Eit sosiologisk blikk på historia

For ein som var (og framleis er) oppteken av fransk historie, var det nesten i seg sjølv grunn god nok å fatte interesse for boka, skriv Johs. Hjellbrekke om Philip Abrams’ «Historical Sociology».

Sommaren 1987 måtte eg bestemme meg for kva som skulle vere det tredje og siste faget i cand.mag-graden. Trass i inspirerande forelesningsrekkjer av fleire eminente formidlarar ved dåverande Historisk institutt, Universitetet i Bergen, og trass i den i dag heilt utenkjelege luksusen det var å ha professor og statsvitar Leiv Mjeldheim (1929-2011) som seminarleiar (!) i to (!!) samfulle semester på historie grunnfag, framsto historikarane sine analytiske reiskapar etter avlagt mellomfagseksamen altfor ofte som uklare for meg. Vi som den gongen vår så heldige at vi fekk følgje Mjeldheim sitt seminar, står i evig gjeld til han.

Johs. Hjellbrekke

Professor i sosiologi ved UiB, Johs. Hjellbrekke (foto: UiB)

Men for den framtidige historikaren, som det framleis var planen å bli, hadde historikarane sin teoribruk etter kvart vorte ei kjelde til ikkje så reint lite frustrasjon. Her var det eigne kunnskapshol som måtte fyllast. Løysinga måtte vere å ta eit grunnfag i den mest generelle av samfunnsvitskapane, sosiologien, for med det både å få eit betre grep om bruken av både omgrep, modellar og teoriar, og også ei breiare og grundigare metodisk skulering. I tillegg skulle sosiologiske innfallsvinklar visst nok vere eitt av kjenneteikna ved den tverrfaglege franske tradisjonen ein kalla mentalitetshistorie. Denne skuleretningen kjente eg kun til frå enkeltforelesningar, men for oss studentar verka den både nyskapande og interessant, sjølv om den på midten av 1980-talet hadde eit heller avgrensa gjennomslag i det bergenske historikarmiljøet.

To betydningsfulle bøker

Ved semesterstart same haust kom eg så over to bøker i universitetsbokhandelen som kom til å få varige konsekvensar. Den første var Jürgen Kockas «Lohnarbeit und Klassenbildung: Arbeiter und Arbeiterbewegung in Deutschland 1800-1875» (1983) («Lønnsarbeid og klassebygging: arbeidarar og arbeidarrørsle i Tyskland 1800-1875»), som vart kjøpt i eit utslag av hybris. Dersom Hans Skjervheim hadde sagt at «tysk er ikkje vanskelegare å forstå enn ein namdalsk dialekt», så burde det vel gå å lese dette? Utstyrt med ei tysk-norsk ordbok og med gymnastysken delvis intakt, kom eg meg på eit vis gjennom det som viste seg å vere ein heilt eineståande studie av industrialiseringa av, og klassebygginga i Tyskland. Kocka si tilnærming til analysen av historiske prosessar, og særleg den weberianske måten han gjorde bruk av Marx sitt klasseomgrep på, var ein heilt annleis måte å gjere historiske analysar på enn dei eg kjente til. Og Weber sitt metodologiske program vart presentert på ein annan, grundigare og langt meir overtydande måte enn det det hadde vore på historieforelesningane.

Den andre boka var Philip Abrams sin introduksjon «Historical Sociology», som på framsida var pryda med eit måleri av Ludvik den 16., på veg opp på skafottet tidleg om føremiddagen den 21. januar 1793. For ein som var (og framleis er) oppteken av fransk historie, var det nesten i seg sjølv grunn god nok å fatte interesse for boka. I tillegg vart eg fortalt at Olav Korsnes, som nokre år seinare skulle bli rettleiaren min og etter kvart også ein mangeårig kollega, samarbeidspartnar, medforfattar og ven, også skulle halde ein forelesningsserie over boka. Akkurat dét stemte dessverre ikkje.

Men boka vart kjøpt, og allereie i innleiingskapittelet starta Abrams å rydde opp i ting for meg. Aktør-strukturproblemet vart klart formulert. Historisk sosiologi handla om korleis stor-skala endringar fann stad, og kva rolle individet hadde i desse prosessane. Med dette som utgangspunkt vart så tre variantar av historisk sosiologi presenterte. Historisk sosiologi omhandla typisk:

  • analysar av overgangen til den industrielle tidsalder, og av overgangen til eventuelle andre tidsaldrar,
  • aktør-struktur-analysar av einskildindivid sine livshistorier og karrierar på ulike sosiale arenaer, og endeleg
  • prosessuelle analysar av relasjonar mellom individ med mål, forventningar og movitasjonar, og strukturar i form av institusjonar, verdiar og normer.
Historical sociology

Historical sociology av Philip Abrams kom ut i 1982 (foto: Amazon.com). 

