«Eg har ingen familie»

Fører ei manglande forståing av asylsøkjarars identitetskonstruksjon hos Utanriksdirektoratet til feilaktige avslag?

TEKST: Magnus Heie Gregersen.

Språkvitar Bjørghild Kjelsvik tar i artikkelen «Eg har ingen familie» for seg korleis asylsøkjarar konstruerer eigen identitet i asylintervjua. Datamaterialet består av lydopptak frå slike asylintervju gjennomført av UDI. Det teoretiske perspektivet som nyttast er blant anna ulik narrativ teori og Erving Goffmans omgrep om ein teksts ytrar, tekstforfattar og eigar. Desse vil ikkje alltid vil vere den same personen. Det er svært vanleg å bruke tolk i slike intervju, som har fleire alternativ i korleis og kor mykje som skal omsetjast. Tolkens rolle utgjer derfor ein viktig del i asylprosessen. Kjelsvik problematiserer korleis tolken ofte blandar saman dei ulike deltakarrollane, som kan ha konsekvensar for intervjuarens bedømming av truverdigheten til asylsøkjaren.

Fokuset på den formelle identiteten som ligg i den byråkratiske identitetsforståinga hos UDI overstyrer lett forståinga av at asylsøkjarar kan ha andre identitetsprosjekt i sine forteljingar, og at desse kan gå på tvers av det asylprosessen krev.

Bjørghild Kjelsvik.

Kjelsvik nyttar seg av to forståingar av identitet i analysen. Ein byråkratisk identitetsforståing byggjer hovudsakeleg på dokumentasjon frå truverdige myndigheiter, mens ein sosialkonstruktivistisk identitetsforståing byggjer på korleis personen sjølv fortel og dermed skapar seg ein identitet.

Kjelsvik argumenterer for at sistnemnte forståing av identitet er viktig for å forstå korleis asylsøkjarane integrerer si eigen identitet i forteljingar. Det er et hovudpoeng i artikkelen at asylprosessen og omsyn til rettstryggleiken ofte krev ein djupare forståing av identitet enn den byråkratiske som UDI nyttar seg av.

tfs_2015_01

Les heile artikkelen: «Eg har ingen familie» av Bjørghild Kjelsvik (UiO), Tidsskrift for samfunnsforskning nr.1, 2015.