Max Weber – klassikar med redsle for aust

Tenkinga til Weber er viktig fordi den er ein del av den vestlege sjølvforståinga, skriv Torbjørn Kalberg i dette kritiske essayet, som rettar blikket mot hans redsle for aust.

TEKST: Torbjørn Kalberg
ILLUSTRASJON: Anja Eline Hynninen

Den tyske økonomihistorikaren Max Weber er mellom dei store klassikarane i sosiologien. «Eg er medlem av dei borgarlege klassane, kjenner meg som ein slik og er oppseden i deira tenkjemåtar og ideal», sa han om seg sjølv. Han vart fødd inn i ein av dei rikaste handelsfamiliane med kapital i tekstilindustrien. Mest heile livet livnærte han seg som rentenist utan otte for eigen økonomi. Weber høyrer til i ein forskartradisjon som la vekt på konkrete undersøkingar av historie og økonomi. Han nytta seg av omfattande materiale frå statistikk og folketeljingar for å framstille verknadene av den kapitalistiske utviklinga.

kalberg

Om forfatteren:

Torbjørn Kalberg (f. 1944) er cand.sociol. fra 1970, og har mellom anna arbeid som lærar i samfunnsfag ved Arkitekthøgskolen i Oslo.

Dette essayet er ein kortversjon av ein artikkel om Max Weber og redsla for aust frå Kirke og Kultur som handlar om å forstå betre vilkåra for den grenselause trua på Europa og Vesten som frelsar overalt i verda. Alle referanser finst der.

Det europeiske sjølvbiletet

Tenkinga til Weber er ein viktig del av den vestlege sjølvforståinga. Denne tenkinga teiknar eit bilete av Europa som ei frigjerande kraft i verdshistoria. Under påskot av å spreie fridom og velferd, har europeiske regjeringar makta å få folkeleg støtte til aggressive krigar mot fattige land langt borte. Trua på at den vestlege verda er så uendeleg mykje betre når det gjeld kultur og menneskeverd enn samfunn med ei anna historie, har teke det europeiske sjølvbiletet til nye høgder.

Det er viktig å undervise om Weber. Ved å studere skriftene hans, får vi eit betre grunnlag for å forstå den europeiske røyndomen. Weber fortener berre ikkje rolla som kanonisert overdommar for alt det gode ved kulturen i det vestlege Europa. Når ein viser til Weber som ein klassikar innafor sosiologien er det urett å la han vere eit statisk glansbilete utan lytar og skavankar. Ein må heller halde han fram som ein talsmann for ein politikk som framleis splitter det europeiske kontinentet.

Som så mange andre kanoniserte intellektuelle lid han den lagnaden at han ikkje vert teken på alvor.

På 1940– og 50-talet sette amerikanske samfunnsforskarar saman skriftene hans under nye overskrifter og forma han i sitt bilete. Han vart opphøgd til ein stamfar for den nye samfunnsvitskapen, eit ikon for ideane om det moderne, om rasjonelle styreformer og demokrati. Glorifiseringa av Weber gjer det vanskeleg å trengje gjennom panseret av alt det gode han skal ha stått for. Som så mange andre kanoniserte intellektuelle lid han den lagnaden at han ikkje vert teken på alvor.

Sikre vestleg kontroll

Etter andre verdskrigen skulle dei nye samfunnsvitskapane sikre vestleg kontroll over tidlegare koloniområde. Statar som nett hadde vorte uavhengige måtte velje demokrati og ikkje kommunistisk diktatur som styreform. I denne omforminga av sosiologien var det ideane til Max Weber amerikanske forskarar nytta seg av for å fremje desse oppfatningane. Gjennom engelske omsetjingar vart han ikkje berre gjort kjend for verda, han vart fortolka og skapt på ny. For å sjå om tolkinga er rett, må ein no grave i originalartiklane hans. Det held ikkje berre å lese dei amerikanske utdraga.

Den biologiske rasismen gjorde nytta si da europearane la under seg store delar av jordkloten. I den moderne globaliserte verda, med stor innvandring til vestlege land, vert det viktig for dei europeiske statsmaktene å kontrollere framande grupper. Teoriane til Weber om at kulturelle og ikkje berre biologiske skilnader er viktige, vert no verdfulle bidrag til denne kontrollen. Trua på den eineståande vesteuropeiske kulturen hadde lenge vore eit argument for å undertrykke folk i koloniane. I dag er ideane om dei framifrå europearane grunnpilarar i ein kulturell rasisme som har erstatta det gamle biologiske rasesynet.

