«Sosial mobilitet i Norge: En studie av endring i levekår og sosial status basert på livshistorier til 3400 norske menn»

Det måtte en innflyttet amerikaner til for å skape nybrottsarbeid på norsk, sosial mobilitet.

Natalie Rogoff Ramsøy - kanon - sosiologi - sosiologen.no

Natalie Rogoff Ramsøy

Natalie Rogoff Ramsøy (1924-2002) avla sin doktorgrad ved University of Chicago i 1950. Hun var forsker ved The Bureau for Applied Social Research tilknyttet Columbia University i New York 1951–60, før hun flyttet til Norge der hun ble førsteamanuensis i sosiologi ved UiO 1967–68.

I perioden 1968-81 var hun direktør for Institutt for anvendt sosialvitenskapelig forskning (INAS) og fortsatte der som forsker til 1994. Hun var også professor II ved Universitetet i Oslo 1978–87, og var redaktør for den første utgaven av Det norske samfunn.

Rogoff var en sentral drivkraft i etableringen og utviklingen av INAS , og ledet den store Yrkeshistorieundersøkelsen 1972. Hennes primære forskningsinteresser dreide seg om sosial mobilitet, profesjons- og yrkessosiologi.

TEKST: Olav Korsnes
FOTO: NOVA

Det sosiologiske studiet av sosial mobilitet omhandlar tilhøvet mellom dei store historiske samfunnsendringane som kjenneteiknar framveksten og utviklinga av moderne samfunn, og lagnaden til dei sosiale gruppene og einskilde individa som lever gjennom desse endringane. Knapt noko område innan sosiologien høver difor betre til å forstå dynamikken mellom struktur og aktør, og mellom mikro og makro som er så sentral innan sosiologisk teori- og metodeutvikling. Studiet av sosial mobilitet var då også sentralt i dei tidlege fasane av utviklinga av sosiologi som vitskapeleg disiplin, der boka Social and Cultural Mobility frå 1927 av den russiskfødde sosiologen Pitirim Sorokin ved Harvard-universitetet i USA, er den klassiske referansen.

At det var ein hitflytta (1962) amerikansk sosiolog som skulle levere det første klassiske, samla bidraget til norsk sosiologi på dette området, var då heller ikkje tilfeldig. Natalie Rogoff, fødd i New York i ein russisk-jødisk immigrantfamilie i 1924, hadde allereie i 1953 publisert si doktoravhandling i USA om sosial mobilitet, som vart ein standardreferanse i etterkrigslitteraturen på området. Ein av grunnane til dette var at avhandlinga tok i bruk nyutvikla metodar for analysar av mobilitetstabellar for å skilje mellom det som seinare vart omgrepsfesta som strukturell og relativ mobilitet.

Men Natalie Rogoff Ramsøy var ikkje berre ein pioner på det metodiske feltet. Ho stod også i spissen for eit nybrottsprosjekt med omsyn til innsamling av data om sosial mobilitet – ei stor norsk yrkeshistorieundersøking av 3472 menn fødd i 1921, 1931 og 1941. Dette var eit eineståande internasjonalt arbeid som ligg til grunn for dei analysane som vert presentert i boka Sosial mobilitet i Norge i 1977.

Som Trond Petersen seier i minneskriftet til Ramsøy frå 2003, er det vanskeleg å overvurdere kor mykje tid arbeidet med innsamling og tilrettelegging for analyse av desse data må ha kravd. Ifølge han er det utruleg nok heller ikkje mogeleg å peike på ein einaste veikskap i designet av undersøkinga, trass i at ein nærast er ”garantert suksess” for å gjere grove feil i datainnsamlinga i denne typen undersøkingar. Designet har då også lagt malen for ei rekke seinare tilsvarande undersøkingar nasjonalt og internasjonalt.

 

Det er vanskeleg å overvurdere kor mykje tid arbeidet med innsamling og tilrettelegging for analyse av desse data må ha kravd.

Olav Korsnes om Natalie Rogoff Ramsøts nybrottsprosjekt om sosial mobilitet

 

Kva fortel så analysane av data frå yrkeshistorieundersøkinga oss om utviklingstrekk i det norske samfunnet?

Eit hovudfunn er at trass i høg og aukande sosial mobilitet i etterkrigstida (1951-71) har ulikskapen i livssjansar ”holdt seg konstant”. Og Noreg skil seg ikkje ut frå andre industrialiserte land m.o.t. sosial mobilitet. Førestellingar om Noreg som eit ”annaleisland”, slik det vert oppfatta av utanlandske akademiske turistar – stundom villeia av heimesnekra narrativ om det egalitære kongedømet langt mot nord, held altså ikkje stikk på dette området. Ramsøy startar og avsluttar då også boka med referanse til ei slik turistskildring av engelskmannen Graham Wallas (1914): ”De store strukturendringer har brakt mange til nye og større bosteder og nye og større arbeidssteder. Folk er underveis blitt bedre utdannet og har fått en høyere levestandard».

Så mye av den fremtiden som Graham Wallas profeterte er gått i oppfyllelse. Men sitatet fra hans verk, som står på denne bokens første side, uttrykker også det håp at disse endringer, for Norges vedkommende, kunne finne sted uten at befolkningen skulle ”stykkes opp i umenneskelige arbeidsgivere eller byråkrater og tilsvarende umenneskeliggjorte håndlangere”, slik han mente å ha sett i de land som var gått denne veien i hans tid. Hvor langt Norge har svart til disse håpefulle forventinger, er stadig et åpent og aktuelt spørsmål.” Og seinare forsking om sosial mobilitet i Noreg, som står i stor gjeld til dette pionerarbeidet av Natalie Rogoff Ramsøy, gir framleis grunn til å halde dette spørsmålet opent og aktuelt.