Samfunnet på prøve

Er det grunnfjellet av sosial tillit og dugnadsånd som tar oss gjennom usikre og skremmende tider?

Vi står no framføre eit stort eksperiment som ingen kjenner utfallet av. Samfunnet er på prøve både når det gjeld om vi klarer å holda ut gjennom denne «dugnaden», og med tanke på at regjeringa må fatta viktige avgjersler på grunnlag av usikker kunnskap,  ein kunnskap som kontinuerleg vert forbetra med stadige ny data om utviklinglaupet.   Vi ser konturane av det eksperimentelle samfunnet,  der spørsmålet om kva som er rett strategi, kan ein først få kunnskap om når pandemien er over.  «Minervas ugle flyg i skumringa» også med tanke på pandemiar, noko som vil seia  at rett kunnskap får vi først etter at viruset eventuelt er nedkjempa.

 

Men i den kritiske fasen vi no er midt inni, må avgjersler takast på  grunnlag av visdom, skjønn og praktisk rasjonalitet, i nært samspel mellom den vitskaplege helseekspertisen og dei politiske styresmaktene. Dei mest fornuftige tiltaka kan verken vera  iverksetjing av reine vitskaplege vurderingar, eller gjennomføring av reine politiske avgjersler.

Atle Møen_foto_Josephine Fahnbulleh_Width

Atle Møen, professor i Sosiologi, UiB. (Foto: Josephine Fahnbulleh).

Invitasjon til sosiologi-stafett:

I denne sosiologi-stafetten, publiserer vi tekster som tar for seg sosiologiske refleksjoner rundt det som skjer i samfunnet under Korona pandemien.

Ønsker du å skrive en tekst? Send ditt bidrag på 1600 ord til, og bilde av deg selv til: Lise.Isaksen@uib.no og/eller margunn.bjornholt@nkvts.no

Politikken treng ekspertkunnskapen, og ekspertkunnskapen treng også politisk dømmekraft, fordi det er mange dilemma og alternative utviklingslaup, og her trengs ansvarleg politisk dømmekraft.  Vi kan difor kan henda seia: «Politikk utan ekspertkunnskap er blind, og ekspertkunnskap utan politikk er tom».

 

Helsestyresmaktene og regjeringa har i nært samspel med offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar, innført drastiske tiltak som skal redusera omfanget av smittespreiande samhandling. I noen land er inngrepa enda strengare enn hjå oss, til dømes er det innført portforbod i Frankrike, mens i Sverige satsar dei for det meste på handhygiene og isolering av menneske med særlig risiko for å bli alvorleg sjuke. Dette vil for ei god tid framover føra til eit slags «antibac society», og taktikken er no endra frå å bremsa smittespreiinga til å slå ned smitten.

 

Denne politikken er avhengig av at heile folket vert mobiliserte, ikkje skulder mot skulder, hand i hand, men heller ein dugnadsinnsats som medfører fråskiljing frå møteplassar og utestenging frå offentlege institusjonar. Eg har god tru på at det norske samfunn er godt rusta til å klara seg gjennom denne prøven, mykje av di vi har gode samfunnsinstitusjonar, ein god velferdsstat, aktive frivillige organisasjonar, sterk tillit til andre menneske, og tillit til dei offentlege institusjonane.

 

Vi har lenge hatt ein sterk og aktiv stat i Noreg som no skal visa seg å vera ein god ressurs når vi skal engasjera folket for å bremsa, eller slå ned pandemien. Det norske staten har vore sterk, men likevel har statsmakt og folkelege rørsler styrka kvarandre gjensidig gjennom ein folkerørslemodell. Både arbeidarrørsla, bonderørsla, og feminismen var breie folkerørsler som nytta statsmakta til å realisera politiske prosjekt. Denne organisasjonsmodellen står i dagens situasjon på prøve, og eit vilkår for at regjeringa sine tiltak vert effektive er at folket sluttar opp om tiltaka utan for sterke sanksjonar.  Ein aktiv stat bør gå i takt med ein aktiv befolkning. Dette gjev oss ressursar til å mobilisera heile folket til felles innsats, kanskje like effektivt som i Kina, som er eit totalitært kommandosamfunn.

 

Den rikaste ressursen i det norske samfunnet er at vi har mengder med sosial kapital, slik at vi stolar på kvarandre, og denne sterke tilliten til våre medborgarar kjem mellom anna av at vi møter kvarandre- rike og fattige, svarte og kvite, menn og kvinner, kloke og mindre kloke, muslimar, jødar og kristne – innanfor felles offentlege og private institusjonar. Vi møter kvarandre i barnehagen, grunnskulen, den vidaregåande skulen, universiteta, sjukehusa, og vi går til den same legen, fysioterapeuten, frisøren og butikken. Vi møter kvarandre og samhandlar med kvarandre som medborgarar, som menneske rett og slett. Vi har tillit til kvarandre fordi samhandling innanfor offentlege institusjonar produserer mengder av «brubyggjande sosial kapital», og denne sosiale kapitalen kan investerast i den mykje omtala dugnadsinnsatsen.

 

Vi har framfor alt eit intakt offentleg helsevesen med helsepersonell som er trena til å yta hjelp og omsorg til absolutt alle, uavhengig av religion, hudfarge, kjønn, legning, alder, og funksjonsnivå, og uavhengig av om pasienten har betalt inn sjukeforsikring. Norsk offentleg helsevesen vert kan henda også tvungne til vanskelege prioriteringar om talet på pasientar som treng intensivbehandling vert større en talet på respiratorar. Men vi kan kjenna oss trygge på at desse vanskelege vala, vert tekne på bakgrunn av medisinske vurderingar, og at alle former for sosiale bakgrunnar vert uvesentlege.

 

Og det betyr at vi stoler på helsestyresmaktene sine informasjonar, vi veit at all kunnskap er open tilgjengeleg, og vi får full innsikt i dei vanskelege vala som er basert på usikker og inntil vidare kunnskap. Vi har tillit til at regjeringa og helsestyresmaktene gjer så godt dei kan. Vi stoler på dei styrande fordi dei ikkje er autoritære og skråsikre, dei tvilar med oss, men dei har likevel handlingskapasitet.

 

Heldigvis er vi spart for dei meste groteske utslaga av alternative fakta, konspirasjonsteoriar, og paranoide førestillingar om styresmakter som feilinformerer folk. Det norske samfunnet er på prøve, men vi har gode ressursar til å komma ut av krisa.