«’Avvisning av storsamfunnet’ som økonomisk tilpasningsform»

Hva en strømløs, læstadiansk grend liv kan si om det norske storsamfunn.

Ottar Brox - kanon - sosiologen.no

Ottar Brox

Ottar Brox er født i 1932 på Senja. Han ble utdannet sivilagronom i 1957, og var stipendiat ved Norges landbrukshøgskole og amanuensis i sosialantropologi i Bergen. Senere ble handr. scient. i bygdesosiologi i 1970.

Brox var professor i sosiologi i Tromsø 1972-84, avbrutt av fire år somstortingsrepresentant (SV, Troms) 1973-77. Han var leder av prosjektet Alternativ Framtid, og forskningsleder og seniorforsker ved NIBR.

TEKST: Andreas Hompland
BILDE: Per Anders Todal

Ottar Brox kunne ha vore kanonisert i norsk sosiologi både som prosjekt og person. Han er ein slags sjølkonstruert og sjølvald sosiolog. Som ung mann med utkantbakgrunn frå Senja i etterkrigstida, hadde han ein krokete veg til den akademiske sosiologien. Av faglig bakgrunn er han landbrukskandidat frå Ås, og mye av sitt samfunnsfaglige verktøy har han frå sosialantropologien. I Tromsø var han professor ved verdas einaste institutt for samfunnsvitenskap. Det var interessa for nordnorske lokalsamfunn som skulle vera styrande, ikkje faglige spesialitetar.

Ottar Brox er for mye av ein generalist til å la seg binda av grenser innan og mellom samfunnsfaga. Han er faglig åpen og har sveipa over mange emne. Han har halde fast på noen anvendelige modellar og grunnbegrep, men også lagt til nye som han bruker med stor innsikt og begeistring – som då han til eit foredrag på eit sosiologisk vinterseminar så nylig hadde tileigna seg begrepsparet ideografisk og nomotetisk at han måtte skriva dei opp på tavla for å minnast dei. Men han hadde ingen problem med å fylla begrepa med faglig tyngde og erfaringskunnskap.

Ottar Brox har i 50 år late sine forskingsinteresser styra av muligheter for samfunnsmessig handling og endring. I så måte er det typisk at læreboka hans heiter «Praktisk samfunnsvitenskap». Han er teoretisk og metodisk eklektikar som låner litt her og litt der etter analytisk behov og gjer det til sitt – litt marxisme, litt strukturalisme, litt symbolisme, litt agrarøkonomi og mye politologi om den symbolske sida av politikken. Når han oppgir viktige teoretiske referansar, er det namn som Barth, Chayanov, Robert Paine og Gregory Bateson som går att.

 

Ottar Brox kunne ha vore kanonisert i norsk sosiologi både som prosjekt og person.

Andreas Hompland

 

Ottar Brox har ambisjon om å vera folkeopplysar. Han er ein markert og ihuga talar og debattant over eit breitt felt. Mens det er stadig vanligare for samfunnsforskarar å halda seg til sitt revir, har han brukt sitt faglige arbeid i den allmenne samfunnsdebatten. Han har engasjert seg politisk for å skapa offentlig interesse for det han har funne ut gjennom forsking, men også brukt sine erfaringar som politikar og debattant som inspirasjon til nye forskingstema. Han var aktiv i EF-kampen og Sosialistisk Folkeparti, men då han i 1972 samla sine debattartiklar om politikk i bokform, kalla han det «Bidrag til en populistisk argumentasjon».

Ottar Brox sin prefererte skriftlige sjanger er den faglig baserte debattboka, og der har det kome ei lang rekke: om landbrukspolitikk, diskrikspolitikk, fiskeripolitikk, planlegging, innvandring, velferdsstaten, klima. Den mest omdiskuterte er Hva skjer i Nord-Norge (1966) med oppfølgaren Nord-Norge: Fra allmenning til koloni i 1984. Då han skreiv om sosialdemokratiet under høgrebølga i 1988, ga han boka tittelen Ta vare på Norge

Ottar Brox var i ein kort periode leiar av prosjektet «Alternativ framtid», men han har alltid reservert seg mot framtidsforsking, scenarisme og utopisme. Boka hans om ikkje-utopisk planlegging for det neste århundret, som kom ut på forlaget Exil i 1995, kalla han typisk nok Dit vi ikke vil. Hans metode er å skissera uønska konsekvensar dersom utviklinga held fram sin skeive gang, og så koma med forslag til praktiske handlingsalternativ som fører i ei anna lei.

