Dobbelt skattlegging

Ordentlege feministar tel ikkje kaloriar når det er så mykje vondt i verda. Eller?

TEKST: Beate Sletvold Øistad

Far min har vekse opp på gard og har ganske greie skjønnheitsideal: Ein fin kropp, jente- som gutekropp, er framfor alt ein funksjonell og solid kropp. Ein kropp som er sterk, tåler ein støyt og kan brukast til mange ting. Da eg veks opp sa iblant far min til meg «Du har så breie skuldrer, du Beate», eller «du er så solid bygd». Eg er sikker på at han meinte det godt – at det var ein måte å utrykke at han var stolt av dotter si som gått langt på ski eller takla dei andre fotballjentene så det song. Men eg mislikte etter kvart at han sa det. For meg var det berre nok eit bevis på at eg var brei og diger og milevis unna ein perfekt kropp. Eg ville jo vere tynn, vever og vakker!

Beate Sletvold Øistad - 8.mars - sosiologen.no

Beate Sletvold Øistad

Beate Sletvold Øistad (f.1985) er utdannet sosiolog fra Universitetet i Oslo, og skrev masteroppgave om midlertidige ansettelser i NRK.

Hun jobber som forskningsjournalist i KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning.

Strengt tala er det ikkje noko gale med kroppen min, verken da eller no. Han min fungerer ypparleg og toler faktisk ein ekstra støyt. Det eg likte aller best når eg var lita jente var å stammeklatre og bygge hytte i skogen med nabogutane. Da falt det meg ikkje inn å tenke over korleis eg såg ut når eg gjorde det. Seinare var korleis eg såg ut nesten alt eg tenkte på, sjølv om eg vart aldri så feministisk medviten.

Inn med magen


Eg var åtte år og på veg til skulen i lag med venninna mi da ho fortalde at vi no burde byrje å halde inn magen. Kvifor vi måtte det fekk eg aldri klart for meg, men vi måtte vel det, da. Vi burde heller ikkje vrikke på rumpa når vi gikk, for det var teit. Eg kasta lengst med liten boll og haldt fram med å leike med gutane, men snart skulle dei bli sterkare enn meg.

To år seinare, da eg var ti, klagar den tynnaste jenta i gymgarderoben over kor feit ho er. Vi andre seier at nei, ho er jo kjempetynn og kjempefin. Eg ynskjer eg hadde kroppen til den mest populære jenta i klassen, for ho er så tynn at sixpack’en er synleg på den flate magen hennar. Som elleveåring fører eg dagbok over alt eg har ete i løpet av dagen og kor mykje eg har trent. Eg har lest i eit blad at det er lurt å gjere. Om eg synest eg et litt for mykje godteri ein dag, kjeftar eg på meg sjølv i margen.

Eg var åtte år og på veg til skulen i lag med venninna mi da ho fortalde at vi no burde byrje å halde inn magen.

Da eg byrjar på ungdomsskulen inntreff Den Store Krisa. At alle venene mine endra seg totalt over sommarferien og no føretrakk Miss Sixty-bukser og baksnakking, framfor å spele fotball i friminutta med meg, var nesten til å leve med. Det var derimot ikkje til å halde ut at eg plutseleg gikk opp heile to storleikar i Levis-bukse. Joda, eg hadde jo blitt informert om at ein fekk pupper og hofter og sånn i puberteten, men ingen sa noko om at ein også vart feit og stygg. Draumen om den flate magen fekk seg ein knekk, eller rettare sagt ein bul. Eg fann dessutan ut at eg mest sannsynleg hadde både ridebukselår, appelsinhud og grevinneheng. I tillegg hadde eg lyse augebryn, noko som gjorde at ansiktet mitt mangla karakter, ifølgje Det Nye. Eg gjorde rumpeøvingar som eg hadde funne i trenings- og kosthaldsbladet iFORM, kvar kveld før eg la meg. Om ein ikkje kan få flat mage kan ein i alle fall få stram rumpe!

Slutt på stresset?

På eit tidspunkt tok eg likevel eit val eg er stolt av, sjølv i dag. Eg bestemte meg for at eg ikkje under nokon omstende skulle bli fjortisbærte. I staden vart eg ein moralistisk tenåring med håret rett til vers, som hata verda, rusbrus og mobiltelefonar, men elska Patti Smith, gamle militærklede og the Clash. Ikkje noko blue dabadi dabadu her i garden, nei. Eg budde på Brøttum, men drøymde om Blitzhuset. Eg las om kjønnsroller og skjønnheitstyranni, og det gikk opp for meg at skjønnheits- og slankeindustrien tente gode pengar på at eg nettopp ynskte meg flat mage. Som følgje av denne innsikta vart det også merkbart færre rumpeøvingar i åra som følgde.

Eg las om kjønnsroller og skjønnheitstyranni, og det gikk opp for meg at skjønnheits- og slankeindustrien tente gode pengar på at eg nettopp ynskte meg flat mage.

Dette er altså den glade historia om den unge kvinna som ved hjelp av feministisk medvit redda seg sjølv frå spiseforstyrringa. Men det er også ei historie om dobbelt skattlegging. For gode feministar tel ikkje kaloriar. Verda er full av krig, katastrofar og kapitalisme, og her sit du og tel valkane dine?

Som feminist var eg fullstendig klar over at å bruke hjernekapasiteten min på slikt var tullball. Eg burde vore nøgd med kroppen min som han er og i alle fall ikkje gå å uroe meg for at eg ser ut som ei tønne. Men det var altså lettare sagt enn gjort. Ikkje sei det til nokon.

Teksten har tidligere blitt publisert på Manifest Tidsskrift sine nettsider, og publiseres her etter avtale med artikkelforfatteren.