Kolsviartrua på opplysingsprosjektet

Mykje av arbeidet til Weber dreier seg om å gjere greie for kvifor den moderne vestlege staten er så unik. Berre her vart «rasjonelle og systematiske organisasjonar» utvikla til vitskap. Berre her nådde ein fram til fullending av kunst og kultur. Berre i det vestlege Europa vart det mogleg for kapitalismen å vekse fram. Weber vert ein hovudtalsmann for forteljinga om det europeiske miraklet. Den moderne staten med ei rasjonell forfatning, eit rasjonelt lovverk og ein administrasjon med trente fagfolk bundne av reglar og lover, «er det berre Vesten som kjenner».

 

Han meinte slavarane både fysisk og åndeleg sett var veikare enn tyskarane. Likevel var dei på offensiven. Den polske småbonden vann fram «ikkje trass i, men på grunn av det låge nivået for dei fysiske og åndelege livsvanane» hans.

Teoriane til Weber om samfunnsmessig rasjonalisering er halde fram som ei viktig forklaring på kvifor kapitalismen utvikla seg i Europa og berre her. Dei gjev næring til kolsviartrua på at den industrielle revolusjonen vaks fram som følgje av heilt særeigne tilhøve i denne delen av verda og ikkje hang noko saman med tileigning av rikdom i dei nye koloniane.

Heilt frå dei første artiklane og talane sine på 1890-talet hevda Weber at innvandringa av polske landarbeidarar til det vestlege Prøyssen var med på å svekke germansk kultur. Han meinte slavarane både fysisk og åndeleg sett var veikare enn tyskarane. Likevel var dei på offensiven. Den polske småbonden vann fram «ikkje trass i, men på grunn av det låge nivået for dei fysiske og åndelege livsvanane» hans.

Prisfallet på korn etter konkurranse med land som Argentina og USA fekk dei tyske jordbrukarane til å satse på sukkerroe. På 1880-talet sette styremaktene ned prisane på togreiser slik at godseigarane kunne nytte seg av billege polske landarbeidarar. Weber viser til «hordar av nomadar, rekruttert av agentar i Russland». Dei «strøymer over grensene i titusental om våren. Om hausten dreg dei attende». Produksjonen av sukkerroe forvandla næringslivet på landsbygda til sesongverksemd. På sukkerroeeigedomane herska ikkje lenger patriarkalske godseigarar, men industrielle kjøpmenn.

 

Han frykta for at tyskarar som var i mindretal i område med blanda språk og kultur kunne verte «sugde opp» av det polske fleirtalet, enda om dei høyrde til ein meir høgtståande kultur.

Tyske arbeidarar forsvann frå godsa i fruktbare strøk, medan talet polske bønder auka der avkastinga var dårleg. Polakkane fann seg betre til rette med dårlegare kår. I «det økonomiske kvardagslivet oppstår ein konkurranse mellom ein lågareståande rase og tyskarane som forlet heimane sine og går mot ei mørk framtid», hevda Weber. Evna til å leve under dårlegare vilkår var noko «den slaviske rasen hadde fått i gåve frå naturen» eller i alle høve hadde utvikla gjennom historia. Han frykta for at tyskarar som var i mindretal i område med blanda språk og kultur kunne verte «sugde opp» av det polske fleirtalet, enda om dei høyrde til ein meir høgtståande kultur.

Polske småbønder aust i Tyskland skaffa seg meir land fordi dei livnærte seg direkte frå jorda. Dei var ikkje som bøndene i det vestlege Rhinområdet avhengig av «drivhusdyrking og hagebruk for ein marknad». Dei dreiv meir med sjølvberging. Weber såg med otte på at jamvel store gods vart omgjorde til «slaviske hungerkoloniar».

Verdsutstillinga i 1904

I 1904 vart det arrangert ei verdsutstilling i St. Louis i Missouri, USA. Det var hundre år sidan Louisiana vart kjøpt frå eit forgjelda Frankrike, eit kjøp som dobla landarealet til USA. Mellom iskremar, pengevekslingsautomatar og hundeetande filippinarar som skulle syne den amerikanske verdsmakta, vitja óg den enno ikkje så vidgjetne juristen Max Weber verdsutstillinga. Han hadde nett kome seg etter eit nervøst samanbrot som hadde vart i meir enn fem år. Han skulle førelese om jordbrukssamfunn og økonomisk utvikling. Hovudmeldinga hans var at kapitalismen riv i stykker gamle truskapsband ved å gjere bøndene til frie arbeidarar og dermed farlege samfunnsnedbrytande sosialistar. Slik var det i Tyskland. Det same kunne skje i USA. Den anglosaksiske ånda var truga av den enorme innvandringa av usiviliserte hordar frå det austlege Europa.