 

Den kanoniserte artikkelen er utan tabellar, fotnotar og referansar, men med ein handteikna modell.

Andreas Hompland

 

Av alt Ottar Brox har skrive, kunne mye vore kanonisert ut frå kvalitet, originalitet, resepsjon og nedslag i norsk samfunnsdebatt. Vi har valt den første artikkelen hans i eit samfunnsfaglig tidsskrift (TfS 4/1964) – ikkje fordi han ikkje har skrive meir og betre seinare, men fordi mye av det han har gjort seinare, ligg i embryo i denne vesle og originale artikkelen. Den er eit slags interesseportrett av mannen og eit forord til livsverket. Den begynner slik: «Denne artikkelen er et forsøk på å konstruere en enkel modell som kan anvendes til analyse av data fra isolerte småsamfunn. Jeg mener også at modellen kan være nyttig ved utredning av slike praktiske problemer som fraflytting/utbygging».

Med observasjonsdata og tjukke beskrivelsar av ørvesle Hamarnes, ei isolert, veglaus, straumlaus og læstadiansk grend i ein nordnorsk fjord, utviklar han ein generell modell om vilkåra for vedlikehald eller grunnleggande endring i marginale småsamfunn. Poenget er at det som ser ut som ei tilbakeliggande og engstelig avvising av storsamfunnets verdiar og levemåtar, er eit rasjonelt forsvar for ei livsform i likevekt under dei sosio-kulturelle, økonomiske og økologiske vilkår på staden der dei har nok av arbeidslyst og arbeidskraft. Men det ville ikkje ha vore Ottar Brox om han ikkje også hadde avslutta med «noen praktisk anvendbare konklusjoner av denne undersøkelsen» – i dette tilfellet forslag til oppbygging av eit omsettingsapparat for souvenirar og andre handlaga småsaker i tre, etter mønster av landbrukssamvirket.

Ottar Brox sin mest særprega innsats er den vedvarande ambisjonen om å sameina faglig og samfunnsmessig engasjement. Han har kombinert og veksla mellom rollene som deltakar og tilskodar, analytikar, polemikar og aktør, og han har overført innsikt og anvendelig kunnskap mellom felta. Som akademisk forskar er han nytenkande og original, og som praktisk samfunnsvitar har han eit mangesidig tilfang av kunnskap og erfaring. Som politikar har han sett nye tema på dagsorden og peika på praktiske løysingar. Som frittståande offentlig debattant har han gått til felts mot ufornuft i konvensjonell visdom og demonstrert alternative forståelsesmåtar. Hans sosiologiske fantasi og samfunnsengasjement er basert på at han er faglig nyfiken og at han trekker både på sitt bygdeopphav, sitt urbane liv og breidda av sine akademiske, sosiale og politiske erfaringar.

 

Hans sosiologiske fantasi og samfunnsengasjement er basert på at han er faglig nyfiken og at han trekker både på sitt bygdeopphav, sitt urbane liv og breidda av sine akademiske, sosiale og politiske erfaringar.

Andreas Hompland

 

Den kanoniserte artikkelen er utan tabellar, fotnotar og referansar, men med ein handteikna modell. Det heiter der om eit av handlingsalternativa for fiskarbøndene som levde i tilnærma naturalhushald: «Dette ville ikke ha ført til noen pengeinntekt på «jordsida», men en kunne jo tenke seg at om en kunne øke naturalietilgangen for husholdet, ville en kunne spare inn på innkjøpet av varer fra butikken.»

Dette hypotetiske utsagnet i kondisjonalisform var typisk for den søkande Brox. Seinare har han ofte framstått som meir sikker og absolutt – både i fag og polemikk, men ikkje verre enn at NIBR i 2003 ga seminaret og festskiftet om 70-åringens rolle i norsk samfunnsforsking og samfunnsdebatt den vakre tittelen Den sikre tvilen. Det må betraktast som eit kvalitetsstempel på ein mangslungen sosiolog som har vore ei kjelde til inspirasjon og skismogenetisk motmæle både faglig, politisk og sosialt – med eller utan sommarhatt.