Historisk sosiologi handla om korleis stor-skala endringar fann stad, og kva rolle individet hadde i desse prosessane.

Analyser av overgangen til den industrielle tidsalder

I tilnærminga til prosessar vart det vidare skilt mellom analysar av makro- og mikro-prosessar. I ein kort og konsis analyse av den britiske velferdsstaten sin framvekst, vart så rammeverket demonstrert. Grunnstrukturen i «the enlightement theory», «the necessity theory», «the action theory» og «the power theory» vart kort oppsummerte, drøfta og vurderte i høve til aktør-strukturproblematikken. Pedagogisk er dette kapittelet den dag i dag eit lite meisterstykke.

I dei neste kapitla tek Abrams dette vidare i form av ei kritisk drøfting av analysar nettopp av overgangen til den industrielle tidsalder, med ein gjennomgang av Durkheim og Durkheim-elevane sine analysar av industrialiseringprosessar og anomi, av dei marxistiske analysane av klassebygging og klassekamp, dei weberianske analysane av rasjonaliseringsprosessar, og til slutt dei funksjonalistiske utviklingsteoriane, sentrert rundt konvergenstesen. Den siste vart noko nær slakta.

... Abrams si bok inspirerte til å lese både vidare og breiare enn den litteraturen som sto på pensumlistene.

Mange av Abrams sine poeng gjekk garantert over hovudet på meg. Og i kva grad det er fornuftig å lese kritikken av eit verk før ein les sjølve verket, er i beste fall eit ope spørsmål. Det er som kjent grunnar til at klassiske arbeid får status som nettopp det. Men Abrams si bok inspirerte til å lese både vidare og breiare enn den litteraturen som sto på pensumlistene. Og for ein student ved SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen, der arbeida til Stein Rokkan hadde ein noko nær bibelsk status, var det å finne ein kritikk av nettopp Lipset og Rokkans «Party Systems and Voter Alignments» (1967) ikkje så reint lite oppsiktsvekkande, også for medstudentar i vennekretsen min.

 

Når eit eige kapittel i tillegg omhandla forklaringar av historiske hendingar, som revolusjonar, når boka romma ein første introduksjon til kompleksiteten i figurasjonssosiologien til Norbert Elias, og vart avslutta med ei omfamning av programmet til mentalitetshistorikaren Fernand Braudel, som oppfatta historie og sosiologi som «one single intellectual adventure, not two different sides of the same cloth but the very stuff of that cloth itself, the entire substance of its yarn» (Braudel 1980: 69), var den den gong vordande historikaren overtydd om at dette var framtida.

Objektivert og kroppsleggjort historie

Historikar vart eg av ymse grunnar likevel ikkje. Men innsiktene i, og inspirasjonen frå denne boka har på ulike vis vore med meg på både medvitne og nok også umedvitne måtar, anten det er snakk om empiriske, teoretiske, metodologiske eller epistemologiske tilnærmingar til dei problemstillingane eg fram gjennom åra har vore oppteken av. Inspirert av m.a. arbeida til Durkheim-eleven Maurice Halbwachs (1877-1945) omhandla både hovudoppgåva og doktoravhandlinga mi kollektivt minne blant verftsarbeidarar på Vestlandet. På kva måtar har strukturar i samtida eit «grep» om fortolkinga av fortida? Korleis kjem dette til uttrykk i form av legitime og illegitime fortolkingar av gjevne historiske hendingar og prosessar, både på arbeidsplassen og i lokalsamfunnet? Og korleis heng desse saman med, støttar dei opp under eller utfordrar dei maktrelasjonar, praksisar, persepsjonar, klassifikasjonar og sosiale konstruksjonar i samtida?

 

At Bourdieu sin praksisteori, der dialektikken mellom objektivert og kroppsleggjort historie står sentralt, har vore viktig for meg, heng med stor visse også saman med den historisk-sosiologiske grunnskuleringa som starta med boka til Abrams. Det same kan seiast om interessa eg har hatt for problemstillingar knytte til sosial mobilitet og også for elitar, og truleg også om affiniteten eg har til historisk epistemologi.

Manglar og avgrensingar

Alle innføringsbøker har sine manglar og avgrensingar, og slik er det også med «Historical Sociology». Trass i etableringa av tidsskriftet «Geschichte und Gesellschaft» («Historie og samfunn») i 1975, var t.d. ikkje den nye generasjonen tyske kvardagshistorikarar fanga opp av Abrams sin radar. Det kan ein unnskylde, for deira internasjonale gjennombrot kom for alvor først utover 1980-talet. Arbeida til grunnleggarane av den mentalitetshistoriske tradisjonen, Marc Bloch og Lucien Febvre, hadde likevel fortent ei langt grundigare drøfting. Og at det i eit kapittel som omhandlar generasjonar, og der Elias er gjeven ein prominent plass, berre i forbifarten vert referert til Karl Mannheim, er direkte påfallande. Mannheim var i si tid ikkje berre mentoren til Elias. Drøftinga hans av generasjonar som sosiologisk problem, høyrer av svært gode grunnar med blant dei verkeleg store sosiologiske klassikarane (Mannheim 1928). Men sjølv om delar av boka etter førti år heilt klart er utdatert, er det den dag i dag viktige lærdommar å hente frå den. Og viktigast: mange av dei problemstillingane Abrams sette opp, er framleis med oss.