Weber fortalde om «nøysame slaviske småbønder» som tok over tidlegare tyske landområde. I mellomalderen gjorde kulturen eit framstøt austover. No vart kulturen dreven attende. No galdt det kapitalistiske prinsippet om den «billegaste hjelpa». Kan hende ville USA også råke på liknande problem. Kveiteproduksjonen var på veg ned som følgje av internasjonal arbeidsdeling. Talet «negerfarmar» vaks, samstundes med flukta frå landsbygda til byane. Weber frykta for at jordbruksbefolkninga snart ikkje lenger ville vere del av den anglo-saksisk-tyske kulturen som historisk sett hadde vore leiande. Om den «enorme innvandringa av ufaglærte element frå Aust-Europa» heldt fram å vekse, ville dette «på avgjerande vis endre standarden» i Amerika. Det ville verte «eit samfunn av ein heilt annan type enn det store fellesskapet som er skapt av den anglosaksiske ånda».

Enda verre med polakkar

Allereie i 1893 hadde Weber vist til motstanden mot å importere kinesiske kuliar til Tyskland. Men det var verre med polakkar, sa han, «for våre tyske arbeidarar ville aldri ha blanda seg med kuliane». Polakkar derimot «sugde til seg» andre folkeslag. Weber ville ikkje bøye kne for kapitalinteresser som var tente med billeg arbeidskraft. Det viktigaste var å styrke den tyske kulturen mot lågtståande folkeslag i aust.

 

Det var ingen grunn til å klage over at polakkane vart reduserte til annanrangs borgarar, sa han. Det motsette var tilfellet, det var vi tyskarar som «hadde gjort polakkane til menneske».

På 1880-talet vart det oppretta ein koloniseringskommisjon for å styrke prøyssisk kultur i polskdominerte område. Over tretti tusen polakkar utan prøyssisk pass, jødiske som katolske, vart utviste. Store areal vart kjøpte opp og gjeve til tyske bureisarar. Det vart reist krav om at tilsette i posten skulle nekte å levere brev med polske og ikkje tyske adresser.

Weber gjekk ut mot dei som ikkje var sterke nok i motstanden mot det polske. Det var ingen grunn til å klage over at polakkane vart reduserte til annanrangs borgarar, sa han. Det motsette var tilfellet, det var vi tyskarar som «hadde gjort polakkane til menneske».

Det Alltyske Forbundet var ein organisasjon som sidan 1891 arbeidde for å halde den tyske nasjonen fri for skadeleg innverknad frå lågareståande slaviske og jødiske folkeslag. I 1899 trekte Weber seg frå forbundet fordi han meinte det ikkje vart gjort nok for å stå opp mot den polske innvandringa.

Kapitalistane i jordbruket tente nok på den billege arbeidskrafta, men Tyskland som nasjon vart påført tap, hevda han. Etter kvart utvikla han den rasistiske haldninga si overfor polakkar til ein teori der rase, kultur og klasse fall saman. Redsla for assimilering fekk han til å meine russerar og polakkar måtte verte utestengde frå det austlege Prøyssen. Det var ikkje råd å la «to nasjonalitetar med ulik kropp, med ulike magar» konkurrere «heilt fritt som arbeidarar på eitt og same område». Om tyske arbeidarar skulle konkurrere med polske måtte dei «ta eit skritt nedover på kulturstigen og gje avkall på behova sine.» I den kapitalistiske økonomien finst det situasjonar der ein høgare kultur ikkje «er overlegen, men står svakare i kampen i høve til lågarestånde kulturar».

Det eineståande Europa

Weber samanlikna det amerikanske «negerspørsmålet» med den økonomiske utviklinga aust i Tyskland. Auka bruk av negrar i tekstilindustrien i USA svekte kvaliteten på produkta, meinte han. Det var «lett å forstå» at den «amerikanske negeren» var «ueigna til visse arbeidsoppgåver». Det var likevel ikkje biologien som gjorde svarte meir ueigna. Weber avviste arvemessige skilnader mellom svarte og kvite. Det avgjerande var haldninga til arbeidet. Tradisjon og oppseding gjorde svarte arbeidarar mindre produktive. Ein kan hugse desse tankane til Weber når ein ser korleis trua på at syriske flyktningar var godt utdanna fekk nokre vesteuropeiske statar til å opne døra litt på gløtt. Om utdanningsnivået ikkje er så høgt likevel, vert kan hende nok ein gong redsla for utgifter større enn ynsket om å vere god.

 

Weber la grunnmuren for ein ideologi om undertrykking av framande grupper også innafor eige landområde. Han heldt tyskarane for ein sivilisert del av menneskeslekta, medan polakkane var mellom dei barbariske.

