Tematisk Analyse – en guide

Kvalitativ analyse kan verka uklårt og vanskeleg å ta tak i. Men det er ikkje så diffust eigentleg. Her er ein guide for dei som er nysgjerrige på tematisk kvalitativ analyse.

Då eg tok doktorgrad for ti års tid sidan hugsar eg at eg syns det var veldig kjekt med datainnsamling. Men då eg var ferdig var ferdig med det vart det verre. Då sat eg plutseleg der på kontoret åleine, med to permar med transkriberte intervju og feltnotat, og ante ikkje korleis eg skulle gå laus på dette.

 

Det er openbart ikkje berre eg som har hatt ei kjensle av uvisse og nesten panikk i møte med eit innsamla datamateriale. Metodenestoren Steinar Kvale har kalla det 1000-sidersspørsmålet: «Korleis skal eg finna ein metode for å analysera dei tusen sidene med intervjutranskripsjonar som eg har samla inn?»

 

Ein annan metodeekspert  – David Silverman – har skrive treffande om kor uvisst kvalitativ analyse kan fortona seg: «Kvalitativ dataanalyse kan vera eit mysterium. (…) Å starta på kvalitativ dataanalyse kan vera som å utforska nytt territorium utan å ha eit kart som er enkelt å lesa».

 

Men fortvil ikkje! Eg har laga eit «kart» som kan vera nyttig for både masterstudentar, ph.d.-kandidatar og forskarar. I denne teksten skal eg gje eit innblikk i korleis eg og kollegar har jobba med analyse i praksis.

 

Tematisk analyse er ei grunnleggjande form for analyse som ikkje er bunden til eit bestemt teoretisk rammeverk. Ved hjelp av tematisk analyse kan ein analysera hendingar, erfaringar, meiningsproduksjon, diskursar eller narrativ, alt etter kva metodologisk og epistemologisk rammeverk ein legg til grunn.

Helga 7

Artikkelforfattar, Helga Eggebø er sosiolog og seniorforskar ved Nordlandsforskning.

 

Tematisk analyse

Virginia Braun og Victoria Clarke slår eit slag for tematisk analyse som ein ganske enkel og rett fram prosedyre som du kan få til sjølv om du ikkje har gjort kvalitativ dataanalyse før. I artikkelen «Using thematic analysis in psychology»gjev dei ei konkret og nyttig innføring i tematisk analyse og skildrar ein prosess i seks trinn:

1. Bli kjend med datamaterialet
2. Lag dei første kodane
3. Leit etter tema
4. Gå kritisk gjennom tema
5. Definer og gje temaa namn
6. Skriv rapporten

Kollektiv kvalitativ analyse

I forskingsprosjekta eg har jobba med dei siste åra har me teke fatt på analysearbeidet i fellesskap. Rett etter at me har samla inn alle data, har forskargruppa brukt 1-2 dagar i lag på eit intensivt arbeidsmøte. Me har jobba med tematisk analyse, men i motsetnad til korleis Braun og Clarke har skildra det,  har me ikkje teke fatt på jobben på kvart vårt kontor men på ein kollektiv og prosessorientert måte. Denne måten å jobba med tematisk analyse på har eg kalla “kollektiv kvalitativ analyse”.

 

Kollektiv analyse for studentar?

Men vent litt. Korleis kan ein kollektiv metode for forskargrupper vera relevant for masterstudentar eller ph.d.-kandidatar som jobbar åleine med eigne prosjekt? Før du les vidare, så la meg nemna nokre måtar å løysa det på:

  1. Både eg og andre har nytta metoden i rettleiingsprosessar og det har vore veldig kjekt og nyttig.
  2. De kan få institusjonen dykkar til å hyra meg inn til å halda ph.d.-kurs
  3. De kan organisera analysegrupper og jobba i lag med kvarandre sine data.

Førebuing

Den viktigaste førebuinga til analyseworkshop er å skriva samandrag av kvart einaste intervju, feltnotat eller dokument i datamaterialet. May-Len Skilbrei har kalla dette datareduksjon, og det er heilt naudsynt for at det skal gå an å handtera eit stort datamateriale.

