Tillit og risiko – profesjonar og kunnskap

I dag har nyliberalismen, globaliseringa og nye vekstmodeller, med medfølgande nye risikoar, at vi treng ein ny teori om tillit, argumenterer Tor Halvorsen i dette essayet.

Introduksjon

Mot slutten av det førre tusenåret starta vi eit større prosjekt i Sør-Afrika om tillit og risiko.[1] Medan Noreg vart omtalt som eit høgtillitsland, vart Sør-Afrika sett på som det motsette. Vi tok nærast for gitt at utan tillit lik den vi kjenner frå Noreg, ville ikkje landet klare å gjennomføre dei endringane som skulle gje arbeid til fleire, rydde ut rasisme og redusere ulikskap. I bakhovudet hadde vi “den nordiske modellen”. All tillitslitteratur vi kom over såg ut til å støtte våre synspunkt. Og vi reproduserte ortodoksien i våre studiar.

I ettertid ser vi at vi var fanga av ei rekke teoretiske og normative premissar som ikkje var relevante. Særleg tre kan nemnast. Den såkalla «metodologiske nasjonalismen», ein middelklasseideologi der tillit erstatta, i staden for å komplementere, omgrep som klassekamp og solidaritet, og viktigast, forenkla forstillingar om risiko.

Nyliberalismen hadde allereie, ser vi no, undergrave både den «nordiske modellen» og vilkåra for demokratisering i Sør-Afrika. Vi såg med andre ord ikkje at begge desse landa 12 000 kilometer frå kvarandre, var underlagt eit globalt regime, ein ny global konstitusjon, som undergrov demokratiet og tilliten mellom borgarane.

Først i dag, når nyliberalismen kanskje står for fall, ser vi at den gamle tillitsdebatten må erstattast av ein ny, som del av ein alternativ utviklingsmodell, frigjort frå måten vi tenkte tillit på innan den første etterkrigstidas vekst og velstandsmodell. I utviklinga av denne nye modellen er det Sør-Afrika, med sine økologiske og sosiale utfordringar, som meir går i spissen enn oljeproduserande Noreg.

Først i dag, når nyliberalismen kanskje står for fall, ser vi at den gamle tillitsdebatten må erstattast av ein ny, som del av ein alternativ utviklingsmodell

Den «nordiske modellen»: Tillit og kunnskapssamfunn

Det vi tok for gitt var kontinuiteten til «vekst og velstand»-utviklingsmodellen. Ein stadig veksande økonomi som betaler skatt til ein stat som sikrar velferd, utdanning, helse. Demokratiet styrer staten, og har folkeleg oppslutning. Alle har del av produktivitetsgevinsten (garantert gjennom den korporative kanal) og velferdstiltak treff alle likt og gjer oss til likeverdige borgarar. Innan velferds- og helsetenester, innan forvaltning og økonomisk administrasjon, vekst det fram spesialiserte yrker med forankring i høgre utdanning. Kunnskapssamfunnet er eit samfunn der «profesjon» blir organiserande prinsipp for desse nye yrkene, basert på tillit til den sosiale kontrakten dei har med samfunnet. Yrkene er profesjonar fordi dei forvaltar eit ansvarsområde til det beste for (både) klient og samfunn. I bytte mot sosialt ansvar får dei kontroll over eigen arbeidssituasjon.

Det vi altså no ser i ettertid, er at denne modellen alt meir eller mindre hadde gått i oppløysing når tillitsdebatten raste som mest på byrjinga av 1990-talet. Vi var opptatt av ei tillitsform som det lenger ikkje var grunnlag for. Forskarane på tillit (kanskje særleg oss frå Bergen) såg ikkje korleis framveksten av det nyliberale regimet, med gjennomslag frå ca. 1980, endra institusjonane innanfrå og alt hadde transformert grunnlaget for den nordiske tillitsmodellen.

Tor Halvorsen/UiB

Tor Halvorsen (Foto: UiB). 

Essayserie frem mot Vinterseminaret 2020: Tillit

Temaet for Vinterseminaret 2020 er tillit. I denne serien lader vi opp til seminaret med tekster som tar for seg tillitomgrepet frå forskjellege perspektiv og i ulike samanhengar.  

Les de tidlegare innleggene:  «Tillit i post-sanningens tid» av Åsa Wikforss , «Hva er tillit» av Trygve Gulbrandsen og Eivind Falkums innlegg «Tillit og styring i arbeidslivet»

Tor Halvorsen er førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen. Han jobber for tiden med FNs Agenda 2030 for bærekraftig utvikling, og studerer måten kunnskapsinstitusjonar bidrar til ,og også selv endres av, forsøkene på å iverksette bærekraftsmålene. Hans forskningsinteressar er profesjonar, globalisering og forholdet mellom stat og kapitalisme. 

