Tillitskultur under press?

Tilliten mellom menneske i Skandinavia er svært høg. Men innvandringa set tillitskulturen på ei historisk sterk prøve.

Internasjonale undersøkingar syner at andelen som er einig i at «dei fleste er til å stole på», er høgare i Skandinavia enn nokon annan stad i verda. Utsegna måler generalisert tillit – det vil seie tillit til folk flest, snarare enn til spesifikke individ. Den generaliserte tilliten gjer mykje godt – mellom anna lettar han samarbeid mellom folk som ikkje kjenner kvarandre personleg. Tillit er med andre ord ein viktig ressurs for å få komplekse samarbeidsrelasjonar i stor skala til å fungere, som til dømes ein velferdsstat.

Dumsnille nordmenn

Ikkje alle synest eit høgt tillitsnivå er like positivt. Då tala frå European Social Survey (ESS) synte at nordmenn skåra høgt på tillit, skreiv til dømes Aftenposten at vi er Europas «mest naive». [1] Illustrasjonen var ein idiotisk flirande mann med nisselue.

Sjølvsagt er det situasjonar der det er idiotisk å vere tillitsfull. Tillitsfulle personar hamnar nok oftare i situasjonar der dei blir lurt, enn kva kynikarar gjer. Men generalisert tillit er ikkje det same som å kaste alle forholdsreglar over bord eller å stole blindt på framande. I ESS blir spørsmålet stilt på ein skala med utsegnene «stole på dei fleste» og «kan ikkje vere forsiktig nok» i kvar sin ende. Då er det svært få i dei skandinaviske landa som plasserer seg på den vilkårslaust tillitsfulle enden av skalaen. I Noreg gjeld det berre 2,6 prosent, medan heile 73 prosent plasserer seg nærmast det tillitsfulle alternativet. [2]

thefool_II_MNGTNØYA

The fool: Media portretterer tillitsfulle nordmenn som
dumsnille og naive.

Om innlegget:

I tiden frem mot Sosiologforeningens vinterseminar 2017 vil vi publisere ulike tekster om migrasjon. Dag Wollebæks tekst er den fjerde i rekken, etter Simmels essay Ekskurs om den fremmede, Hedda Haakestads intervju av Roger Bjørnstad, og Are Skeie Hermansens innlegg om etterkommere av innvandrere.

MIGRASJON OG INTEGRASJON: Dette innlegget inngår i en serie om migrasjon i anledning Vinterseminaret 2017 (illustrasjon: Pia B. Evensen).

Vedundereliksir

Sjølv om overdriven tillit kan innebere naivitet, ser faglitteraturen generelt tillit som eit gode. Interessa for fenomenet har auka dei seinare åra, særleg etter boka Bowling Alone (2000) av Robert D. Putnam. Putnam hevda at tillit var ein del av den sosiale kapitalen – ressursen som gjer at menneske er i stand til å samarbeide effektivt utan ytre tvang. Vidare har Putnam peika på to andre fenomen som har skapt merksemd. For det første byrja han å snakke om tillit og sosial kapital som eigenskapar ved heile samfunn og nasjonar. For det andre synte han at tilliten var sårbar; det hadde blitt langt mindre av han i USA i etterkrigstida.

Putnams arbeid har inspirert mange studiar av tillit og kva det tyder for eit samfunn. Økonomar har knytt det til vekst og utvikling. [3] Tillit gir meir effektivt samarbeid og lægre transaksjonskostnader, mindre ressursar brukt til kontrollmekanismar og formalisering. Sosialmedisinarar har vist at tillitsfulle har lægre nivå av stresshormonet kortisol når dei blir sett under press. [4] Det finst også ei rekkje studiar som knyter tillit til livskvalitet og godt styresett.

Tillit er med andre ord ein viktig ressurs for å få komplekse samarbeidsrelasjonar i stor skala til å fungere

Tillit blir dermed ein vedundereliksir – ei universalløysing på det meste som er vondt og vanskeleg i samfunnet. For politikarar er sjølvsagt tilgangen på ein eliksir som skapar vekst og lukke – og til overmål er fullstendig gratis å produsere – ein uimotståeleg idé. I den offentlege debatten kappast difor ulike politiske retningar om å knyte tilliten til eigne ideologiske prosjekt. Samstundes kappast dei om å meine at meiningane hjå meiningsmotstandarane er det som trugar tilliten og tillitsamfunnet.