Eg har skrive slike samandrag så fort som mogleg etter at intervjuet var gjennomført, men det kan også gjerast seinare. Samandraga har gjerne vore på ½ til 1 ½ side og inkluderer bakgrunnsopplysningar, hovudtema i intervjuet og gjerne nokre refleksjonar om intervjusituasjonen. Her er eit døme (anonymisert) frå prosjektet «Ageing at home»:

Intervju med eldre ektepar. Han er 79 og ho er 84 år. Dei bur i kommunesenteret. Dei har begge levd eit svært aktivt liv. Han har vore rektor og politisk aktiv. Ho har jobba i kommuneadministrasjonen og vore leiar i ei rekke lag og foreiningar. Dei har to barn som bur på Sørlandet. Dei legg vekt på at dei syns det er langt unna. Dei understrekar begge at dei ikkje syns det er kjekt å bli gamal. Det er vanskeleg å akseptera at ein ikkje kan vera så aktiv som før og at venene døyr. Det blir litt stusseleg, sa han fleire gonger. Dei er interesserte i å diskutera kva som kunne vore gjort for at det skulle vore lettare å bli gamal. Dei får hjelp frå heimetenesta. Ho er dement. Han har slitt med depresjon, og saknar det samtaletilbodet han hadde før men som no er lagt ned.

I oppdragsforskingsprosjekt med kort tidshorisont har slike samandrag vore den einaste førebuinga. I forskingsprosjekt med betre tid har me også lese gjennom alle data – både dei me sjølv har samla inn og dei andre på gruppa har samla inn – notert i margen og markert tekst. Denne delen av prosessen svarer til det første trinnet i Clarke og Braun si skildring, nemleg det å bli kjend med data.

I siste punkt i førebuingsarbeidet er at me har laga eit tankekart over relevant litteratur og aktuell teori me hadde lese, og førebudd ein kort presentasjon av dette.

 

Felles gjennomgang av datamaterialet

Så var heile forskargruppa endeleg samla på eit møterom for å analysera i lag. Me har sett av 1-2 dagar. Sørgja føre å ha 1) flip-over 2) A3-ark, gjerne i ulike fargar, og 3) tusjar. Dessutan kaffi, søtsaker og mat.

Det første trinnet på workshopen var å gå gjennom datamaterialet i fellesskap. Gjennomgangen kan gjerast på følgjande måte: Den som har gjort det aktuelle intervjuet eller observasjonen presenterer samandraget for dei andre, medan ein av dei andre noterer ned stikkord.

På bilete her er kollegar Norman og Elisabeth i aksjon. Elisabeth gjennomgår samandraget av eit intervju ho har gjort og Norman noterer på eit A3-ark. På denne måten får heile forskargruppa eit grundig innblikk i datamaterialet, både det ein har samla inn sjølv og det som er gjort av andre.

Notata hengde arka fortløpande opp på veggen, og då såg det slik ut.

Døme på eit notat frå eit forskingsprosjekt om levekår blant skeive med innvandrarbakgrunn i Noreg:

 

* Skeiv kvinne i 40-åra oppvaksen i Noreg, foreldra kom som flyktningar frå Midtausten
* Rasisme og etnisk diskriminering er hovudproblemet med å vera skeiv med innvandrarbakgrunn
* Ho opplevde at ho var annleis som barn og ønskte å vera vanleg
* Rasisme i skeive miljø
* I intervjuet er ho oppteken av å visa at homofobi også finst blant etnisk norske og ikkje berre blant minoritetar

Som du ser har me notert ned bakgrunnsopplysningar, sentrale tema og det overordna narrativet i informanten si forteljing: Ho presenterte ei tydeleg motfortelling til forståingar av at homofobi i innvandrarmiljø er hovudproblemet til mange skeive med innvandrarbakgrunn. Stikkorda inneheld altså ei tolking av narrativet i intervjuet.

Me brukte om lag 10 minutt per intervju. Me opna ikkje opp for kommentarar og diskusjonar i denne delen av prosessen.

Temakartlegging

Det andre trinne i prosessen går ut på å kartlegga tema i datamaterialet. Etter den felles gjennomgangen av datamaterialet hadde me gjort oss mange refleksjonar og hadde hovudet fullt av tankar og idear. Desse var det no på tide å få ned på papiret!

Me har gjort det slik at ein av oss nemnde eit tema og skreiv som overskrift på eit stort ark. Deretter noterte me underpunkt og aktuelle intervju som handla om dette temaet. Eit tema kan vera konkret eller abstrakt, gjennomgåande i datamaterialet eller noko som kom opp i eit einaste intervju. Det kan vera ei hending eller eit narrativ.

I prosjektet om levekår blant skeive med innvandrarbakgrunn var seksuelle overgrep eit sentralt tema i fleire intervju.  Totalt var alle temaene vi noterte: rasisme, det å leva ope eller skjult som skeiv, diskriminering, migrasjonserfaringar, stad, religion. seksuelle overgrep, Juss, møte med institusjonar, skuffelse over Noreg, familie, Isolasjon/einsemd, kjærleik/parforhold, skeive nettverk, hels og metoderefleksjonar

Under temaet «seksuelle overgrep»  noterte med ned desse stikkorda:

  • Forekommer ofte i materialet.
  • I barndommen og over tid
  • Enkeltstående hendelse
  • Overgriperne er stort sett menn, gjerne flere ulike
  • De utsatte har bakgrunn fra mange ulike land
  • Forståelser av at overgrep er årsaken til at man er skeiv går igjen i materialet, både blant menn og kvinner og informanter fra ulike land, også Norge.
  • Møter med hjelpeapparatet, mye dårlig og noe bra.
  • Negative konsekvenser: Dårlige skoleprestasjoner, psykiske helseproblemer, forlatt av kjæresten, jomfrutesting, skam.
  • Viktige intervju: 1, 4, 18, 8, 12, 17, 20. Særlig 4.