Nyliberalismen og vekstmodellen

Nyliberalismen er ikkje eit vagt politisk program, tvert om. Tankekollektivet Mont Pelerin Society skapt av mellom andre økonomen Hayek (for fullt frå 1946), bygde ideane og praksisar som etter kvart vart tatt opp og vidareført innan eit stort globalt nettverk av neoliberale tenketankar (som Civita). Kjernepunktet er at økonomiske relasjonar ikkje toler politisk, særleg demokratisk, innblanding. Nasjonalstatane er med sin ekspertise verkemiddel for å styrke og fremme desse «frie relasjonane» innanfor såkalla like vilkår, bestemt av IMF, WTO, WB, OECD, G-20/7, men har ingen intervenerande rolle (bortsett frå støtte til forsking). Den imperialismen som t.d. også prega Sør-Afrika i frigjeringsfasen og hindra den demokratiske mobiliseringa frå å slå gjennom blir normalisert innan den neoliberale globaliseringa.

Når demokratiet når Sør-Afrika i 1994, er rommet for demokratisk styring av økonomien (ANC sitt hovudkrav) alt sterkt redusert. Globale truslar i allianse med den interne globale kapitalen (gruver, bankar) sikrar vidareføring og styrking av den globale kapitalismen i Sør-Afrika på kostand av folkelege krav om demokratisering. I Noreg blir sosialdemokratiet pulverisert.

Med globaliseringa av økonomien, den nye marknads- og finanskapitalbaserte imperialismen, styrt av eit regelverk bortanfor nasjonalstaten, fell grunnlaget for utviklingsmodellen frå «tillitsperioden» innan nasjonalstatsveksten bort: skattlegginga går ned, lønnsarbeidarane får ikkje lenger del av produktivitetsgevinsten, demokratisk styring av økonomien blir umogleg, den offentlege fattigdomen veks kraftig frå 1980-talet. Privatisering av det som kan privatiserast blir målet. Den offentlege fattigdomen kontrastert med privat rikdom blir uttrykt som «the 1% society» der tillit ikkje finst.

Denne ulikskapen underminerer i Europa, som i Sør-Afrika, vilkåra for tillit; både mellom folk og til institusjonar. Tilliten mellom dei utbytta landa og tilliten til «den nordiske» blir altså begge underminert av den nye privatiserande imperialismen. Imperialismen i alle sine former, frå kolonitid og framover inn i det postkoloniale, var ein føresetnad for utviklingsmodellen etter andre verdskrigen. «Høgtillitsland» (som i den Nordiske modellen) hadde omfordeling frå sør som skjult føresetnad, noko vi heller ikkje diskuterte i tillitslitteraturen på grunn av den metodologiske nasjonalismen. Vår vekstmodell var deira ulukke, vår tillit deira risiko. Men no er vi alle offer for den globale kapitalismens imperiebygging.

Først i dag, når nyliberalismen kanskje står for fall, ser vi at den gamle tillitsdebatten må erstattast av ein ny, som del av ein alternativ utviklingsmodell, frigjort frå måten vi tenkte tillit på innan den første etterkrigstidas vekst og velstandsmodell

Vekst og globalisering

Mellom 1958 og 1962 utvikla OECD det såkalla «vekstparadigmet». Ein felles standard for måling av BNP, og kriterium for korleis vi skulle analysere og såleis påverke kva som gav vekst. Samanlikningar av «bestepraksis», skapte sterkt fokus innan alle statar mot vekstmåla. Etter kvart framstår den «tredje produktivkrafta» kunnskap (i tillegg til arbeid og kapital) som avgjerande for store deler av veksten. Men ikkje all kunnskap var like viktig for kunnskapsøkonomien. Etter BNP målet vart etablert (1962), fekk økonomane (mest mikro) si stordomstid. Kunnskapsøkonomi; i dag uttrykt som innovasjon og human kapital, det første som forsking, det siste som heving av kvalifikasjonar som strategisk kunnskap i ein arbeidsmarknad, blir kjernen i vekstmodellen slik OECD no standardiserer den. Human kapital strategiar representerer eit alternativ til profesjonssolidaritet. OECD modellen lausriv økonomiske mål frå andre mål (og kapital frå nasjonal styring, profesjonssolidaritet frå samfunnskontrakten).

Økonomien blir frigjort frå sosialt ansvar. Velferdsstatens profesjonar og offentleg sektor forsvinn ut av «modellen». Medan nokre profesjonar sjølve blir globale som del av styringa av den globale kapitalismen, blir dei fleste underlagt krav om «fristilling» frå nasjonale sosiale kontraktar. Som avtalt gjennom Verdas Handelsorganisasjon (WTO og Gats-avtalen); all tenesteyting bør privatiserast, andre kontraktsrelasjonar, som dei i New Public Management, bør gjelde.