Putnams andre viktige bidrag var å syne at tillitsnivåa i eit samfunn kan endre seg over tid. I USA fall dei dramatisk dei første tiåra etter 1960. Generelt er generalisert tillit ein seig struktur som endrar seg langsamt, men det at dette skjedde så fort i USA, syner at ein ikkje kan ta ein tillitskultur for gitt. Forklaringane Putnam gav, var derimot lite treffande og la for mykje vekt på individet: Folk ser meir TV, pendlar, går mindre på piknik saman og deltek mindre i foreiningsliv. Ingen av desse teoriane har fått særleg empirisk støtte.

Tillitens fire pilarar

Hovudtrenden i den empiriske forskinga på tillit går no bort frå slike individforklaringar og går i staden i retning av strukturelle forklaringar. Mi lesing av den noverande litteraturen er at han peikar i retning av at høgtillitssamfunn baserer seg på fire pilarar. Ein er dei historiske faktorane. Ein annan er eksistensen av ein rettsstat og eit politisk system med høg legitimitet. Ein tredje er eit sterkt sivilsamfunn. Den fjerde er ei kjensle av felles skjebne i befolkninga.

I ein lengre utgåve av denne teksten trykt i Syn og Segn i oktober 2016, har eg skrive meir utførleg om dei tre første pilarane. Her vil eg nøye meg med å peike på det nære sambandet mellom dei; at i sum har gunstige historiske faktorar som kulturell likskap, tidleg etablering av eit upersonleg rettssystem (tinga) og den lutherske reformasjonen styrkt vilkåra for dei andre pilarane for tillit – rettsstaten, eit sterkt sivilsamfunn og ei kjensle av felles skjebne.

Tillitsfulle personar hamnar nok oftare i situasjonar der dei blir lurt, enn kva kynikarar elles gjer

I det som føljer vil eg konsentrere meg om den fjerde pilaren for tillit; eit opplevd skjebnefellesskap i befolkninga, som er den enkeltfaktoren som sterkast knytt tillit til spørsmålet om innvandring og etnisk mangfald.

Skjebnefellesskap

Formuleringa opplevd skjebnefellesskap («sense of shared fate») låner eg frå Uslaner og Rothstein. [5] Omgrepet reflekterer at det er snakk om noko djupare enn berre likskap eller ulikskap. Det handlar om i kva grad menneske i eit samfunn føler at dei har samanfallande grunnleggjande interesser – om ein opplever at ein sit i same båt.

I djupt sosialt lagdelte samfunn med låg sosial mobilitet lever privilegerte og underprivilegerte skilde liv – i ulike nabolag, på ulike skular, med ulike sosiale nettverk. Dei rike fryktar dei fattige, medan dei fattige ser på dei rike med misunning og mistru, med ei oppfatning om at dei rike blei rike av di reglane er urettvise. I ein slik situasjon er det grunnleggjande skjebnefellesskapet fråverande, og eit høgt tillitsnivå i befolkninga er umogleg. Førebels er vi langt unna ein slik situasjon i Noreg. Det er likevel grunn til å vere merksam på problematikken, ikkje minst i ein periode med aukande arbeidsløyse.

Tillit og etnisk mangfald

Ei meir akutt utfordring for skjebnefellesskapet i Noreg er knytt til innvandring. Etter ein periode med motstridande empiriske resultat syner no faglitteraturen klarare mønster kring sambandet mellom tillit og etnisk mangfald. Van der Meer og Tolsma såg på 90 studiar av sambandet mellom mangfald og samanhengskraft (cohesion). Dei fann at studiane som brukte geografisk avgrensa mål, i dei fleste tilfella synte negative samband. [6]Dei som såg på generalisert tillit, var mindre eintydige. [7] Blant studiane var ein artikkel eg skreiv med Susanne Wallman Lundåsen der vi nytta data frå 33 svenske kommunar. [8] Også vi fann eit sterkt samband mellom etnisk mangfald og tillit i lokalsamfunnet, men ingen effekt på generalisert tillit. Ei fersk undersøking basert på norske data av Fladmoe og Steen-Johnsen finn det same mønsteret i Noreg. [9]

I Skandinavia steig det generelle tillitsnivået dei første tre tiåra etter 1980, samstundes som innvandringa auka. [10] I den siste runden av World Values Survey, som berre er gjennomført i Sverige av dei skandinaviske landa, er det derimot ein tilbakegang. Svekkinga er sterkare med omsyn til tillit mellom naboar enn han er for den generaliserte tilliten. [11]

