«Arbeiderkollektivet»

Sverre Lysgaards studie av en industribedrift i Moss på 19650-tallet er stadig på norske pensumlister.

Arbeiderkollektivet

Sverre Lysgaard

Sverre Lysgaard (1923 – 1994) studerte sosiologi og psykologi ved Purdue University i Indiana, USA 1948–52.

Han var professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo frå 1965, og er særlig kjent for bidrag i arbeids- og organisasjonssosiologi.

 

TEKST: Olav Korsnes

Som påpeika i føreordet i festskriftet til Lysgaard frå 1983, er Arbeiderkollektivet (1961) ”ikke den typen ”klassiker” som mange viser til, men få har lest” og det vert halde fram som eit sjeldsyn at ein sosiologisk monografi kunne vere hovudverk på sitt område meir enn 20 år etter utgjevnaden. Visseleg gjaldt det for Noreg og Norden, og hadde boka blitt skrive på engelsk hadde ho kanskje kunne blitt ein internasjonal standardreferanse, sjølv om korkje temaet eller det grunnleggande sosiologiske teoritilfanget var spesielt nytt eller ukjent i amerikansk sosiologi.

At boka framleis vert lesen av mange studentar, og framleis må reknast som eit hovudverk i norsk og nordisk sosiologi generelt, og arbeids- og organisasjonssosiolog spesielt, 27 år etter festskriftet, gjer det ikkje mindre sjeldsynt.

Hadde boka blitt skrive på engelsk hadde ho kanskje kunne blitt ein internasjonal standardreferanse.

Olav Korsnes om "Arbeiderkollektivet"

At studentar framleis les boka, eller i det minste delar av ho, skuldast sjølvsagt at boka framleis er å finne på sosiologipensa rundt om på universiteta våre, og det er mange gode grunnar til at ho er der. Kanskje den viktigaste grunnen er at den er eit så glimrande døme på korleis teoretisk og empirisk sosiologisk handverk kan utøvast og sameinast, at den er god å ty til når ein vil få studentar til å forstå kva ”sociological imagination” dreier seg om, ikkje berre i teorien, men i praksis. For ganske visst imponerar boka med si suverene turnering av avansert sosiologisk teori og kvalitativ forskingsmetode, men den maktar samstundes å knyte saman analysar av kvardagserfaringar mange kan kjenna seg att i, med analysar av den større samfunnsmessige samanhengen som det tilgrunnleggande studiet av ei industribedrift i Moss på 1950-talet inngår i.

Boka avspeglar forfattarens utdanningsbakgrunn: maskiningeniør frå NTH før studiar i sosiologi og psykologi i USA som munna ut i ein doktorgrad ved Purdue-universitetet i 1952, og er eit hovudbidrag til ei tidstypisk kopling mellom industrisosiologi og arbeidspsykologi som i Noreg også kom til å prege dei arbeidslivsorienterte forskingsmiljøa utanfor universitetet. For kjernen i teorien om arbeiderkollektivet er at det under visse føresetnader oppstår for å ivareta dei tilsette sine behov for tryggleik, tilhøyring og kjensle av å strekke til, stilt andsynes eit teknisk-økonomisk system som synest å vere umetteleg, ubønhøyrleg og einsidig i sine krav. Det betyr ikkje at teorien er avgrensa til industriarbeidarar – det er ein teori om danning av kollektiv mellom underordna generelt. Sjølv om Lysgaard openbert var inspirert av fleire amerikanske sosiologar og organisasjonsteoretikarar som hadde studert fenomenet, utmerka boka seg såleis med  sine høge teoretiske ambisjonar, og skulle vise seg å verte ståande som hans store livsverk.

Boka avspeglar forfattarens utdanningsbakgrunn: maskiningeniør frå NTH før studiar i sosiologi og psykologi i USA som munna ut i ein doktorgrad ved Purdue-universitetet i 1952.

Olav Korsnes

At boka framleis er eit hovudverk i norsk arbeids- og organisasjonssosiologi, bør på si side vere ei utfordring til dagens sosiologiske praktikarar: kva er høvande teori, forskingsmetode og case med tanke på å gripe dei grunnleggande dilemma dagens arbeidstakarar i Noreg kjenner på kroppen i sitt tilhøve til sin arbeidsplass og sine kollegaer, og korleis kan analysar på dette nivået knytast til teoriar om og analysar av overgripande samfunnstransformerande prosessar.