Ingvild Sommer – prosjektleiar i Fagbokforlaget

Ingvild Sommers hovedfag  i sosiologi førte henne til et IT-firma som utviklet dating-apper. Det var den digitale erfaringen som videre førte henne til forlagsbransjen.

ingvildsommer - fagbokforlaget - sosiologen.no

Ingvild Sommer

Ingvild Sommer er digital prosjektleiar i Fagbokforlaget.

Sommer har hovedfag i sosiologi fra Universitetet i Oslo, med oppgåva «Skjermede kropper. En analyse av kroppen på IRC-chat, og tar for seg kroppens rolle i internettkommunikasjon».

(Foto: Ellen Johanne Glimstad)
TEKST: Anne Bøe

– Hva jobber du med?

– Eg er digital prosjektleiar i Fagbokforlaget. Området mitt er digitale læremiddel, eg har ansvar både for drifting av eksisterande læremiddel og utvikling av nye.

– Hva er arbeidsoppgavene dine?

– Som prosjektleiar har eg ansvar for revisjonar og nyutvikling av digitale læremiddel. Det kan dreie seg om ei nettside som kjem som ein komponent i ein større læremiddelserie, eller ein liten applikasjon, til dømes eit verktøy for glosetrening, eller heildigitale læremiddel der brukarane loggar seg inn, les og lyttar til tekstar, ser video og løyser øvingsoppgåver og testar.

– Som prosjektleiar følgjer eg prosjektet frå oppstart, med idéutvikling og prosjektskildring, og gjennom utviklingsfasen som ofte handlar om å vere bindeleddet mellom dei som leverer innhaldet og dei som jobbar med teknisk utvikling. Målet er heile tida å formidle innhaldet på ein måte som er nyttig for brukaren og som er enkelt å finne fram i.

Som prosjektleiar følgjer eg prosjektet frå oppstart, med idéutvikling og prosjektskildring, og gjennom utviklingsfasen som ofte handlar om å vere bindeleddet mellom dei som leverer innhaldet og dei som jobbar med teknisk utvikling.

Ingvild Sommer

– Hvordan ser en vanlig dag ut for deg?

– Dagane mine brukar eg dels ved maskinen i kontorlandskapet – som regel med ein kaffekopp ved handa, og dels i møterom med kollegaer og eksterne leverandørar. Nokre dagar er rolege andre er hektiske, det er avhengig av kva fase prosjekta mine er i. Nokre konferansar i inn- og utland blir det også i løpet av eit år.

– Visste du hva du hadde lyst til å jobbe med mens du studerte sosiologi?

– Eg visste ikkje sikkert kva eg ville jobbe med, men nok for meg at eg kom til å jobbe med tekst og informasjon. At karrieren mi har fått ei så digital vending som ho har fått, har vore tilfeldig og overraskande – og bra.

– Hvordan fikk du jobben du har nå?

– Det at eg har jobba mykje digitalt i tidlegare stillingar var viktig, og dessutan at eg har med meg hovudfaget frå Blindern. At det var akkurat sosiologi, var ikkje viktig for den stillinga eg har no.

I den stillinga eg har no, var utdanninga som sosiolog ikkje viktig. Men då eg starta i arbeidslivet, var hovudfagsoppgåva mi sentral.

Ingvild Sommer

– Var noe av det du lærte på sosiologi-utdanningen avgjørende for at du fikk jobben?

– I den stillinga eg har no, var utdanninga som sosiolog ikkje viktig. Men då eg starta i arbeidslivet, var hovudfagsoppgåva mi sentral. Eg skreiv om kroppen si rolle i internettkommunikasjon, og fekk jobb i ei IT-bedrift som jobba med å utvikle ei datingteneste. Der var eg prosjektleiar for å utvikle ein psykologisk test som hjelpte medlemmane med å treffe ein partnar dei ville kome godt overeins med. Eg fekk eit oppslag om hovudfagsoppgåva mi i Dagbladet, og det var sentralt då eg fekk jobben i IT-bedrifta. Så, indirekte kan ein kanskje seie at det var lærdom frå universitetet som gav meg jobben – sjølv om eg i liten grad fekk brukt kunnskap frå utdanninga direkte i jobben.

– Får du brukt sosiologiutdanningen i jobben din?

– Nei, eg får ikkje brukt utdanninga direkte. Men eg synest eg har god nytte av å ha vore gjennom eit såpass stort prosjekt som eit hovudfag er. Dessutan har eg hatt nytte av all skrivetreninga ein får som student og av det å lære seg å trekkje essensen ut av ein tekst. Å lage brukarvenlege digitale læremiddel, handlar mykje om å finne essensen og å løfte fram det viktige.