I kartleggingsfasen opna me i liten grad opp for diskusjon om kva som er viktige tema og relevante tolkingar. Me fokuserte på å lytta til kvarandre og samarbeida om å setja ord på mest mogleg av det datamaterialet kunne seia noko om. Me hengde arka opp på veggen, eit etter eit.

Eit siste viktig punkt i temakartlegginga var at me også har hatt ein hadde ein liten seanse kor me kartla tema i den teorien og tidlegare forskinga me hadde lese. Det har vist seg å vera nyttig for å i neste fase kopla teori og empiri.

Temagruppering

Neste steg i den kollektive analyseprosessen var ein diskusjon om korleis me kunne gruppera dei temaa me hadde funne fram til i kartleggingsfasen. Me spurde: «Kva for av dei kartlagde tematikkane høyrer saman og kva er tilhøva mellom dei? Kva er eit viktig og overordna tema og kva er undertema?»

 

Me flytta arka frå ein vegg til ein annan og diskuterte tilhøva mellom dei forskjellige temaa. Her opna me opp for diskusjon, usemje og forskjellige tolkingar av datamaterialet.

Helga 5

Ein av oss kunne flytta eit ark bort til eit anna. Ein annan kunne kommentera at det var ein måte å tenkja på, men at det like gjerne kunne høyra saman med eit anna tema. Ein av oss på eit tema – eit sentralt narrativ som gjekk igjen i mange forteljingar. Medan ein annan deltakar minna oss alle på at andre informantar hadde presentert ei heilt anna forteljing. Men me har stilt spørsmål, bygd vidare på det dei andre sa, kome med moglege innvendingar, peika på korleis dei empiriske temaa henger saman med tidlegare forsking og teori. Hovudpoenget i denne delen av workshopen er diskusjonen og den kollektive tenkeprosessen som flyttinga av ark på veggen opnar opp for.

 

Disposisjon og arbeidsplan

Det siste trinnet i prosessen var å laga ein disposisjon og arbeidsplan for skrivearbeidet. Basert på temagrupperinga laga med forslag til kapittel i form av overskrifter, problemstillingar og stikkord om innhaldet.  Me skreiv ned forslag til temabaserte kapittel på A3 ark og hengde dei opp på veggen. Etter å ha blitt samde om kva for kapittel som skulle vera med, diskuterte me rekkefølgja. Så skreiv ned ein detaljert disposisjon med tema og problemstillingar. Heilt til slutt bestemte me kven som skulle byrja skriva på kva del av forskingsrapporten. For ph.d.-kandidatar og masterstudentar sin del er det gjerne berre ein som skal gjera skrivinga, men då er det i alle fall veldig fint å ha jobba i lag med nokon og laga ein disposisjon.

 

Analyse etter arbeidsmøtet

Etter analysemøtet kjem skrivearbeidet, og då sit me der åleine på kontoret igjen. Mi erfaring er at det er lurt å byrja på skrivearbeidet rett etter workshopen, og ikkje venta med det til ein har gått gjennom alle data på nytt. Det vidare tolkings- og analysearbeidet i stor grad skjer gjennom skriveprosessen.

Men etter to kjekke dagar med analyseworkshop – kor me gjerne har fått ei kjensle av at alt gjev meining og heng saman på ein logisk måte og at dette skal bli lett! – kan det vera ein nedtur å koma tilbake på kontoret. Eg syns alltid at skrivearbeidet – særleg i starten – er svært krevjande. Det er forskjell på å diskutera og flytta på temaark og setja seg ned og formulera tekst. Men likevel. Workshopane har gjort at skrivearbeidet har vore lettare og eg har brukt mindre tid på å lura på om analysane mine er heilt på jordet.

Kjelder:

Braun, Virginia og Victoria Clarke. 2006. «Using thematic analysis in psychology.» Qualitative Research in Psychology 3 (2):77-101.

Eggebø, Helga. 2020. «Kollektiv kvalitativ analyse.» Norsk sosiologisk tidsskrift 4 (2):106-122.

Skilbrei, May-Len. 2019. Kvalitative metoder : planlegging, gjennomføring og etisk refleksjon. Bergen: Fagbokforl.