Samvariasjonen mellom stork og barn

Kristoffer stiller seg kritisk til at nedgangen i storkebestanden i Danmark på 60-tallet kan forklare hvorfor danske kvinner fødte færre barn.

Tekst: Kristoffer Støylen Refvik

På 1960-tallet blei det påvist at danske kvinner begynte å få færre barn. Samtidig såg ein at antallet ynglande stork også vart minska. Konklusjon på denne samvariasjonen må difor vere: Hypotesen om at storken held befolkningsveksten i Danmark oppe må beholdast. Eller? I så fall står den danske befolkningsveksta i fare, då bestanden av vill stork så og seie har vert ikkje-eksisterande sidan 2008.

STORK OG BARN: På 1960-tallet blei det påvist at danske kvinner begynte å få færre barn. Samtidig såg ein at antallet ynglande stork også vart minska. (Foto Jinterwas - Flickr)

Neida, det ville jo vert absurd å hevde at det fantes ein kausal samanheng her, då dei fleste av oss både veit kor og ikkje minst korleis vi blir til. Eksempelet er henta frå forelesning i faget SOS3003, Anvendt Statistisk Dataanalyse i Samfunnsvitenskap. I eit anna tilfelle ville det likevel ikkje nødvendigvis vere like absurd å trekke ein kausal samanheng, eller årsaksforklaring, ved ein samvariasjon. Det er jo slett ikkje sånn at vi i alle tilfeller kan vere 100 prosent sikre på om vi skal ta standpunkt i den eine eller andre motpolen. I ein kvardag der vi møter store overskrifter av nye funn av ekspertane, kanskje spesielt øverst på forsiden til VG og Dagbladet, kan det kanskje vere greit å stille seg kritisk. Til alt. Som når VG i 2010 skriv Bli smart, drikk vin. I sosiologien kallar vi det spuriøs samanheng når samanhengen framstår som eit årsak-virkning-forhold, men ikkje er det.

Er det kanskje ein kjangse for at det var bakenforliggande variablar, altså andre årsaker, som skapte korrelasjon mellom storkbestanden og antall fødde barn per kvinne i Danmark på 60-talet?  Kanskje bruken av p-piller, og at det var eit veksande industrimiljø som ga dårlegare levekår for storkbestanden? Det er freistande å la seg lure. Tenk om all forskning faktisk stemte. Tenk om alle funn, både når det kom til ernæring, samfunnsfag, biologi og psykisk helse faktisk ga oss råd vi kunne følgje utan å rynke på nasa.

STILL DEG KRITISK: I sosiologien og samfunnsvitskapen er det like viktig som i alle andre fagfelt at ein stiller seg kritisk, både til eiga og andres forskning. Dersom sosiologien skal bidra med noko konstruktivt i samfunnet, må den også gjere meir enn å berre gjenfortelle kvantitativ og kvalitativ data.

EKSPERTRÅD: Det er desverre ikkje enkelt å følgje råd frå ekspertane i dag, sjølv om eg gjerne skulle gått med på at øl er bra for beinbygninga, at trening er dårleg for immunforsvaret og at folk som ser på Game of Thrones lev lenger enn andre. (Foto: XiXiDu - Flickr)

I sosiologien og samfunnsvitskapen er det like viktig som i alle andre fagfelt at ein stiller seg kritisk, både til eiga og andres forskning. Dersom sosiologien skal bidra med noko konstruktivt i samfunnet, må den også gjere meir enn å berre gjenfortelle kvantitativ og kvalitativ data. Kva er det funna seier? Og dersom det ikkje er funn, kva seier det? Samtidig har vi også forskjellige forståelsar av omgrep og teoriar, noko som lagar utgangspunkt for forskninga vår og dei funna vi gjer.

Dersom ein eksempelvis forskar på klassesamfunn, er det sentralt for lesaren om forskninga tar utgangspunkt i at 1) Klasser eksisterar ikkje lenger, fordi folk ikkje lar seg identifisere med klassekategoriar like lett som før, eller 2) Klasser vil eksistere så lenge det finnast økonomisk ulikhet. Ikkje tenk at noko blir tatt for gitt, hold deg kritisk til eiga forskning, så har også andre gode utgangspunkt for å både videreformidle og bygge vidare på det som er funne.

Det er desverre ikkje enkelt å følgje råd frå ekspertane i dag, sjølv om eg gjerne skulle gått med på at øl er bra for beinbygninga, at trening er dårleg for immunforsvaret og at folk som ser på Game of Thrones lev lenger enn andre. Heldigvis blir vi tilsynelatande stadig flinkare til å finne korrelasjonar, samanhengar og årsaksforklaringar der dei høyrer heime. Ein kjem nok langt med ein klype sunn fornuft, sjølv om eg sjølv lar meg lure av sjokkfaktoren på kommersielle nettaviser eg også. Til alle mine medsosiologar: One does not simply create casuality from correlation.

Kristoffer

Om Kristoffer:

23 år gammal bygdegut som flytta til Trondheim i 2012. Er 1. års masterstudent som likar musikk, leven og kultur, for ikkje å nevne øl, sjokolademelk og å møte nye hyggelege menneske.