I dag kan vi nok snakke om ei tillitskrise i tilhøvet mellom majoritetsbefolkninga i vestlege land og særleg den muslimske minoriteten

At innvandring slår svakare og seinare inn på den generaliserte tilliten enn på mål på tillit i lokalmiljøet, kan komme av to ting: For det første er det mogleg at majoritetsbefolkninga ikkje tenkjer på innvandrarar når dei svarar på spørsmål om haldningar til «folk flest». Dei tenkjer snarare på folk som liknar dei sjølve. Når ein konkretiserer spørsmålet til å handle om dei ein faktisk bur i nærleiken av, får ein eit meir presist mål. For det andre blir generalisert tillit rekna som ei grunnleggjande verdiorientering som blir forma i oppveksten og endrar seg lite gjennom livsløpet. Dette kan innebere at det tek tid før effekten av innvandring blir synleg på befolkningsnivå. Det ein måler, er i realiteten effekten av samfunnet slik det var då respondentane vaks opp.

Etter ein periode med motstridande empiriske resultat syner no faglitteraturen klarare mønster kring sambandet mellom tillit og etnisk mangfald

Gode data på tillit i lokalsamfunn har først blitt tilgjengelege dei seinare åra, samstundes som innvandringa har auka kraftig i omfang. Dette har gjort at mykje forsking, mi eiga inkludert, kan ha undervurdert kor grunnleggjande migrasjon vil påverke tilliten i Skandinavia.

Tillitskrise

I dag kan vi nok snakke om ei tillitskrise i tilhøvet mellom majoritetsbefolkninga i vestlege land og særleg den muslimske minoriteten. Dette skjer i kjølvatnet av migrasjonsbølgja i 2015, fleire store terroråtak gjennomført av IS-sympatisørar og rapportar om seksuelle overgrep utført av personar med bakgrunn i land frå den islamske kulturkretsen (mellom anna i Köln). I fleire europeiske land aukar no andelen som har eit negativt syn på muslimar. [12] Om lag halve den norske befolkninga seier dei er skeptiske til muslimar, og seks av ti er negative til å få eit muslimsk svigerbarn. [13] Dette er langt fleire enn dei som uttrykkjer skepsis til andre religionar.

Blant mekanismane van der Meer og Tolsma peikar på som kan gjere at innvandring svekker tillit, er homophily – at like barn leikar best – og oppleving av at andre grupper er trugande. Når migrasjonen frå muslimske land no har auka kraftig, samstundes som hendingar har påverka synet på muslimar negativt, blir den skandinaviske høgtillitskulturen sett under press langs båe desse dimensjonane. Vi blir meir ulike, og ulikskapen blir opplevd som meir trugande enn før. I tillegg aukar tilstrøyming av flyktningar den sosiale ulikskapen – på kort sikt utan tvil, men òg på lengre sikt, dersom sysselsetjingsgraden held fram med å vere lægre blant innvandrarane enn i majoritetsbefolkninga.

To forhold avgjer i kva grad tillitskulturen vil klare utfordringa: om omfanget av den framtidige innvandringa er på eit handterbart nivå, og i kva grad ein lukkast med integreringa. Tendensar til parallellsamfunn, der minoritetar bur i separate område, går på separate skular, tek del i separate sivilsamfunn, og der grupper av innvandrarar har mykje lægre sysselsetjingsgrad enn majoriteten, må i alle fall motverkast om tillitssamfunnet skal kunne bestå.

To forhold avgjer i kva grad tillitskulturen vil klare utfordringa: om omfanget av den framtidige innvandringa er på eit handterbart nivå, og i kva grad ein lukkast med integreringa

Mykje på spel

Førestillinga om at Vi gillar olika, som ein velmeinande svensk kampanje frå nokre år tilbake hevda, er truleg overoptimistisk. Som Uslaner argumenterer for, er det betre å sikte mot kulturell assimilering enn ein ideologisk motivert multikulturalisme – om ein skal utforme ein politikk utelukkande for å bevare høg tillit. [14] Det er betydelege kulturelle avstandar mellom einskilde straumdrag innanfor islam og majoriteten på område som er nær knytt til tillit, som likestilling, fridom frå sterk sosial kontroll og individualisme. Om Noreg framleis skal vere eit høgtillitssamfunn, må desse sentrale verdiane formidlast og forsvarast.

