Den politisk-administrative eliten – også ein kulturell elite?

Stemmer det at FrP-arar berre er interessert i revy og DDE, mens embetsmannskapet hovudsakelig er oppteken av samtidsdramatikken og Christian Krogh?

Jan Fredrik Hovden og Karl Knapskog har i artikkelen «Høgt og lågt i Stortinget og departementa: Kulturbruk og kulturorientering hjå dei norske politisk-administrative elitane» gjennomført ei spørjeundersøking kring dei norske politisk-administrative elitanes bruk av kulturinstitusjonar, kulturbruk og holdningar i kulturpolitiske spørsmål.

Spørsmåla dreier seg rundt kva slags kulturuttrykk dei føretrekkjer, kva for kulturinstitusjonar (til dømes teater eller kino) dei nytter seg av, om dei meiner at kultur er eit hovudsakleg offentleg eller privat ansvarsområde, og om NRK bør privatiserast.

Hovden og Knapskog finn til dels store forskjellar mellom dei tre grupperingane. Dei administrative leiarane føretrekkjer langt oftare finkulturen og tradisjonelle kulturuttrykk, som barokkmusikk og Inger Marie Sitter, mens stortingsmedlemmane føretrekkjer populærkultur og moderne kulturutrykk som musikalar og Celine Dion.

Den politiske leiinga plasserast i ein mellomposisjon. Den administrative leiinga vektlegg i større grad kunstens moralske oppgåver og kultur som statleg oppgåve, mens stortingspolitikarane framhevar kunstens popularitet, og kultur som privatsak.

De administrative leiarane i departementa har langt oftare preferansar for det ein gjerne vil kalle finkultur, medan Stortingets politikarar i større grad orienterer seg mot populærkulturen.

Artikkelen drøftar også forskjellar mellom partia på Stortinget, der høgrepartia i større grad enn midten og venstresida føretrekkjer tradisjonell finkultur, og førstnemnde i mykje større grad vil privatisere NRK og vektlegg kor viktig det er med private midlar i kulturlivet.

Hovden og Knapskog sine funn avdekkjer klare mønstre mellom sosial bakgrunn, posisjon og kulturorientering blant den politiske og administrative leiinga i Noreg. Dette hevdar dei kan seiast å truge desse gruppenes legitimitet.

st_2014_03

Les heile artikkelen: Høgt og lågt i Stortinget og departementa: Kulturbruk og kulturorientering hjå dei norske politisk-administrative elitane av Jan Fredrik Hovden og Karl Knapskog, UiB, i Sosiologisk tidsskrift nr. 3, 2014.