistisk produksjon, noe som treng arbeidarar som er motiverte utifrå kulturelle verdiar og ein eller annan sjølvstendig livsførsel.

Både den rasjonelle kapitalist og den polske arbeidar vart kultur- og verdilause, og representerte eit forfall i den vestlege kulturen. Den polske arbeidar vart rein arbeidskraft, og den rasjonelle kapitalist vart ein automat som tilpassa seg marknadstilhøva.

I dagens samfunn har polske arbeidarar på ny bidrege til billig arbeidskraft. Dette forfallet innanfor arbeidarklassen fører også at den sosiale rørsla i motstand mot kapitalen og borgarskapet vert svekka, slik at den historiske dialektikken vert skrudd av. Dette fører vidare til ei svekking av den rasjonelle sosialismen, slik at det ikkje lenger vert ein dynamisk og kreativ kamp mellom to sjølvmedvetne klassar, noko av vitaliteten i kulturen vert borte utan denne kreative klassekampen.

På slutten av boka vert det endå klarare kor fortvila Weber er over borgarskapets tendens til undergang. Han refererer til Richard Baxter som hevda at strevet etter verdslege gode skulle liggja som ei lett kappe over skuldrene til dei heilage, ei kappe som når som helst kunne bli kasta til sides.

Men lagnaden omforma denne lette kappa til eit hus av hardt stål, slik at den materielle verden fekk ein uunngåeleg makt over den ein gong så heroiske og frie borgar.

Den puritanske borgar ville vera eit kallsmenneske, medan den moderne kapitalist vert tvinga av marknadsmekanismen. Borgarane som bar denne stålkappa vart og kulturutviklinga sine siste menneske. Borgaren mista si ånd og kultur, han vart enten ein spesialist utan ånd, eller ein hedonist utan hjarta. Det var eit sjølvhøgtidleg vesen utan ånd og utan kontakt med kulturen sine mest opphøgde verdiar som måtte bera på denne tunge stålkappa, og ho kunne heller ikkje kastast til sides.  

Referansar

Kalberg, Stephen (2003). Max Weber, s. 132- 192, i, Georg Ritzer ed. The Blackwell Companion to Major Classical Social Theorists. Oxford: Blackwell Publishing

Roth, Guenther (2002). Max Weber: Family History, Economic Policy, Exchange Reform. International Journal of Politics, Culture and Society, Vol. 15,No. 3, Spring 2002

Weber, Max (1995 [1904-1905]). Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Oslo: Pax