Spørsmålet er kor retningsgivande tillit skal vere for politikken. Internasjonale forpliktingar og omsynet til internasjonal solidaritet set grenser for det politiske handlingsrommet i innvandringspolitikken, og det finst ingen enkle løysingar for vellukka integrasjon. Vi skal òg hugse på at Noreg har fordeler knytt til dei andre pilarane for tillit: gunstige historiske føresetnader, eit sterkt sivilsamfunn, vel fungerande offentlege institusjonar med høg legitimitet og relativt små sosiale skilnadar. I tillegg har vi ei høgt utdanna befolkning, ein faktor som òg bidreg til eit høgt tillitsnivå.

Sentrale delar av samfunnet vårt – frå turisthytter til velferdsstaten og eit uvæpna politi – er innretta på ein bestemt måte fordi tillitsnivået er høgt. Det har sine fordeler, både som individ og som samfunn, at vi er «Europas mest naive». Det står difor ein del på spel.

Referanser

[1] www.aftenposten.no/norge/Nordmenn-er–Europas-mest-naive-243409b.html

[2] Data frå European Social Survey 2014, n=1435. Skalaen går frå 0 til 10. Dataa finst på http://nesstar.ess.nsd.uib.no/webview/. I Sverige vel 2,2 prosent det ekstreme tillitsalternativet, medan 66 prosent plasserer seg på tillitsfull side. I Danmark er dei tilsvarande tala 4,2 og 76 prosent.

[3] Eit nyleg døme er Algan, Yann, og Pierre Cahuc (2013). Trust and Growth. Annual Review of Economics, vol. 5, s. 521–549.

[4] Takahashi, Taiki, Ikeda, Koki, Ishikawa, Miho, Kitamura, Nozomi, Tsukasaki, Takafumi, Nakama, Daisuke, Kameda, Tatsuya (2005). Interpersonal trust and social stress-induced cortisol elevation. Neuroreport, vol. 16, issue 2, s. 197–199.

[5] Rothstein, Bo, og Eric Uslaner (2005). All for All: Equality, Corruption, and Social Trust. World Politics, Vol. 58, Issue 1, s. 41–72.

[6] Van der Meer, Tom, og Jochem Tolsma (2014). Ethnic Diversity and its Effects on Social Cohesion. Annual Review of Sociology, vol. 40, s. 459–478.

[7] Ein dansk studie finn eit samband også med generalisert tillit ved å bruke svært presise data på etnisk samansetnad i nærmiljøet: Dinesen, Peter T., og Kim M. Sønderskov (2015). Ethnic Diversity and Social Trust: Evidence from the MicroContext. American Sociological Review, 80(3), s. 550–573.

[8] Wollebæk, Dag, og Susanne Wallman Lundåsen (2013). Diversity and Community Trust in Swedish Local Communities. Journal of Elections, Public Opinion and Parties, 23(3), s. 299–321.

[9] Fladmoe, Audun, og Kari Steen-Johnsen (2016). Ethnic diversity and different dimensions of social capital in a Nordic context. Paper presentert på den norske statsvitarkonferansen, Kristiansand, 6.–8. januar.

[10] Wollebæk, Dag, og Signe B. Segaard (red.) (2011). Sosial kapital i Norge. Oslo: Cappelen Damm.

[11] Lindberg, Staffan, og Richard Svensson (2011). Tabellrapport. World Values Survey. Sverige 2011. Göteborgs universitet, Statsvetenskapliga institutionen. I European Social Survey, som nyttar ein tipunkts skala til å måle generalisert tillit, er tillitsnivåa noko lægre i 2012 og 2014 (6.1) enn i perioden 2006–2010 (6.3), men på same nivå som perioden 2002–2004 (6.1). Skilnaden mellom 2006–10 og 2012–14 er statistisk signifikant på 95 %-nivået. For Noreg og Danmark sin del er det ikkje mogleg å lese ut nokon trend over tid.

[12] https://www.washingtonpost.com/news/worldviews/wp/2016/07/11/anti-muslim-views-rise-across-europe/

[13] Tal frå IMDIs integreringsbarometer, referert i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/norge/6-av-10-er-negative-til-a-fa-en-muslim-i-familien-39473b.html

[14] Uslaner, Eric (2012). Segregation and Mistrust. Cambridge: Cambridge University Press.