«Akademikere i norsk samfunnsstruktur»

Den aller første artikkelen i Norsk Tidsskrift for samfunnsforskning imponerer mer med ambisjoner enn teoretisk briljans.

Sosiologi

Tidsskrift for samfunnsforskning

Tidsskrift for samfunnsforskning ble grunnlagt av Institutt for samfunnsforskning i 1960, etter initiativ fra Vilhelm Aubert.

Artikkelen ”Akademikere i norsk samfunnsstruktur” stod på trykk i den aller første utgaven av tidsskriftet. Den er skrevet av Vilhelm Aubert, Tore Lindbekk,Ulf Torgersen og Sonja Pollan.

TEKST: Olav Korsnes

Det som imponerer ved denne teksten, er ikkje språkleg og teoretisk briljans. Men bakom den nøkterne språkføringa og forsiktige utprøvinga av materialet som vert presentert, ligg ein stor ambisjon og ein stor kollektiv innsats med omsyn til innsamling og systematisering av det empiriske materialet. For sjølv om det ikkje vert direkte sagt, så er ambisjonen ikkje mindre enn å gi eit sosiologisk fundert utsyn over kva for samfunn det norske samfunnet var, og kva for samfunn det har blitt. Det er ikkje smålåtent på vegne av ein disiplin som knapt nok har funne akademisk fotfeste når prosjektet vert starta opp og artikkelen vert publisert.

Artikkelen, som var ein av fleire frå same prosjekt publisert i det nystarta Tidsskrift for samfunnsforskning, representerte også eit pionerarbeid innan norsk profesjonssosiologi, sosial mobilitetsforsking, og eliteforsking. For øvrig var første forfattar sentral i tidsskriftet sin redaksjon, og ein av medforfattarane – Karl Tangen – var redaksjonssekretær. Neppe tillitsvekkande ut frå dagens peer review krav, men talande for den etableringsfasen norsk samfunnsforsking generelt og norsk sosiologi spesielt var inne i.

Artikkelen, som var ein av fleire frå same prosjekt publisert i det nystarta Tidsskrift for samfunnsforskning, representerte også eit pionerarbeid innan norsk profesjonssosiologi, sosial mobilitetsforsking, og eliteforsking.

Olav Korsnes om artikkelen

På grunnlag av analysar av eit omfattande materiale om utviklinga i talet på akademikarar og om yrket til fedrane deira, frå tidleg 1800-tal til midten av 1900-talet, kommenterar og korrigerar forfattarane fleire førestillingar om kva som har prega utviklinga av det norske samfunnet generelt, og stands- og klasseutviklinga spesielt i denne tidsperioden, samanlikna m.a. med Sverige. Mellom anna tyder den sterke rekrutteringa til akademikaryrka frå forretningsstanden, og ekteskapsbanda mellom dei to gruppene på at det har vore grunnlag for ein sterk sosial einskap på tvers av kløfta mellom ”åndselite” og kjøpmenn i Noreg – ikkje berre i det 19., men langt inn i det 20. hundreåret. At akademikarane frå bondesamfunnet, og endåtil preliminaristane hadde hang til å gifte seg inn i dette blanda høgare akademikar- og forretningsmiljøet i byane, kan også tolkast som ein særeigen egalitær tendens.

På den andre sida har det gått sakte med demokratiseringa av universitetsutdanninga i Noreg, og den sosiale bakgrunnen til dei nye studentane som vert rekruttert til juristar, legar og prestar på 1950-talet kan ifølgje forfattarane tyde på at demokratiseringa har nådd ein ”meget lav topp”. Studentstatistikken frå 1958 og 1959 viser at ein må attende til 1800-talet for å finne tilsvarande snever rekruttering av studentar i juss, medisin og teologi.

Ikkje så underleg då at ein kan finne kimen til dei seinare maktutgreiingane i dette arbeidet – og kanskje synd at dei ikkje meir systematisk har forfølgt dette pionerarbeidet sitt langsiktige historisk-komparative perspektiv på utviklinga av det norske samfunnet.

Olav Korsnes

Og det er ikkje fyste gong at ”utviklinga” har gått denne vegen – på midten av 1800-talet skjedde det same Det kan også synest som det har blitt etablert eit internt skilje mellom jus, teologi og medisin og dei andre høgare utdanningane, når det gjeld grad av eigenrekruttering. Filologane og realistane, som fyller stillingane i skuleverket, har ein meir ’folkeleg’ bakgrunn enn dei som fyller stillingane i embetsverket, og dette kan bidra til å forsterke kulturelle skiljeliner mellom skuleverk og embetsverk. Arbeidarrørsla må såleis også i framtida belaga seg på å styre landet ”gjennom et embetsverk som på mange punkter vil ha noe avvikande oppfatningar.”

Ikkje så underleg då at ein kan finne kimen til dei seinare maktutgreiingane i dette arbeidet – og kanskje synd at dei ikkje meir systematisk har forfølgt dette pionerarbeidet sitt langsiktige historisk-komparative perspektiv på utviklinga av det norske samfunnet.