Motsatsen til tillit er risiko. Tillit mellom borgarane er å akseptere den framande utan garanti for at ho ikkje vil deg noko vondt. Vi fester lit til argumentasjon og stoler på intensjon, uavhengig av eigenskapar ved personen. Tillit er såleis ulikt familieliknande sosiale relasjonar, som til dømes i nypatrimoniale regime (som snart utvikla seg i Sør-Afrika). Koplinga av tillit til fornuft – som argumentasjon – er og ulikt tru på autoritetar eller religiøse ritual (som er grunnlaget for makta til Trump).

Denne tilliten som demokratiet fremmer gjennom fornuftig samtale, og trua på bruk av kunnskapsautoritet i arbeidslivet; dvs. middelklassens «opplysningsprosjekt» på den eine sida, og alliansen med profesjonar som forvaltarar av kunnskapsbasert praksis i det arbeidsdelte samfunn på den andre, er dei verdiane frå den nordiske modellen som globaliseringa sterkast har underminert. Til stor risiko for oss alle, noko vi altså ikkje såg for ca. 20 år sidan. Den globale ekspansjon under nyliberalismen med forflytting av økonomisk makt ut av demokratiets kontroll, og den svekka kunnskapsmakta som følge av nyliberalismen si undergraving av profesjonsmakta til fordel for NPM og «managerialism», rokka lite ved «tillitsteoretikarane» innan sosiologien. [2]

Alternativ

I dag treng vi ein ny teori om tillit, knytt til studiar av ei rekke sosiale praksisar på alle plan, frå lokalsamfunn til den globale interaksjonen mellom sivilsamfunnsorganisasjonar, akademikarar og statlege representantar. Dette fordrar ein utviklingsmodell tar på alvor truslane frå teknologi og marknad, og er orientert mot global solidaritet og globalt borgarskap. Ein slik utviklingsmodell blir karakterisert som den øko-sosiale. Den må ha ei forankring i ein sosial solidaritetsøkonomi der tillit og solidaritet koplar saman alle typar lønnsarbeidarar på tvers av profesjonelle skilje. Med andre ord; om vi skal ha tillit til at vi klarer å takle dei risikoane vi står overfor må vi arbeide for at den globale økonomien blir underlagt både sosiale og økologisk omsyn. Om tillit til institusjonar og mellom menneske skal oppretthaldast må det globale fellesskapet styrkast, ikkje druknast i Middelhavet.

Det som på slutten av 60-talet hadde starta som ei miljørørsle under påverknad av naturfaga, og via debatten om «limits to growth» 1970-75, om Brundtlandrapporten (1987), om ressursøkonomi og naturvern, står i dag fram som ei global rørsle. Der dei globale truslane hadde mest synlege konsekvensar for både menneske og natur veks mellommenneskeleg tillit og samarbeid om korleis takle dei store globale utfordringane og redusere risikoane i vår tid.

Kunnskap og profesjonar som har lenge latt seg bruke i den globale økonomiske ekspansjonen og konsentrasjonen. Deltakinga av tusenvis av akademikarar og profesjonsrepresentantar forarbeida og oppfølginga til internasjonale avtaler som Paris og FN 2030 Agenda for berekraftig utvikling, viser at mange vil bruke kunnskapen for global solidaritet, ikkje global nyimperialisme.

I dag treng vi ein ny teori om tillit, knytt til studiar av ei rekke sosiale praksisar på alle plan, frå lokalsamfunn til den globale interaksjonen mellom sivilsamfunnsorganisasjonar, akademikarar og statlege representantar

Bakanfor, utanfor og i randsona til kunnskapsøkonomien og denne nyliberale vendinga som utfordrar profesjonanes sosiale identitet og økonomiske grunnlag, og underminerer tilliten mellom borgarane, vekst det såleis fram ei grunnleggande utfordring til kunnskapens rolle både innan det nyliberale regime og i oppbygginga av alternativet.

Alternativet har også det globale som utgangpunkt; ikkje økonomien men jorda, Gaia, eller «earth system». Interaksjonen og samanhengen mellom menneskje og livsmiljø må no stå i sentrum; den øko-sosiale utviklingsmodellen krev at det sosiale og det miljømessige har vetorett overfor økonomien. Frå år 2000 har vi diskutert om vi lever i den Antropocene tidsalder. Om det er tilfelle, må vi bygge alliansar omkring alternativ kunnskap til dei som føreset kapitalistisk vekst. Vår framtidige tillit til kunnskapen blir avhengig av evne til å meistre dei globale risikoane vi står over for.