For det første har problemstillingar rundt stabilitet og endring, og korleis ein i ein og same analyse både kan og må prøve å gripe begge deler, ikkje gått ut på dato. Likeeins må problemstillingar rundt sosiale klassar, sosial mobilitet, elitar og ulike former for makt, ikkje berre vere historisk informerte og historisk forankra. Om ikkje, vert problemstillingane mangelfulle, for ikkje å seie nærast analytisk uforsvarlege. Dei bør også, og ikkje mindre viktig, studerast som utfall av strukturerande prosessar. Abrams sitt program gjev ein slik ein sunn skepsis mot trua på at komplekse sosiale fenomen og sosiale prosessar kan analyserast ved hjelp av enkle, unilineære eller universelle forklaringsmodellar.

Om desse var korrekte, har vi ca. kvart tiande år gått inn i ein heilt ny samfunnstype.

Tek ein Abrams si tilnærming på alvor, vert ein samstundes «vaksinert» mot dei meir eller mindre lettvinte epokeklassifiseringane og sveipande samtidsdiagnosane ein finn fleire av i sosiologien. Om desse var korrekte, har vi ca. kvart tiande år gått inn i ein heilt ny samfunnstype. Men det at sentrale strukturar i dei same samfunna tvers gjennom desse «epokane» framleis er kapitalistiske, slik bl.a. Piketty sine nyare arbeid til fulle viser (t.d. Piketty 2019), vert i slike skildringar altfor ofte anten oversett, underkommunisert eller så tilsynelatande tilskriven ei underordna betydning. Med ei historisk-sosiologisk forankring, kan ein vonleg unngå å gå i akkurat denne fella; historisk sosiologi går dårleg i hop med idéen om at ein lever i slike «amnesisamfunn» (sjå også Hjellbrekke & Korsnes 2012: kap. 1).

 

Samstundes vil Abrams sitt historisk-sosiologiske rammeverk kreve at ein i analysen av eit gjeve forskingsobjekt, t.d. elitar og eliteformasjonar, må ta høgde for den betydningen historisk etablerte, samfunnsspesifikke variasjonar over den same grunnstrukturen, t.d. variande kapitalistiske organisasjonsformer (sjå Amable 2005), måtte ha for det same objektet.

[Historical sociology] is the attempt to understand the relationship of personal activity and experience on the one hand and social organization on the other as something that is continuously constructed in time.

Og ikkje minst: i ei tid der sterkt reduksjonistiske posisjonar verkar å ha fått ny vind i segla, slik dette bl.a. kjem til uttrykk i John H. Goldthorpes «Sociology as a population science» (2015), som i røynda tek til orde for å redusere sosiologien til demografi, har Abrams sitt program, nettopp fordi det står i ein kontrast til slike posisjonar, i mine auger fått fornya relevans: «[Historical sociology] is the attempt to understand the relationship of personal activity and experience on the one hand and social organization on the other as something that is continuously constructed in time. It makes the continuous process of construction the focal concern of social analysis” (1982: 16). Denne analytiske ambisjonen er eg den dag i dag overtydd om at det er verdt for faget vårt å halde fast ved. Gjev vi slepp på den står sosiologien langt, langt fattigare tilbake.

Referansar

Abrams, Philip (1982). Historical Sociology. West Comption House, Somerset: Open Books.

Amable, Bruno (2005). Les cinq capitalismes. Diversité des systems économiques et sociaux dans la mondialisation.Paris: Le Seuil.

Braudel, Fernand (1980). On History. London: Weidenfeld and Nicholson

Goldthorpe, John. H. (2015). Sociology as a population science. Cambridge: Cambridge University Press.

Hjellbrekke, Johs. & Korsnes, Olav (2012). Sosial mobilitet. Oslo: Det norske samlaget. 2. utgåve.

Kocka, Jürgen (1983). Lohnarbeit und Klassenbildung: Arbeiter und Arbeiterbewegung in Deutschland 1800-1875.Berlin: J. H. W. Dietz Nachf.

Lipset, Seymour Martin & Rokkan, Stein (1967). Party Systems and Voter Alignments. New York: Free Press.

Mannheim, Karl (1928 [1952]). “The Problem of Generations”, I “Essays on the Sociology of Knowledge”, pp. 276-320, London: Routledge and Kegan Paul.

Piketty, Thomas (2019). Capital et idéologie. Paris: Le Seuil.