Etter andre verdskrigen og dei nazistiske herjingane vart det uråd å forklare europeisk overherredømme med vekt på biologiske eigenskapar. I staden vart det vist til teoriane til Weber om at alle viktige kulturelle nyvinningar først hadde slått rot i Europa og seinare gått sin seiersgang over heile kloten. Europa vart framstilt som leiande på alle vis, anten det dreidde seg om styringa av staten og marknadsøkonomien eller frilynte endringar i familiestruktur og kulturliv.

Problemet for dei tidlegare kolonimaktene etter at stadig fleire land vart uavhengige, var å finne fram til korleis ein framleis kunne halde på kontrollen. Med Weber vart det gamle biologiske raseomgrepet erstatta med ei kulturell tilnærming. Weber forsynte samfunnsvitarane med ein moderniseringsteori. Den amerikanske geografen James Blaut har peika på at dette «var ei elegant og lærd nytolking av ideane frå kolonitida om det eineståande ved den europeiske rasjonaliteten og den unike europeiske kulturhistoria.» Alle samfunn må etter denne teorien gjennom ei utvikling som liknar på den europeiske om dei skal verte verdsette. Det dreier seg ikkje lenger berre om ein teori for å skjønnmale erobring av framande kontinent. Weber la grunnmuren for ein ideologi om undertrykking av framande grupper også innafor eige landområde. Han heldt tyskarane for ein sivilisert del av menneskeslekta, medan polakkane var mellom dei barbariske. Den rumenske sosiologen Boatcă har nyleg vist til at denne skilnaden mellom folkegrupper vart skapt med framveksten av antropologien som vitskap. Europearar var siviliserte kulturfolk, dei innfødde i koloniane var naturfolk. Men heller ikkje alle i Europa var kulturfolk nok. Boatcă seier omgrep som det «moderne, det siviliserte og det rasjonelle» berre vert nytta om «ein stadig meir eksklusiv del av det europeiske kontinentet», ein del som i den imperialistiske tenkjemåten sluttar ved grensa for Tyskland i aust.

Frigjering frå orientalsk mørke

Weber meinte folkeslag som ikkje høyrde til i det vestlege Europa hadde ein lang veg å gå før dei kunne reknast som likeverdige. Slik viser han vegen fram til fordommar som framleis trivst godt. Skriftene hans gjer det mogleg å forstå kvifor det framleis ofte vert vist til dei store skilnadene mellom aust og vest i Europa. Ein kan til dømes verte freista til å forstå borgarkrigane på Balkan etter oppløysinga av Sovjetunionen som ei frigjering frå eit orientalsk mørke. Konfliktane i Ukraina etter det vestorienterte kuppet mot ein vald president i 2014, kan sjåast på same vis. Reaksjonane mot flyktningar som sommaren 2015 freista ta seg til det nordlege Europa viser óg til manglande likeverd mellom statane. Det er ikkje berre Ungarn som byggjer murar for å halde immigrantar borte. I Calais stengjer Frankrike og Storbritannia grensene utan å verte skulda for manglande solidaritet med flyktningar. Den urovekkjande dobbeltmoralen gjer det stadig mogleg å nytte det austlege Europa som syndebukk.

 

Hovmodige idear om dei framifrå europearane vart nytta for å undertrykke folk i koloniane. I dag er dei grunnpilarar i ein kulturell rasisme som har erstatta det gamle biologiske rasesynet.

Ein etter ein har land aust i Europa bede om å verte tekne opp som medlemmar i EU. Så lenge denne vestlege unionen vert oppfatta som ein siviliserande og eksklusiv del av det europeiske kontinentet, vil innlemming her vere eit prov på at ein endeleg er med i det gode selskapet.

Med framstillinga si av tyske samfunnstilhøve i tida fram til første verdskrigen synte Weber fordommane sine mot slaviske folkeslag. Trua på den eineståande vesteuropeiske kulturhistoria er ikkje mindre sterk no, hundre år etter. Hovmodige idear om dei framifrå europearane vart nytta for å undertrykke folk i koloniane. I dag er dei grunnpilarar i ein kulturell rasisme som har erstatta det gamle biologiske rasesynet.

Det er ikkje slik at samfunn utafor det vesteuropeiske kjerneområdet mangler føresetnader for å kvitte seg med undertrykkjande trekk. Det vestlege Europa har ikkje einerett på fridomskrav og kamp mot overtru, stivna kjønnsrollemønstre og korrupte leiarar. Europa var ein gong utkant i verda. Det var den europeiske koloniseringa av Amerika som gjorde utkant til sentrum. Slik vert det mogleg for oss å forstå at dette er ein tilstand som ikkje treng vare til evig tid.