All profesjonell aktivitet, all kunnskapslojalitet, må flyttast til det globale øko-sosiale samspelet og kunnskapsarbeidet blir å utvikle alternativ til den teknisk-økonomiske utviklinga som så langt har skapt våre katastrofar og truslar. Det same gjeld kunnskapen om «globalt borgarskap og borgaridentitet». Alle som er født har rett til eit likeverdig liv; dei som set sine borgarar først på kostand av andre, underminerer tilliten som kan skape oppslutning om løysingar for det globale fellesskapet. Tillit må knytast til global identitet for å møte felles risiko, som Ulrich Beck var den første til å framheve.

Vi står altså i dag overfor ein konflikt mellom to globale utviklingsmodellar som begge har sprengt eller spenger det profesjonsfellesskapet som det nasjonalstatlege prosjektet utvikla, best kjent som den nordiske modellen (og som var så vellukka fram til ca. 1980).

I den øko-sosiale modellen er den globale makta uklar og delt, og berre i nokre grad forankra i FN. Avgjerande har likevel vore organisering av nye kunnskapsfellesskap, (som nemnt prosessen fram til Parisavtalen og UN 2030 Agendaen, begge frå 2015). Den frie forskinga har i tilknyting til desse avtalane som fokuserer på miljøkrise, tap av natur, den veksande ulikskapen, kapitalismens makt, bygd på kunnskap om dei globale utfordringane som er alternativ kunnskap til den vekstparadigmet – med sine profesjonar – har skapt. Den øko-sosiale modellen forkastar vekstparadigmet, og med det også det viktigaste verkemiddelet til vekst; den stadig meir sofistikerte arbeidsdelinga innan kunnskapssamfunnet, gjennom både forskinga si spesialisering og arbeidslivets differensiering. Så langt er det særleg naturvitskapen som har klart å koordinere kunnskap, arbeide fleirfagleg og nyfagleg, til og med postfagleg, med å utvikle ny kunnskap relevant for dei store risikoane.

Inntrykket er i denne kontroversen innan den akademiske profesjonen at sosiologifaga framleis i hovudsak tenker at etablerte institusjonar kan justerast for å takle dei globale utfordringane. Vekstparadigmet med omfordeling står sterkt. Kritikken av samfunnet er heller retta mot manglande realisering av vekst med velstand-modellen, det vil si mot ein utviklingsmodell som ikkje lenger finst. Inntrykket er at vi sosiologar manglar evne til å tenke stort om det som FN 2030 Agenda kallar «det formative skifte»; eit skifte større enn overgangen frå føydalismen til industrisamfunnet.

Særleg sosiologien som universitetsfag sviktar oppgåve si innan dette nye paradigmet. Som rundt tusenårsskiftet; då vi forska på tillit i Sør-Afrika, heng faget igjen i den metodologiske nasjonalismen, kunnskapsøkonomiens idear om akademisk arbeidsdeling (bindestrekssosiologi framfor teoriutvikling) og idealistiske idear om kva rom borgarane har for demokratisk dialog (Habermasianarane).

Men profesjonane generelt har heller ikkje orientert seg mot ei «nyorganisering» i forhold til dei faglege utfordringane som dei nye risikoane representerer. Ortodoksien rår, anten den er forankra i nyliberalistisk kapitalisme (management, business administration, accountancy, etc.) eller i det nasjonalstatlege tenestesystemet (helse, utdanning, etc.), til tross for at denne blir stadig blir meir privatisert for å bli del av den postnasjonale globale økonomien.

Endringane så langt har skjedd og skjer først og fremst gjennom alternative profesjonar, nye yrker og den frie forskinga, dvs. i hovudsak gjennom det frirommet den akademiske profesjonen har til å ta opp nye tema, gjerne på tvers av etablert arbeidsdeling. Som både Parisavtalen og UN Agenda 2030 antydar, eventuell oppslutning og tillit til framtidas utviklingmodell ligg i stor grad innan den akademiske profesjon og difor måten denne former sin innverknad innan det globale mot alternativ til kunnskapsøkonomien slik vi til no har etablert denne.

Noter

[1] Prosjektet var leia av professor Steinar Askvik, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og professor Chris Tapscott, School of Government, The University of the Western Cape, Cape Town, Sør-Afrika. Ca 9 forskarar om lag likt fordelt mellom dei to landa deltok, i tillegg 12 PhD-studentar frå Sør-Afrika som alle fullførte graden. Sjå Askvik, Steinar and Nelleke Bak (eds) (2005). Trust in Public institutions in South Africa. Ashgate.

[2] I eit essay er det ikkje rom for litteraturdiskusjon. For ein gjennomgang av etablert tillitslitteratur, sjå Halvorsen, Tor (1994). Profesjonar og profesjonspolitikk. UiB. For eit unntak frå generaliseringa mi her, og som ei varsling om nyliberalismens komande konsekvensar, må likevel nemnast E. Freidson (1994) Professionalism reborn. Theory. Prophecy, Policy. Cambridge. Polity Press